Reportasje

¿ Framand i utkanten

VANG: Utflyttarane og heimflyttarane fylgjer mønster, men Valdres treng tilflyttarar, og dei kjem litt tilfeldig.

Teikneserieskaparen og musikaren Alexander Haugelien i kjellardøra med utsyn mot Vangsmjøse og fjellheimen.
Teikneserieskaparen og musikaren Alexander Haugelien i kjellardøra med utsyn mot Vangsmjøse og fjellheimen.
Publisert

På veg til Vang øvst i Valdres les eg lokalavisa. Framsida er vigd ei ny demografisk undersøking: «Folketalet går ned». Vidare: «Fersk statistikk frå Statistisk Sentralbyrå viser at folketalet i Valdres har auka med éin innbyggar frå utgangen av fyrste kvartal i år til utgangen av andre kvartal.»

Denne eine innbyggjaren, som flytta hit i april, skal eg vitja no: teikneserieskaparen og musikaren Alexander Haugelien, 31 år, frå Hakadal til Vang, via Uranienborg i Oslo.

Skeiv pyramide

I framskrivinga til SSB veks folketalet i Vang frå 1578 i år, ned frå 1610 i fjor, til 1722 i 2050.

Det siste talet ligg nær namnet på Kontorfellesskapet 1724, skipa for ti år sidan med mål om å auka folketalet i Vang til 1724 innan 2020. Det gjekk ikkje, men 1724 får mykje ros, av Haugelien òg. Dei hyser mellom anna Huga på gard, som har arbeidd for å identifisera og busetja tomme gardsbruk i kommunen, og bygdeutviklingsføretaket Innovangsjon.

Ein gong budde nær 3000 i Vang, men Valdres er vand med utflytting. Utvandringa til USA var uvanleg stor herfrå. På dei hundre åra fram til andre verdskrigen utvandra 17.000 frå Valdres – like mange som bur her i dag, som om fem millionar menneske utvandra frå Noreg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement