Humor

Formelen for humor er 12c + ab3

Sigardampande kokainslave som hadde ein teori om det meste.
Sigardampande kokainslave som hadde ein teori om det meste.
Publisert Sist oppdatert

Dette er sjølvsagt ikkje heilt korrekt. Formelen kan ikkje forklare alt, men likevel ganske mykje. Vi skal nemleg ta for oss den dominerande teorien om humor, som blir kalla noko så drepande keisamt som inkongruensteorien. Vi har før nemnt Sigmund Freud og «letnadsteorien» hans, men ein kan jo ikkje stole på at ein sigardampande kokainslave som stort sett behandla rike wienerfruer, har sett lyset når det gjeld absolutt all humor.

Tidlegare tiders ovanfrå-og-ned-teori hoppar vi glatt over, sjølv om han har sine tilhengarar i Bibelen og liknande eventyrbøker. Ved profetens skjegg, ein kan da ikkje forklare all humor med at tilskodaren føler seg overlegen! Nei, eg stoler meir på herrane Kant, Schopenhauer og Kierkegaard, som alle bidrog til at inkongruensteorien vart stadig meir utfyllande og presis: Noko passar ikkje saman. Noko vi ser, blir presentert for eller tenker på, bryt med dei mentale standardmønstera våre. Desse forenkla premissane er nok til å forklare kvifor vi ler oss skrukkete av visse ting.

Ein av dei morosamaste filmane eg har sett, er den amerikanske dokumentaren Combover – The Movie. Sjå han om du kan, om du så må kalle inn ein 14-åring for å få lasta han ned. Filmen er eit djupdykk i åtferda til menn som har mista det meste av håret, men likevel finn ei løysing.

Og kva er det inkongruente? Jo, der du til dømes vanlegvis vil forvente å finne hår (på hovudet), har desse mennene ein heilt eller delvis skalla isse som dei dekker til på svært fantasifulle måtar, ved å hente strå frå andre delar av skallen. Men berre denne inkongruensen er ikkje nok: Like viktig er verknadene. Dette er jo ei særs synleg livsløgn, og det morosame er at dei fleste i filmen som driv med hentesveis, har mengder av sjølvironi på det.

Av kjende hentesveisarar i Noreg vil eg seie at den salige venstremannen Helge Seip hadde eit legendarisk grep om handverket. Den oransje presidenten er òg ein sterk kandidat, men den mannen manglar både humor og alle andre positive eigenskapar. Av lattervekkande ting ved han har vi i tillegg det ofseleg lange, knallraude slipset, som karikaturteiknarane for lengst har boltra seg med.

Dårskapen til menneska fører da til at alle desse mennene ser seg i spegelen og tenker: Ja, dette er jo heilt ålreit. Eg har henta om lag ein halv meter hår frå den eine sida og plassert det rundt på hovudet. Det gjer susen, jammen gjer det det.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement