Gamaldagse verdiar og lyttande unge
OSLO: Medan hovudstaden syd av sumar og pinsefri, har nær 10.000 unge betalt 750 kroner kvar for å sitja i mørkeret og høyra eit aldrande psykologektepar lansera ei bok om gamaldagse verdiar.
Psykologane Tammy og Jordan B. Peterson på scenen i Oslo Spektrum.
Alle foto: Oliver Lovrenski
Det er andre pinsedag, og eg er på boklansering, ikkje på Lillehammer, men i Oslo. Kvelden byrjar med at ei kvinne sist i 50-åra går fram på scenen for å seia litt om arrangementet og introdusera forfattaren. Han er aktuell med si tredje utgjeving, sakprosaboka Mer enn bare orden (2021). Dei set seg i kvar sin stol med kvar sin trådlause mikrofon. Folk klappar.
Forfattaren, som fyller 60 år no sundag, verkar innleiingsvis spak og keitete, men det betrar seg. Det gjer ljoden òg, som fyrst har vel mykje klang og ekko. At ein litteraturkveld verkar amatørmessig, er ikkje uvanleg. Effektar og scenografi er fråverande. Mellom forfattar og moderator står eit lite bord, men den nye boka er ikkje å sjå der eller andre stader. At ho kom på scenen eit minutt før han, vert det einaste dramaturgiske grepet for kvelden.
Eit publikumsfrieri er ikkje paret i seg sjølv heller – ekteparet, for å vera presis. Dei har vore gifte sidan 1980-åra. Båe er gråhåra og gråkledde, om ein ser bort frå ei raud strikkejakke og ein brun blazer.
Det luktar traust litteraturkveld lang veg. Av dei ni næraste personane på rada framfor meg er fem kvinner, alle kring 40 år gamle, alle med nordisk utsjånad.
Mangfald
Men når eg snur meg, er det mykje uvant å sjå. Kvinnene er mange, men karane er i klårt fleirtal, uvanleg nok, og dei utgjer eit sjeldan mangfald. Somme går i advokatdress, andre i T-skjorte og shorts. Somme har på seg cowboyhatt, andre sveitteband. Somme liknar kroppsbyggjarar og andre datanerdar. Somme har Den Konservative Studentforening-jakkemerke og andre har innvandrarbakgrunn, fleire enn på litteraturkveldar flest.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.