Reportasje

Frå bre til brosme

HOVEN: Eg står ytst på eit stup, tusen meter over fjorden. I dagsljos var det merkeleg, men no, i mørkeret, er det trolsk.

Utsyn frå Hoven mot Jostedalsbreen. Til venstre i biletet ser ein Lobukta og Lovatnet, til høgre Oldebukta og Oldevatnet.
Utsyn frå Hoven mot Jostedalsbreen. Til venstre i biletet ser ein Lobukta og Lovatnet, til høgre Oldebukta og Oldevatnet.
Publisert

Kalde vindar blæs. Vêrvarselet er ikkje godt. Å stå her ytst og øvst på Hoven liknar flygetanken som kjem når eg ser Jostedalsbreen frå flyet: Kva om eg brått hadde kome til meg sjølve på ein bre? Hadde eg overlevd?

Om ikkje hadde eg fått mi siste stund med eit utsyn ingen gløymer. Frå Hoven ser ein rakt ned på to dalføre som et seg inn i Jostedalsbreen: Loen og Olden.

Hornelen

Eg står på eit stup inst i Nordfjord. Ytst ligg den høgste havklippen i Europa, Hornelen. Dei to loddrette fjella står vakt kring den ti mil lange fjorden.

Om me skal tru Snorre Sturlason vart Hornelen kliven alt for tusen år sidan. Olav Tryggvason (ca. 960–ca. 999), fortel Allkunne, klatra Hornelen og «festa skjoldet sitt øvst i fjellveggen. Då ein av hirdmennene freista å klive opp for å hente skjoldet, gjekk han seg fast og kom seg ikkje ned. Då skulle Olav Tryggvason ha klive opp, teke mannen under eine armen og berga han trygt ned». Korleis skal eg koma meg ned til fjorden?

Men så veit ein ikkje at folk tok seg opp på Hornelen dei neste 900 åra, før fjellklatrarpioneren Kristian Bing i 1897. Så fortel leksikon. Men skal ein tru norske rettsprotokollar, vart det etter reformasjonen folksamt på Hornelen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement