Flukta til Canada

For 80 år sidan flykta ei gruppe tsjekkiske jødar under dramatiske omstende frå tysk-okkupert område i Tsjekkoslovakia til Canada.

Den nye låven til Karl Abeles då han vart bygd i Horsovsky Tyn i Tsjekkoslovia i 1932. Då dei måtte flykte i 1938, drog dei frå alt.
Den nye låven til Karl Abeles då han vart bygd i Horsovsky Tyn i Tsjekkoslovia i 1932. Då dei måtte flykte i 1938, drog dei frå alt.
Publisert

Flukta vart organisert av ein velståande bonde, Karl Abeles, som i løpet av seks månader klarte å hjelpe fleire jødiske familiar, cirka 100 menneske, med å flykte til Canada rett før utbrotet av andre verdskrig. Dotter hans, Wilma, var 17 år då dei flykta, og eg har vore så heldig å få tala med Wilma om denne hendinga.

Eit godt liv

Wilma hugsar Tsjekkoslovakia som eit vakkert land. Det var fredeleg, med sivil orden, og landet vart styrt av ei opplyst regjering. Den jødiske familien hadde vore busett i området i mange hundre år og var akseptert av dei andre innbyggarane.

– Me var stolte av å vera ein del av Tsjekkoslovakia. Eg gjekk på tsjekkisk skule. På fritida dreiv eg med sport og teater. I feriane reiste me til utlandet. Far min dreiv med jordbruk og mjølkekyr. Drifta av garden hadde ei fin utvikling og me hadde god økonomi. Det var ein trygg heim å vekse opp i .

Eskalerande antisemittisme

Men 20 år etter fyrste verdskrig ville Tyskland annektere Austerrike og i tillegg andre område der folk hovudsakleg var tysktalande. Dette inkluderte den delen av Tsjekkoslovakia der familien til Wilma budde: Sudetlandet, som det heitte då det var innlemma i Tyskland (1938–45).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement