Sport

Frå bedehusserve til hoppserve

Bedehusserve, eventuelt underarmsserve, kan gjerast med flat hand og knyttneve. Serven er teknisk enkel å utføre, men også lett å ta imot for motstandarane.
Bedehusserve, eventuelt underarmsserve, kan gjerast med flat hand og knyttneve. Serven er teknisk enkel å utføre, men også lett å ta imot for motstandarane.
Publisert

Då læraren presenterte volleyball i kroppsøvingstimen, var det alltid nokre som jubla. Ikkje fordi dei elska sporten, men fordi dei då slapp å dusje. Volleyball har vore kjent som ein litt traust sport, noko som dei gjerne dreiv med i 4H. Underarmsserven vart faktisk kalla bedehusserve, og det er lett å forstå kvifor. Volleyball var keisamt og uhipt, men ein sport for alle.

Grunnen til at volleyball ikkje tok av i gymtimane, er at sporten er vanskeleg. Med lite teknisk grunnlag er oddsen liten for at det blir noko spel, og det endar med at dei fleste mokar ballen over nettet straks dei får sjansen. Klarer laga meir enn to ballvekslingar over nettet, går det over all forventning.

Så kom sandvolleyballen til Noreg. Det var sol, høg musikk, kroppsfokus og god stemning. VM i strandvolleyball i Stavanger i 1999 var eit høgdepunkt. Bjørn Maaseide og kompani hadde til og med sørgt for at stemnet fekk sin eigen singel: «Do it in the sand». På denne tida vart det bygt sandvolleybanar rundt om i landet, og fleire fekk lyst og høve til å lære seg spelet skikkeleg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement