Teknologi
Gå stilt, gå snøgt
Elkatamaranen med det høvelege namnet «Medstraum» sig mot kai i Hommersåk, der nokre forfrosne sjeler er på veg til dagens dont i Stavanger.
Alle foto: Per Thorvaldsen
Eg gler meg. Ingeniørhjartet held på å bresta. Eg står på kaia, og imot meg kjem 226 bruttotonn med aluminium og batteri. Sjå på Rogaland. Der får dei det til. Undersjøiske milelange vegtunnelar til skjer vest i havet og elsnøggbåtar til øyane attmed Stavanger.
Eg ventar og stig sist om bord. Eg læst som eg ikkje skjønar billettsystemet, og får ein hyggjeleg samtale med billettøren. Sosial ingeniørkunst. Eg spør pent om å få lov til å koma opp i styrehuset. Eg underviser i elektrofag ved Høgskulen på Vestlandet, og det hadde vore gildt å visa studentane noko røyndom sponsa av EU. Kor hadde me vore utan midlar frå dei?
Båten skyt fart mot Usken. Den øya er Stavangers Hvaler. Me susar over vatnet utan lyd og krenging. Det er som å vera i ei anna verd. Og det er eg.
Billettøren kjem mot meg med eit smil. Eg er hjarteleg velkommen i det aller heilagaste. Me stig opp. Her er det ikkje noko ratt, berre nokre spakar og vegg til vegg med skjermar og utsyn til vedunderlege nye Stavanger gjennom glasa over. Eg tek pliktskuldig bilete av alle som ein av skjermane, men det er berre éin av dei eg er interessert i no.
Eg pumpar kapteinen for informasjon.
– Har du rekkjeviddeangst?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.