Forteljingar frå ein okkupant
Snakk ikkje om Israel. Det var eit råd eg gav meg sjølv då eg debuterte som forfattar i 2006. No har eg gjort det likevel.
Eg har vurdert å konvertere, men dei fleste tar meg for den eg er, uansett. Alle foto: Geir Olav Jørgensen
Ein dag hadde son min på ti år teikna det israelske flagget. Då budde vi i Noreg. Han var enno så truskuldig at han gjekk og hengde flagget opp i klasserommet, og det fekk meg til å stusse. Flagget ser verkeleg fint ut i Israel – blått og kvitt, og med den sterke stjerna. Det same flagget ser annleis ut i Noreg. Hadde ein med eit kunststykke fått det til å minne om hakekorset?
Det var ingen som nemnde elefanten i rommet. Det verste med Noreg når ein snakkar om Israel, er den trykkande stilla, Israel som tabu.
Den dagen begynte eg å snakke med son min om den andre sida ved Israel. Hatet mot landet er sterkt. Det skuffa han veldig. Han kunne ikkje forstå det, for han elskar jo både israelarane og nordmennene. Og han ville vite kvifor.
Eg kunne ikkje lett forklare dette. I Israel går det føre seg ein slags krig som vi ikkje merkar når vi er der – ein krig mellom to folk som kranglar om kven som eig landet, og mange av dei som bur i Noreg, har mest sansen for den andre sida. Så spurde eg son min, for å muntre han opp: Kva liker du best med Israel? Det fekk han til å stråle igjen: Jo, at det finst så mange snille folk der nede!
nyansar
Som land er Israel langt frå perfekt. Eg er ikkje blind for tragedien som utfaldar seg mellom jødane og palestinarane, og som palestinarane må ta sin del av ansvaret for. Ikkje som offer og mottakar av stønad, men som vaksne og likeverdige menneske. Mykje her kan seiast å vere fastlåst, på ulike nivå. Okkupasjonen i seg sjølv er eit stort og vanskeleg felt, som også kan diskuterast, for og imot. Til og med her går det an å finne nyansar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.