Teknologi
Framveksande teknologiar
Kvantedatamaskiner vil kunne få langt større kunstig intelligens enn notidas maskiner og til og med greie Turing-testen: Dei vil kunne lure menneske til å tru at også dei er menneske.
Illustrasjon: Mike MacKenzie / www.vpnsrus.com
Rett etter år 2000 var smarttelefonen ein framveksande teknologi; noko lovande som samfunnet enno ikkje heilt skjønte kva var. Vi brukte mobiltelefonar til å ringe kvarandre og sende SMS-meldingar, men noko nytt var på gang. Det var snakk om telefonar med fargeskjerm og stor reknekapasitet som kunne koplast til tenester på internettet.
iPhonen kom på marknaden i 2007, og no har omtrent alle menneske smarttelefonen med seg i lomma. Smarttelefonen gjekk frå å vere ein spennande idé til å vere kvardagsteknologi på mindre enn 20 år.
Framveksande (engelsk «emerging») teknologi er ei nemning for teknologiar som framleis er under utvikling, og som ein trur vil ha stor påverknad på samfunnet. Viss ein framveksande teknologi held det han lover, vil han skape nye jobbar, nye kunnskapsbehov, nye utdanningar og nye rutinar i kvardagslivet til folk.
Dette skjedde til dømes med bilindustrien. På 1890-talet var eksplosjonsmotoren ein framveksande teknologi. Det viste seg at han kunne brukast både på land og på vatn og i lufta, og etter nokre tiår hadde han blitt ein «etablert» (engelsk «entrenched») teknologi.
Kvantedatamaskina er ein kandidat til å bli kalla framveksande no for tida. Ho utnyttar prinsipp frå kvantemekanikken, og om vi får maskina til å verke, vil ho kunne rekne ekstremt mykje fortare enn tradisjonelle datamaskiner. Vi vil kunne løyse viktige problem langt betre enn no, til dømes vil vêrmeldingar og klimamodellar kunne verte mykje betre.
Dette er spekulasjonar. Og framveksande teknologiar vert faktisk definerte ved spekulasjonar av ulik kvalitet. Vi veit jo enno ikkje korleis dei vil fungere, og kva dei eventuelt vil endre i samfunnet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.