Teknologi

Fysikarar har formlar for alt

Kva er den gjennomsnittlege sprutlengda? Der papiret krøllar seg, 32 centimeter frå såpedispenseren, har det kome mest vatn. Dette resultatet kan nyttast til å rekna ut utgangsfart og rørsleenergi til spruten.
Kva er den gjennomsnittlege sprutlengda? Der papiret krøllar seg, 32 centimeter frå såpedispenseren, har det kome mest vatn. Dette resultatet kan nyttast til å rekna ut utgangsfart og rørsleenergi til spruten.
Publisert

Det var nærast eit ritual: «Far, du må koma!» Gutungen herja i badekaret, og no ville han at eg skulle vera med. Eg var ikkje vanskeleg å be. Eg treiv av meg kleda og fann ei tom Lano-flaske.

Sprutekrig er kjekt for born i alle aldrar. Han tar ikkje slutt før vatnet er iskaldt, og kona kjem med handkle.

Eg står i dusjen og kosar meg i det varme vatnet. Gjennom dei vassfylte auga ser eg bort på endå ei tom Lano-flaske. Eg tenkjer at det kanskje er på tide å finna ut korleis ho verkar. Kor mange sprut kan ho gje, kor mykje såpe er det i kvar sprut, kor langt kan ho spruta, og kor store krefter må eg bruka? Det er berre å rydda bordet og byrja med litt forsking på respatexen.

Eg set i gang med det enkle. Eg fyller 300 ml vatn på flaska. Etter 110 pump er ikkje strålen lenger jamn. Flaska fortel meg at ho er i ferd med å verta tom. Det er då 25 ml igjen på flaska. Altså er éin sprut 2,5 ml, og sidan det er snakk om vatn, er massen til spruten m=2,5 gram.

Så er det sprutlengde. Eg legg gråpapir på bordet og trykker hardt og jamt. Det vert litt variasjonar, men gjennomsnittet ligg på 32 cm. Er det mogleg å finna ut farten på spruten i det han kjem ut av flaska? Høgda på flaska er 14 centimeter og i vertikal retning har spruten ingen fart til å byrja med. Me kan bruka formlar frå læreboka mi, Har du draget?, til å finna tida til spruten landar på respatexen. Tida er om lag t=0,17 sekund. I horisontal retning kan me anta jamn fart og finna farten til spruten tilnærma v=1,9 m/s.

Når eg kjenner farten og massen til spruten, kan eg rekna ut rørsleenergien til han. Rørsleenergien er Er=0,0045 joule. Arbeidet eg gjer ved å trykka ned pumpa på dispenseren, vert nytta til å få væske ut av dispenseren og trykka saman fjøra. Når eg tek vekk tommelen, utvidar fjøra seg og fyller behaldaren med neste sprut.

Allereie abonnent?
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.
Lydavis
Nettartiklar
Digital utgåve
Arkiv
Spel