Dyr

«Forskinga avslører stadig nye bragder som viser uthaldet og styrken til trekkfuglane.»

Hjå vassfuglar kan skilnadene i fjørdrakt vera store innanfor éin og same art. Hjå lappspoven har hekkedrakta eit varmt rustbrunt skjær. Nebbet er svakt oppoverbøygt.
Hjå vassfuglar kan skilnadene i fjørdrakt vera store innanfor éin og same art. Hjå lappspoven har hekkedrakta eit varmt rustbrunt skjær. Nebbet er svakt oppoverbøygt.
Publisert

I oktober har dei aller fleste langdistansetrekkjarane forlate nordiske marker. Ein del av dei som har kortare rute, er igjen: stærar, finkar, trastar, piplerker. Dei flyg i flokkar på veg til det europeiske kontinentet eller Nord-Afrika.

Før trudde ein at fuglar som forsvann om vinteren, framleis var til stades, men forvandla seg til andre livsformer eller gjekk i dvale under bakken. Raudstjertar vart til raudstrupar, svaler grov seg ned i gjørma.

Desse hypotesane kom frå Aristoteles i det fjerde hundreåret før Kristus. Idear om forvandling eller dvale levde eit langt liv, nokre av dei fram til 1800-talet i Europa.

Spyd i halsen

Ei avgjerande hending for forståinga av kvar det vart av desse fuglane gjennom den nordlege vinteren, var då ein stork kom til bygda Klütz i Nord-Tyskland 21. mai 1822. Storken som landa den dagen, hadde eit langt spyd i halsen, og spydet synte seg ut frå handverket å vere laga i Afrika sør for Sahara.

I seinare tiår vart over tjue tilfelle av «pilstorkar» (Pfeilstörche) registrerte i Tyskland. Desse pilene slo sprekkar i førestillingane om dvale eller forvandling på tvers av artsgrenser, men opna for eit nytt spørsmål: Korleis makta fuglane å flyge fleire tusen kilometer med noko gjennom halsen?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement