Folket ved straumaneDette er berekraft: eit sund ved Sotra som fødde på menneske gjennom 6000 år.Per Anders Todal
Dette er berekraft: eit sund ved Sotra som fødde på menneske gjennom 6000 år.
6000 år med historie ligg lagra i denne vesle skråninga ned mot Bildøysundet.
Alle foto: Per Anders Todal
Småfisk vakar nede i sundet. Ein stad i duskregnet brekar ein sau. Suset frå motorvegen læt som ei brusande elv. I den slake skråninga ned mot sjøen er torva flekt av i store rektangulære felt, og noko av den berrlagde jorda er verna mot regnet av opne, kvite telt. Det ser ut som nokon driv med ein underleg safariturisme, men det er historie folk jaktar på her.
Det er 29. august, og open dag på utgravingsfeltet ved Bildøystraumen, 15 kilometer vest for Bergen. Nyfikne strilar og bergensarar traskar rundt på sølete stiar for å få nokre glimt av den framande fortida. Her har arkeologane frå Universitetsmuseet i Bergen grave og pirka, sålda og sortert gjennom heile den søkkvåte sommaren 2017. Jorda her er full av skattar. Arkeologane har krafsa fram økser, pilspissar og bein, her er kokegroper, eldstader og spor av enkle hustufter.
Vesle Bildøy ligg som ein kile slått inn mellom dei store øyane Sotra og Litlesotra, med eit smalt sund på kvar side. Denne vesle flekken må ha vore ein attraktiv stad å leve gjennom det meste av menneskehistoria i Noreg. Truleg har folk hatt tilhaldsstad ved Bildøysundet gjennom nesten heile den norske steinalderen. Dei eldste funna er kring 10.000 år gamle, og dei nyaste frå starten på bronsealderen for kring 4000 år sidan.
Pardans med sjøen
Skråninga ned mot sundet er ein tidsakse. Kvart steg eg tek nedover bakken, tilsvarer fleire hundre år med historie. Menneskespora som er funne her i sommar, viser eit tilvære i intim pardans med sjøen gjennom tusenåra. Dei eldste funna ligg kring 20 meter over dagens havnivå, ved det som var strandlina for 10.000 år sidan. Dei neste 2000 åra heva landet seg svært raskt, og busetnadene trekte nedover for å følgje sjøkanten. Så byrja havet å stige raskare enn landet på grunn av den store issmeltinga i Nord-Amerika, ein epoke som ber namnet tapestida, og dermed måtte busetnadene flyttast oppover bakken att. For kring 6000 år sidan byrja havstiginga og landhevinga å gå i takt. Flomålet stabiliserte seg, og dei same buplassane kunne brukast gjennom kanskje 2000 år før landhevinga igjen fekk overtaket. Denne perioden har etterlate seg kulturlag: mørk, feit mold under buplassane, danna av trekol frå eldstadene og ispedd brend stein og matrestar.
Oppe på den vesle sletta over utgravingsfeltet står det eit bord med nokre av klenodia frå utgravinga denne sommaren. Arkeolog Christine Tøssebro viser meg ein fiskekrok i bein og fint tilskorne, ovale fiskesøkke i kleberstein, med eit langsgåande spor på midten til å knyte snøret i. Fasongen får steinane til å minne om menneskehjernar. Dei minste søkka her er forbausande små, knapt ein centimeter lange og nokre få gram tunge, og kan ha vore brukte til stongfiske frå land. Nokre av dei større søkka er dekorerte med enkle mønster. Skulle dei gje fiskelukke? Eg vel å tru det. Også eg har mine rare, små ritual ved sjøen. Vi fiskarar er alltid litt overtruiske.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.