Kunnskap

Flått

Skogflåtten (Ixodes ricinus) er ei plage for husdyr på beite.
Skogflåtten (Ixodes ricinus) er ei plage for husdyr på beite.
Publisert Sist oppdatert

I sommar har flåtten fått hard konkurranse frå andre utrivelege fenomen som kvalrossar, klimatrøbbel og kraftkrise. Ikkje eingong spreiinga av monsterflått fulle av noko så illevarslande som Krim-Kongo-virus har fått monaleg merksemd i media. Med det dyriske perspektivet i denne spalta er det difor på tide å åtvare mot desse blodsugande middane og infeksjonane dei fører med seg.

Komplisert livssyklus

Flått finn vi over heile verda, og dei kan spreie ei lang rekkje virus, bakteriar og parasittar. Her i Noreg kjenner vi godt til skogflåtten, Ixodes ricinus, som er vanleg langs kysten opp til Dønna i Nordland, med spreidde observasjonar heilt opp til Finnmark. I Egersund blir flåtten kalla «lyngbob», andre stader i Rogaland er det vanleg med namnet «hantik», medan dei elles i landet gjerne blir omtala som «orelus» eller «skaubjønn».

Ein tett vegetasjon med god skugge og vern mot uttørking er naudsynt for at flåtten skal overleve. Flåtten treng òg ein høveleg lang og varm sommar for å formeire seg. Dei flåttane vi finn lengst nord i landet og oppe på fjellet, har nok haika dit med eit vertsdyr og er ikkje nye stabile populasjonar.

Livssyklusen til flåtten kan verke unødig komplisert, der dei først skifter mellom to mellomvertar før dei slår seg til ro som kjønnsmogne parasittar på større pattedyr, her i Noreg gjerne på ville hjortedyr. Når hoene er fulle av blod, slepper dei seg laus frå verten og legg opptil 2000 egg som etter ein månads tid blir klekte til ein halv millimeter store larvar. Desse brukar mus eller fugl som vert, der må dei suge seg fulle av blod, sleppe seg ned att i vegetasjonen og utvikle seg til ei nymfe som må ta om att same runden før ho endeleg kan utvikle seg til ein fullvaksen flått. Det tek to til tre år å gjennomføre ein slik syklus, og det er som regel høgsesong på forsommaren og så ein ny topp i august til oktober. Der det er milde vintrar, som i Rogaland, kan flåtten vere aktiv heile året.

Sjodogg

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement