Flyktningane som fann sitt land

To jødar som kom til Noreg som flyktningar frå Mellom-Europa like før Noreg vart okkupert av nazistane, kom til å setje sterke merke etter seg i norsk åndsliv: Leo Eitinger som lege og psykiater, Max Tau som litterat.

Dei tsjekkiske jødane Hans Lustig, Robert Weinstein, Leo Eitinger, Nora Lustig og Franz Lustig på Nesjestranda ein gong mellom hausten 1940 og vinteren 1942. Robert Weinstein og Nora Lustig vart myrda i Auschwitz, tvillingsønene hennar overlevde.
Dei tsjekkiske jødane Hans Lustig, Robert Weinstein, Leo Eitinger, Nora Lustig og Franz Lustig på Nesjestranda ein gong mellom hausten 1940 og vinteren 1942. Robert Weinstein og Nora Lustig vart myrda i Auschwitz, tvillingsønene hennar overlevde.
Publisert

Bodø, mai 1940: Ein ung mann, slank og mørk i håret, står på kaia i den lyse vårnatta og ser ut over den øydelagde byen. Han har akkurat gått av hurtigruta som kom frå Trondheim, etter tre slitsame døgn på reise. Ein mann kjem og spør kvar han har tenkt seg. På det halvåret han har vore i Noreg, har han alt lært seg litt av språket, og kan svare:

– Rønvik mentalsjukehus.

Nordmannen stirer litt skremd på den framande og bed han om å bli der han er, han skal få tak i ein bil. På veg til sjukehuset tek han mot til seg og spør kvifor passasjeren vil på mentalsjukehus.

– Eg skal vere lege der, er svaret.

Han med bilen kikkar undersøkande på passasjeren. Då dei kjem fram til sjukehuset, går han inn og fortel han at han har ein utlending i bilen som seier han er lege. Kan det vere rett?

På Rønvik mentalsjukehus har dei ikkje tid til spekulasjonar, dei har hendene fulle frå før. Her vrimlar det av sjukehuspersonell som prøver å finne fram i kaoset og hjelpe alle dei skadde. Bodø er sundbomba, og hovudsjukehuset er evakuert hit.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement