Reportasje

Folketettleikens ferjereiser

MS «Reina Timotea»: Eit ferdaminne frå Filippinane byrjar på havet, om bord i ei av ferjene som bind saman øyriket der 108 millionar menneske bur på like stort flatemål som Noreg.

«Over havet der mamma’n min er»: ein gut og ei bestemor på veg med rustholken «Reina Timotea» for å vitja mor hans og dotter hennar, som arbeider på ei anna av hovudøyane.
«Over havet der mamma’n min er»: ein gut og ei bestemor på veg med rustholken «Reina Timotea» for å vitja mor hans og dotter hennar, som arbeider på ei anna av hovudøyane.
Publisert Sist oppdatert

På det opne havet, i lugaren på MS «Reina Timotea», høyrer me krenging, kakling og knasing. Krenginga kjem frå den nær førti år gamle rustholken i dønningane. Kaklinga kjem frå dei blide passasjerane, ikkje frå dei kokte egga som så mange av dei et, men det er ikkje langt unna, for dei populære andeegga inneheld kjuklingar, femten dagar gamle embryo – difor den jamne knasinga i bein og brusk i den overfylte lugaren.

Balut

Eg deler bord med Daniel, ein gut i tidleg skulealder, og Hannah, mor hans, eller for å vera heilt presis: bestemora.

– Me skal vitja dotter mi nokre dagar, fortel ho og nemner ein by i sør der mor til guten arbeider i ei tenesteytande næring. Ferda er lang, og fly er dyrt. Denne etappen, ei fem timar lang ferjereise mellom hovudøyane Mindoro og Panay, kostar mindre enn ein hundrelapp.

Båe mettar seg med egg, ho med og han utan kjukling. Balut, servert med ein skvett eddik og gjerne ei øl, er det filippinske namnet på den austasiatiske delikatessa. At ein i Vietnam likar å lata kjuklingen mognast endå nokre dagar, stadfestar inntrykket av vietnamesarane som dei mest hardkokte av austasiatane. Filippinarane er blidare, dei smiler ikkje berre oftare enn thaiane, men òg på dei rette stadene, av di dei skjønar kva me seier, og gjerne snakkar engelsk ­­– eller for å vera heilt presis: amerikansk ­– betre enn me. Engelsk er offisielt fyrstespråk i landet ved sida av tagalog, som på si side no har vorte tredjespråk, etter engelsk og spansk, i vestamerikanske statar som California, Nevada og Washington.

Det kjem av nærleiken til USAs vestkyst, av historia som amerikansk koloni, og av at Filippinane har ein av dei største diasporafolkesetnadene i verda. Kvar tiande filippinar, ti av hundre millionar, arbeider utanlands, som i seg sjølv vert ein grunn: Dei er likte av di dei ikkje berre er smilande og engelsktalande, men òg hardtarbeidande. Blant ikkje-vestlege i Noreg har dei den høgste arbeidsdeltakinga.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement