FRANKRIKE, DEL 1:

ROUBAIX: I den forfalne industribyen er det særs høgt nivå på båe arbeidsløysa, fattigdomen, heimesitjarprosenten og den internasjonale kunsten som vert stilt ut.

Frédéric Minard er republikanar og kulturbyråd i Roubaix.
Frédéric Minard er republikanar og kulturbyråd i Roubaix.
Publisert

Du lyt vita kvifor du dreg til Roubaix. Dei kjem til å spørja deg. Ikkje minst om du vitjar byen ein vanleg vekedag etter det store sykkelrittet frå Paris til Roubaix som for den nordfranske innlandsbyen er kva bluesfestivalen er for Notodden. Det er den helga det vrimlar av tilreisande i gatene. Elles er det stille.

Ikkje svar at det er interessant å sjå den fattigaste byen med det høgste talet på arbeidsledige i Frankrike. Roubaix er eit utfartsmål for sosiologar som legg taparbyen under lupa. Roubaixarane er lei av journalistar òg. Ikkje sei at du ville hit av di dei har det høgaste prosenttalet av heimesitjarar ved vala.

– Det er mange byar i Frankrike. Kvifor kjem du hit? spurde dei alle, jamvel om dei seg imellom er særs ulike, utan anna til felles enn at dei er fødde og oppvaksne her, kulturbyråden og republikanaren Frédéric Minard, den muslimske aktivisten og Les Verts-politikaren Ali Rahni og gatekunstnaren Lem.

– Av di eg sjølv har vakse opp på postindustrielle stader i Noreg, var eit svar dei sa seg nøgde med.

VENSTRESIDAS NYE VON

Eg går i ei gate som ein gong var av dei største overbygde gatene i verda. Hit kom lass på lass med ull frå sauegardane i Nord-Frankrike, og taket vart lagd for at ikkje ulla skulle verta våt når dei bar henne inn i tekstilfabrikken. Roubaix var eit tidleg- og monoindustrielt eventyr med ein folkesetnad som på 1800-talet voks frå 8.000 til 125.000.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement