Forsking og fiksjon
Gøhril Gabrielsen skriv med teft og innsikt om å miste seg sjølv.
Gøhril Gabrielsen har skrive fem romanar og fått tre litterære prisar sidan debuten i 2006.
Foto: Per Are Løkke
Gøhril Gabrielsen blei fort lagt merke til da ho entra den litterære scenen i 2006 med debutromanen Unevneligehendelser. Elleve år og tre bøker seinare sit ho med tre litterære prisar, der Tanums kvinnestipend og Amalie Skram-prisen ragar høgast. Årets bok er den femte romanen, som viser at ho stadig er på rett veg og i utvikling i det språklege, det litterære og i den psykologiske portretteringa av «kvinner på randen».
Handlinga er lagt til Finnmark (der ho sjølv kjem frå), midtvinters, og så langt ut i øydemarka ein kan komme før storhavet overtar. Der hekkar koloniar av sjøfugl, og den kvinnelege forteljaren har reist dit for å drive grunnforsking i klimaendringar og fugledød. Ho har eit ryddig forhold til forskingsoppdraget. Verre står det til i privatlivet der ho har forlate ein mann og knytt seg til ein ny, med ungar på begge sider, og det er her den psykologiske teften til Gabrielsen kjem til sin rett, for ho opererer med ein svært upåliteleg forteljar.
Mistar grepet
Den namnlause forteljaren ventar heile tida på at elskaren skal komme, men han dukkar aldri opp. Den psykopatiske eksen trugar også med å komme, og kanskje dukkar han opp i sluttscenen. Dette spenningsgrepet blir kopla til ei tragisk hending på staden tilbake i 1860-åra, da ein familie slo seg ned og rydda eit småbruk i øydemarka. Dei var dei einaste og siste som budde der.
Det er her den objektive forskaren mistar grepet i det verkelege, og gir seg over i irrasjonelle fantasiar kring det som hende for lenge sidan. Ho diktar seg inn i det livet dei levde, ei innleving som samtidig blir projisert på hennar eigne røynsler og forholdet til han ho meir eller mindre har flykta frå.
Storslåtte naturskildringar
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.