Fredrikke Marie Fredrikke Marie (1843–1938) voks opp på By , ein storgard nord for Steinkjer, i ein familie som høyrde til dei
Fredrikke Marie Qvam (1843–1938).
Fredrikke Marie Qvam (1843–1938) voks opp på By Brug, ein storgard nord for Steinkjer, i ein familie som høyrde til dei betrestilte. Ho vart ein av dei heilt sentrale strategane i kampen for full stemmerett for kvinner. Ho var eit politisk menneske, opptatt av kvinners rett til økonomisk sjølvstende og tilgang til alle yrke. Norsk sjølvstende og norsk språk var viktige merkesaker. Ho prøvde som ungjente å skriva kjærleiksbrev på landsmål, men vart aldri nokon nynorskbrukar.
Kva var det viktigaste ho gjorde?
Kvinneorganiseringa starta med innsamling av pengar til faner for lokale skyttarlag, eit klart politisk prosjekt på 1880-talet. På det meste var ho leiar for tre landsomfattande kvinneorganisasjonar: Norske kvinners sanitetsforening (NKS), Landskvindestemmeretsforeningen og Norsk kvinnesaksforenig. Dei to første hadde ho vore med og stifta. I 1905 stod ho i spissen for underskriftsaksjonen der nesten 300.000 kvinner i løpet av tre veker skreiv under på at dei støtta unionsoppløysinga.
Kva meinte ho om samtida?
Fredrikke Marie Qvam hadde som mål at kvinner skulle ha same rett som menn til arbeid og utdanning og til å delta i det politiske livet og styringa av landet. Det var med andre ord mykje som var skakt og skeivt i samtida, og som måtte forandrast om målet skulle nåast.
Kva innverknad hadde ho på ettertida?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.