Sjakk
Framleis noko å læra
Carlsen er ikkje nøgd etter spelet i Grenke Chess Classic, men han har ein plan, og analyserer seg sjølv overraskande godt.
I dei fire fyrste partia gjorde Carlsen éin feil i kvart parti. Det vart éin feil for mykje.
Foto: Georgios Souleidis
Eg trur nesten Magnus Carlsen (26) har vorte vaksen. Han analyserer sine eigne sterke og veike sider som ein gamal vis mann. Det er ikkje noko fjas, men ei nøktern vurdering av situasjonen. Den svake remisen mot ein tysk junior i fyrste runde øydela mykje, kan ein sjå i ettertid. Og Carlsen byrjar ofte turneringane under sitt vanlege nivå.
Løysinga
Løysinga på problemet vart funnen alt av Mikhail Botvinnik, grunnleggjaren av den sovjetiske sjakkskulen etter krigen. Botvinnik spela treningsparti i eit lite rom med radioen på fullt volum der trenarane sat og blåste røyk opp i andletet hans. Tanken til Botvinnik var at om han makta å spela under slike omstende, ville sjølve turneringa gå som ein draum.
Carlsen må vera «varm» når han set seg til brettet. Etter tre remisar i fyrste del av turneringa, var han endeleg varm då han i fjerde runde fann plassen sin i Baden-Baden bak dei kvite brikkene mot Fabiano Caruana (alder 24, rating 2817).
Éin feil er nok
Men så er det eit anna problem. «Gjer for all del ikkje nokon feil», sa den kjende norske sjakkpedagogen Sigurd Heiestad. Carlsen summerte opp partiet slik: «Eg spela bra, men gjorde ein feil.» Han har heilt rett. Spelet mot Caruana var ganske godt, men etter eit altfor kreativt springarhopp i trekk 15, kunne ikkje partiet verta noko anna enn remis. Ein toppspelar som Caruana tapar ikkje når motstandaren gjer ein feil.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.