Kunnskap

Furunkulose

Slik ser ein laks med byllepest (furunkulose) ut. I muskelvevet kan det vere store, blodfylte byllar, og i mikroskopet kan du finne bakterien i nær sagt alle vev og organ i heile fisken.
Slik ser ein laks med byllepest (furunkulose) ut. I muskelvevet kan det vere store, blodfylte byllar, og i mikroskopet kan du finne bakterien i nær sagt alle vev og organ i heile fisken.
Publisert

Folk trudde lenge svartedauden var ein straff frå Gud. Denne smittsame bakteriesjukdomen kom i fleire former, mest aggressiv og dødeleg var lungesotta, men det som gav opphav til namnet svartedauden, var byllesjuka. Pesten kom og gjekk i tre hundre år og meir enn halve befolkninga i Noreg døydde av desse epidemiane. Vi veit ikkje om Guds straffedom var i tankane til dei som oppdaga dei første laksane med furunkulose i oppdrettsmerdane i Ytre Namdalen i 1985. Men der furunkulosen ramma var følgjene for fisken og oppdrettarane like alvorlege som pesten; det raude laksekjøtet blei fylt av store, blodige byllar, og både merdar og heile anlegg blei tømde for fisk. Frå det første episenteret i Trøndelag spreidde den nye fiskepesten seg raskt og dødeleg til store delar av kysten. Anlegg etter anlegg blei råka, familiefirma gjekk konkurs, og brått skya det over for den lyse framtida til norsk lakseoppdrett.

AEROMONAS SALMONICIDA

Furunkulosebakterien er så dødeleg at han på latin heiter Aeromonas salmonicida subspecies salmonicida, noko som viser til at han er den mest dødelege varianten frå ein i utgangspunktet ugrei bakteriefamilie. Furunkulosebakteriane har ei rekkje interessante eigenskapar. Dei har eit karakteristisk ytre lag (A-laget) av protein og sukker som gjer dei i stand til å angripe fisken. I tillegg sender bakteriane ut ei rekkje kjemiske stoff som sprenger blodcellene og løyser opp fiskekjøtet. Bakteriar slår seg ned i mange organ, skadar i hjartet er ofte den direkte årsaka til at fisken døyr. Det tjukke ytterlaget gjer òg at bakteriane ikkje liker vatn, så dei klumpar seg helst saman, gjerne med protein og feitt frå fisken eller frå miljøet, og dei kan flyte beskytta rundt med straumen over store avstandar.

IMPORT AV SJUKDOM

Furunkulose hadde lenge vore ein vanleg sjukdom over store delar av verda, og kom hit til landet først då det skulle setjast fart i produksjonen av laks og regnbogeaure på 60-talet. Aure vart importert frå Danmark, og etter det dukka det fleire gonger opp furunkulose i norske elver. Smitten vart oppdaga og slått ned, og der kunne det heile ha stoppa. Men lagnaden, og ikkje minst norske styresmakter, ville det annleis. På 80-talet bremsa veksten i den nye oppdrettsnæringa opp fordi dei mangla setjefisk, enno var det for få og for små smoltanlegg langs kysten. Næringa pressa på, dei måtte ha meir fisk, og freistinga var stor; dei kunne hente smolt frå Skottland. Nokre få fagfolk sto steilt imot, men næring og byråkrati tok styringa, og sommaren 1985 kom brønnbåtane med fisk frå Skottland. Allereie då han kom, såg folk at dette ikkje var fisk av beste kvalitet. Det tok ikkje særleg lang tid før årsaka var klar; fisken hadde byllesjuke.

Den nye kvardagen

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement