Reportasje
¿ Forakt frå sør
BODØ: Kan henda hadde ikkje songlyrikken på nordnorsk i dag vore så viltveksande utan dei djupe og litt løynde røtene i historia.
Stormen i Bodø. Frå venstre: Jørgen Nordeng, Ingeborg Oktober, Stine Aas og Ivar Aasen. Teikning: May Linn Clement
Lytt til artikkelen:
Tek du eit vindauge på Nordlandsbanen, frys det fast i sekundet med det venaste utsynet og blæs det opp til storleiken på verdas største filmlerret, så har du Stormen bibliotek i Bodø, base for litteraturfestivalen Det Vilde Ord. På scenen står tre unge songpoetar vende mot havet, i skumringsljoset frå dei gigantiske glasflatene. No skal dei rappa og skrøna, syngja og fortelja, heilt til polarmørkret tek oss alle.
Ingeborg Oktober
Den yngste kjem frå Hamarøy, no flyboren frå Lindmo-opptak i hovudstaden. 25-årige Ingeborg Oktober fekk for to år sidan Spellemannprisen for visealbumet Skjømmingsboka (2018), der fyrste del av tittelen peikar på målet (skjømming, skumring) og andre del på det litterære nivået: Boka vert naturleg format for komande Oktober-utgjevingar. Ho er ein diktar som spelar og syng. Ho er kontrasten til nordnorsk kraftlyrikk. Ikkje alle nordlendingar er lågmælte, og ikkje alle lågmælte er frimodige, men ho er alt saman når ho syng «Skjømming»:
E bretta dyna av me, som om senga va ei bok
og sida e den samme som e lest før e førstod
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.