Reportasje

Forpost i havet

UTSIRA: Sidan slutten av istida har øya vore det fyrste møtet med kysten når fuglar, tankar og menneske har kome over havet frå andre, stundom tapte kontinent.

I Siradalen ligg bedehuset Bethel, åstad for kvinnekuppet i 1925, verna av ei løn som audmjukt fylgjer mønet, utan å skugga for krossen. Bak knausen til venstre ser ein toppen av gamlefyret frå 1844.
I Siradalen ligg bedehuset Bethel, åstad for kvinnekuppet i 1925, verna av ei løn som audmjukt fylgjer mønet, utan å skugga for krossen. Bak knausen til venstre ser ein toppen av gamlefyret frå 1844.
Publisert

Haugalandet er ei halvøy nordvest i Rogaland. Når ein kjem austfrå over Haukelifjell, byrjar ho med Vindafjord kommune, fem mil frå Folgefonna, og endar langt til havs på Utsira. Sirabuane er vande med å verta definerte frå fastlandet. Froskeperspektivet syner seg alt i namnet. At Utsira ligg ytst, nær to landmil frå fastlandet, er gjerne det fyrste ein høyrer om øya.

Ferda mi går motsett veg, med Utsira som utgangspunkt. I fugleperspektiv er det ikkje øya som ligg langt ute, men Fastlands-Noreg som ligg langt inne. Nye artar og tankar, menneske og livssyn har for det meste ikkje kome frå Hardangervidda, men over havet. Som ei avantgarde-utgåve av det norskaste – kysten – er øya stundom den fyrste staden dei har kome til. Utsira er ikkje ein utpost, men ein forpost.

Overfarten

Eg trivst på øyer, små nok til å gå kring, store nok til å hysa eit samfunn, og har budd på fleire – Île du Levant, Vestre Sandøya, Boracay, Bunaken. Frå Garpaskjær ferjekai i Haugesund tek båtturen ein dryg time. Eg finn ro med havet som vindaugsramme.

Andre vert urolege. Då ein offentleg etat la eit seminar til Utsira og båten heim låg landfast, vart ein av deltakarane nær psykotisk. Ho kjende seg fanga på eit skjer. Helikopter kan landa, men då lyt det stå om liv. Utsira hadde vore ei seminar­øy om det ikkje var for havet. Framlegg om å leggja kurs til Utsira vert alltid torpedert av ein sjøsvak tilsett.

Då det budde 400 menneske på øya, ikkje helvta som i dag, og dei mønstra eit fotballag, nedst i seriesystemet, tok dei berre poeng i uvêr når bortelaget sjangla båtsjuke i land i Sørevågen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement