FRANKRIKE, DEL 3:
Politioffiser i departementet Dôme.
Foto: Håvard Rem
For andre gong står venstresida utan kandidat når Frankrike skal velja president. I 2002 var oppslutninga svekt etter 11. september-terroren. No er ho svekt etter Paris-terroren og folkevandringa i 2015.
Som i Nederland i mars vert det i Frankrike sundag eit val mellom sentrum og høgre – om me skal følgja den gamle venstre-høgre-aksen. Men det kan me snart ikkje. Macron og Le Pen er to ytterpunkt på ein nyare politisk akse. Global-nasjonal-aksen skil ikkje berre dei to kandidatane, men òg venstresida. Medan nasjonal-venstre reknar Macron som høgrevridd, meinar global-venstre at han er sosialdemokrat. Medan nasjonal-venstre finn von i framgangen til Mélenchon, meiner global-venstre at Mélenchon har for mykje til felles med Le Pen. Båe kan ha rett. Dei er usamde av di dei nyttar ulike høgre-venstre-aksar. Nasjonal-venstre vektlegg økonomisk utjamning, statleg kontroll og sjølvråderett. Global-venstre vektlegg migrasjon og EU. I framtida vil ei samla venstresida neppe henta stønad frå båe veljargrupper.
Den sosialistiske kollapsen i Mellom- og Sør-Europa botnar ikkje i det økonomiske programmet. Den migrasjonspolitikken som har tvinga venstresida over på defensiven, vert no endå meir kompleks, av di båe politiske motstandarar og veljarane ikkje lenger ser på integrering og innvandring som eitt og same spørsmål.
REDJIMI NACER
Ti mil sør for Lyon, i Drôme, eit av dei hundre departementa i Frankrike, skal eg møta fem personar som førebur seg til valet sundag. Eg byrjar utanfor Valence, hovudstaden i Drôme, i ein muslimsk forstad som eg vart rådd til å vitja i dagsljos, men eg kjem i mørkret for å få med meg soloppgangen, og heilt godt går det ikkje. Lokalt politi tauar vekk bilen. Parkeringsplassen syner seg å høyra til den travle morgonmarknaden eg vil sjå. Der vert eg kjend med grillkongen – «Le King de La Rotisserie» – Redjimi Nacer (56).
Som tjueåring kring 1980 braut han opp frå Algerie og foreldregarden. Av di han hadde jobba i det lokale politiet, kunne han fransk. I 33 år har han vore på plass på tysdagsmarknaden. I det nye heimlandet har sjubarnsfaren bygd opp ei vellukka matverksemd med mange tilsette.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.