Reportasje

Fredagsbøn i fengselet

MYSEN: Frå ein karriere som sandvolleyballspelar på eit California-universitet drog Imran Khan heim til Indre Østfold, der han no samlar innsette i høgsikringsfengselet til fredagsbøn.

Førebuingar til fredagsbøn i allrommet i høgsikringsfengselet i Eidsberg. Fengselsimam Imran Khan sit i kvit kjortel midt i biletet.
Førebuingar til fredagsbøn i allrommet i høgsikringsfengselet i Eidsberg. Fengselsimam Imran Khan sit i kvit kjortel midt i biletet.
Publisert

Me er berre femten her i dag. Me kunne ha vore mange fleire, seier fengselsimam Imran Khan.

Det er fredagsbøn i fengselet. Han ser alvorleg på dei dømde. Konfliktnivået mellom somme av dei unge innsette er så høgt og valdeleg at ein lyt ha låste dører mellom dei. Gjengkriminelle som vil skada kvarandre utanfor murane, vil skada kvarandre innanfor òg.

Høgsikring

Eg er i Indre Østfold fengsel, avdeling Eidsberg, eit moderne høgsikringsfengsel. Dei strenge tryggings­tiltaka gjeld for alle – dei innsette, dei tilsette og besøkjande som meg. Den fyrste slusa møter eg utandørs – ein videoovervaka, roterande metallport i full høgd, med krossbom og elektrisk styrt lås. Innandørs kjem eg fyrst til eit rom der eg syner og gjev frå meg ID-en. I neste rom hamnar berbar datamaskin og telefon bak lås og slå. Eit tredje rom, med metalldetektor og gjennomlysing, liknar sikkerheitskontrollen i ei lufthamn.

Så er eg inne i ei verd i verda. Her kan du arbeida i butikken eller handla i han, for eigne pengar eller dagsatspengar, med sjølvbetening, sett bort frå i snusskåpet. På Klippekroken kan du få stussa skjegget, klippa medfangar eller sitja modell for innsette som får frisøropplæring. Du kan arbeida på ein av verkstadane – snikra, sy eller måla frå åtte til tre. Du kan gå på skule og vitja biblioteket. Du kan produsera musikk og radioprogram, driva med yoga og basket, pumpa jarn og koka mat.

Bønetenaren

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement