Flukt tar ikkje koronapause
Middelhavet har blitt verdas største massegrav: 40.000 er registrert drukna sidan 2010, reelle tal er truleg mykje høgare. I Europa samarbeider stadig fleire land om å stenge grensene sine.
Kristina Quintano blant flyktningar på Lesbos.
Foto: Privat
Fleire menneske enn nokon gong før i historia er på flukt, og problemet veks raskt. I Europa stenger land etter land grensa, medan straumen av menneske som forsøker å krysse Middelhavet i alt for små båtar, aukar. Flyktningane blir tvinga ut på stadig meir farefulle ferder, og dei som overlever, endar opp i botnlaust elende i overfylte leirar. Hellas, Italia og Malta blir ståande att med ein altfor stor byrde av menneske som har rømt frå krig og liding i Midtausten og Afrika.
Koronakrisa, som no pregar heile verda, gjer sjølvsagt ikkje situasjonen betre. Det norske skipet «Ocean Viking», som blir operert av mellom andre Leger Uten Grenser, vart plassert i karantene utanfor Sicilia 28. februar, etter å sleppt av dei 276 menneska dei hadde berga. Dei siste fire vekene har det ikkje vore eitt einaste sivilt redningsskip i Middelhavet.
– Det er no, når heile menneskeheita mister festet sitt, at vi verkeleg har moglegheit til å vise kva side av historia vi stod på. Europas leiarar må ta ansvar, seier Kristina Quintano.
I over tolv år har ho rapportert frå flyktningkrisa i Middelhavet, og ho meiner Noreg og mange andre europeiske land grovt forsømmer den plikta det er å hjelpe menneske i naud.
Bodberar frå helvete
Kristina Quintano er halvt maltesisk og fekk flyktningar bokstaveleg talt om ikkje på dørstokken, så på stranda utanfor den vesle leilegheita ho eig i ein landsby på Malta. Det var så tidleg som i 1991 at 700 albanarar kom til øya. Ti år seinare byrja flyktningane frå Libya å kome over havet. Det vart umogleg ikkje å gjere noko, og sidan då har ho initiert ulike prosjekt og arbeidd i leirane mellom anna i Libanon og på Malta, Lampedusa, Sicilia og Lesbos.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.