JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Flukt tar ikkje pause

Middelhavet har blitt verdas største massegrav: 40.000 er registrert drukna sidan 2010, reelle tal er truleg mykje høgare. I Europa samarbeider stadig fleire land om å stenge grensene sine.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kristina Quintano blant flyktningar på Lesbos.

Foto: Privat

7350
20200403
7350
20200403

hilde.vesaas@gmail.com

Fleire menneske enn nokon gong før i historia er på flukt, og problemet veks raskt. I Europa stenger land etter land grensa, medan straumen av menneske som forsøker å krysse Middelhavet i alt for små båtar, aukar. Flyktningane blir tvinga ut på stadig meir farefulle ferder, og dei som overlever, endar opp i botnlaust elende i overfylte leirar. Hellas, Italia og Malta blir ståande att med ein altfor stor byrde av menneske som har rømt frå krig og liding i Midtausten og Afrika.

Koronakrisa, som no pregar heile verda, gjer sjølvsagt ikkje situasjonen betre. Det norske skipet «Ocean Viking», som blir operert av mellom andre Leger Uten Grenser, vart plassert i karantene utanfor Sicilia 28. februar, etter å sleppt av dei 276 menneska dei hadde berga. Dei siste fire vekene har det ikkje vore eitt einaste sivilt redningsskip i Middelhavet.

– Det er no, når heile menneskeheita mister festet sitt, at vi verkeleg har moglegheit til å vise kva side av historia vi stod på. Europas leiarar må ta ansvar, seier Kristina Quintano.

I over tolv år har ho rapportert frå flyktningkrisa i Middelhavet, og ho meiner Noreg og mange andre europeiske land grovt forsømmer den plikta det er å hjelpe menneske i naud.

Bodberar frå helvete

Kristina Quintano er halvt maltesisk og fekk flyktningar bokstaveleg talt om ikkje på dørstokken, så på stranda utanfor den vesle leilegheita ho eig i ein landsby på Malta. Det var så tidleg som i 1991 at 700 albanarar kom til øya. Ti år seinare byrja flyktningane frå Libya å kome over havet. Det vart umogleg ikkje å gjere noko, og sidan då har ho initiert ulike prosjekt og arbeidd i leirane mellom anna i Libanon og på Malta, Lampedusa, Sicilia og Lesbos.

Den viktigaste jobben er likevel den ho gjer som dokumentarist av dramaet på havet, noko ho lenge var nokså aleine om. Sidan 2007 har Quintano drive Facebook-sida «Budbringeren fra Helvete.» Mange gonger i døgnet oppdaterer ho om kor mange som er i havsnaud, om det finst redningsskip, om dei får kome i land ein stad og – altfor ofte – rett og slett om kor mange som druknar. Ingen skal kunne seie at dei ikkje visste! Til hausten kjem boka hennar om flyktningkrisa. Ho driv også forlaget Quintano Forlag, der all profitt går til ulike prosjekt.

På Malta, den vesle, karrige øya langt sør i Middelhavet som har hatt så mange ulike herskarar opp gjennom hundreåra, der dei snakkar ein arkaisk form for arabisk, har Kristina ei lita leilegheit ytst på ei klippe. Helikoptera som skal ut på havet, flyg rett over taket. Etter kvart har ho blitt kjent med lydane frå helikoptera og kan høyre om det er eit søkehelikopter eller eit som skal plukke opp drukna etter forlis. Utanfor Malta skjer redningsarbeidet ute på det opne havet, ikkje inne på strendene, som i Hellas. Kristina har sjølv vore med helikopter ut og sett på nært hald korleis menneske frå forliste skip har forsvunne ned i bølgjene.

– Skal Malta, som EUs sørlegaste og minste land, stå aleine i denne krisa, spør ho.

– EUs mest tettbygde land har tatt på seg å vere ei hamn for flyktningane og halde dei i karantene til dei er helsesjekka og identifiserte, for så å sende dei vidare til Europa. Denne modellen ville gitt ein viss kontroll på kven som kjem til Noreg. Men Noreg seier nei. Noreg har enno ikkje henta dei 750 som no i vinter skulle kome.

Lukta av døde barn

I fjor fekk Quintano mykje merksemd for ein appell stila til dåverande justisminister Jøran Kallmyr. «Kjære Jøran. Jeg kan fortelle deg hvordan et dødt barn lukter», var opninga på teksten. Ho skriv om kva slags levande mareritt dei lever i, dei som tar avgjerda om å setje seg i dei skjøre båtane. Det handlar om å leve i konstant frykt, om barn som blir bomba på skulevegen, om grove overgrep av alle slag og mot båe kjønn. Desse folka set seg ikkje i ein båt fordi dei har lyst. Båtturen er siste risikofylte etappe på ei lang reise i brutalitet og vald.

Men klarar Noreg å integrere dei som vi eventuelt skal ta imot – og må dei bli her?

– Eg har stor tru på familieinnvandring. Å splitte familiar er den minst berekraftige politikken, det skapar menneske som ikkje verkar. Heller enn å snakke om byrdefordeling, likar eg å bruke ordet solidaritetsfordeling.

– Av dei tusenvis av menneska på flukt eg har møtt, er det svært få som seier at dei ikkje ønsker å vende tilbake til sitt eige land når det blir mogleg. Dei aller fleste vil tilbake til familien, sin eigen kultur og sitt eige språk. Det er vår jobb å sørge for å ikkje skape endå fleire klimaflyktningar og ikkje medverke i krigføring.

Kristina understrekar at det ikkje finst nokon som veit kor mange menneske som druknar kvar dag, men at aktiviteten i den sentrale delen av Middelhavet er stor, og at det er mange år sidan så mange har kome sjøvegen til Malta i vintermånadene. Berre i januar og februar i år kom det rundt 1000 personar.

Kvifor bryr vi oss ikkje meir?

Den danske forfattaren og debattanten Carsten Jensen har uttala at vi har blitt «medkjensletrøytte». Vi får elendet servert i alle kanalar og orkar ikkje ta det inn, vi blir rett og slett avstumpa. Kristina legg til at vi har hatt det for godt i Noreg for lenge. Det er så lenge sidan vi sjølve erfarte korleis det er å leve med store manglar, å vere utsette og utstøytte.

– Dei aller fleste som er under femti år i Noreg, manglar røynsle med å ha lite, med straumbrot eller med den konstante redsla dei lever med, dei som ikkje kan rekne med at dei får hjelp om dei bed om det, der det ikkje finst nokon å ringe til som kan ordne opp.

Quintano er òg opptatt av omgrepsbruken. Meir og meir har ordet migrant tatt over i omtalen av flyktningane i norske medium, og enkelte norske politikarar har snakka om «lykkejegerar». Ifølgje Leger Utan Grenser og FN er 85 prosent av dei som tar turen over havet, forfølgde menneske. At fleire og fleire brukar ordet migrant som eit samleomgrep, har noko å seie for kva slags person vi ser for oss.

– Eg trur media har mykje av skulda for den gryande populismen. Få bruker spalteplass og tid på å verkeleg forklare situasjonen til dei som legg ut på flukt.

Eit anna fenomen det blir snakka mykje om, er menneskesmuglarane. Dei er eit nødvendig vonde, seier Kristina.

– Det finst gode og dårlege menneske blant dei som hjelper folk illegalt over ei grense, no som alltid før. Den restriktive asylpolitikken skapar i seg sjølv eit stadig større behov for smuglarar: Når dei lovlege kanalane for å søkje asyl blir stramma inn, blir fluktrutene stadig farlegare, og ein blir meir avhengig av hjelp for å kome vidare.

Qintano tykkjer det er merkeleg at ikkje Noreg kan gjere meir, vi skulle vere godt rusta til å ta på oss ei slik oppgåve.

– Vi har mottak, vi har kompetente frivillige, og vi har mange menneske som i dag står utan noko å gjere. Og vi kan dugnad.

– Borna som ligg på havsens botn, kan vi aldri få attende. Men vi må slutte å gjere humanitære overgrep som borna våre må bede om tilgiving for om femti år, avsluttar Kristina Quintano.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kristina Quintano

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis