Framleis ein læremeister
Willy Dahl vart den store fornyaren av litteraturhistorieskrivinga.
Willy Dahl fyller 90 år 26. mars.
Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix
Willy Dahl feirar sine nitti år 26. mars. Han har mange ovundrarar og tidlegare studentar kringom i landet som har gode minne etter tida hans som universitetslærar i Oslo (1965–1977), Trondheim (professor 1977–81), og Bergen (professor 1981–92, sidan seniorstipendiat til 1995) – og anna virke.
Som Magne Lindholm sa det då eg forhøyrde meg litt om inntrykka mannen gjorde på studentar: «For oss som satt på hovudfagslesesalen i Oslo var Willy Dahl en mystisk, utfordrende kraft som av og til kom rennende vestfra, sånn litt over Slemdalvillaene, til venstre for Holmenkollbakkens profil. Fylt med inspirasjon og kunnskap om alt fra stilistikk til triviallitteratur.»
Dahls vitskaplege produksjon er kjenneteikna ved ein nyfiken, umåteleg appetitt på gamle og nye gåter og tekstspørsmål med forklåringsbehov. Noko kjem vel av ein mangslungen bakgrunn, arbeidarmiljø, sjømannsliv, Tysklandsbrigade, journalistikk, litteraturkritikk – Dahl prøvde mangt som var framandt for akademikarar, og vann ikkje minst formidlingsmessig på det. Smittande iver ser ein òg i innleiingar og kommentarar til klassikarar Dahl fekk ut til studiebruk og allmenn orientering. Han har gjeve nye perspektiv både på godt kjende tekstar, og bringa mange tekstar fram frå ei kulturell gløymske, til ny forståing.
Det typiske i Dahls forfattarskap er at han har eit ope og breitt tekstomgrep, der han ser på samvirket mellom mange slag tekstar i samtida, og vurderer ofte den sosiale tilskyndinga til dei, så vel som verknaden av dei i verda. Denne innstillinga gjekk jo tvert imot tradisjonane og det opphøgde i litteraturen, og førte til mange kontroversar og mykje kritikk.
Dahl makta faktisk å fornye faget. Boka Stil og struktur, fyrste gong utgjeven i 1965 og i bruk meir enn 30 år i nordisk-institutt på høgskular og universitet, gav nytt liv til stilistikken, og la ein grunnstein i den seinare omfattande retorikkinteressa. Utdrag frå denne boka og andre Dahl-arbeid kan lesaren finne i ei samling utvalde tekstar som Bergens-miljøet i nordistikk, med Ole-Jørgen Johannesen som redaktør, nyss har stått for.
Analysane hans av populærlitteratur og populærkultur var med på å gjere nordisk til eit populært og viktig fag, med klåre perspektiv på kulturutviklinga, og gav også tilskuv til danning av medievitskapsinstituttet i Bergen. Før fall jo store delar av tekstproduksjonen utanfor litteraturhistorieskrivinga; det gjorde Dahl noko med i eitt av dei mest ambisiøse einmannsprosjekt i norsk intellektuell historie: Norges litteratur I-III (1981–1989), om litteraturen etter 1814.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.