Historie
Fjordingen, den gamle slitaren
Bonde Arnfinn Gjerdåker med Blakken og hesteriva, rundt 1970.
Foto: Arne Onstad
Då far, 96 år gamal, var blitt enkemann, måtte han ha noko å stå opp til. Han starta livet med ein fjording og ville avslutta det med ein fjording, denne vakraste av alle Guds skapningar, og det fekk han.
Sjølv vart eg ikkje noka hestejente, men eg hadde stor glede av å bli kjend med karane bak hestane.
Nordfjordingen Even Alme var så oppglødd at tårene stod i augo når han, som far min, kom inn på dette største av alt levande. Ein annan hestekar, unge Anders Lefdal, fortalde historia om då han skulle ta farvel med ein av hestane sine, ei merr som han hadde kalla Skatta.
Tanken var å selja merra på ei utstilling i Vestfold. Dei hadde køyrt heile natta. Då hesten gjorde noko som Anders ikkje likte, fikte han til henne. Då snudde Skatta seg, og Anders såg at tårene rann. Han vart så lei seg at han drog opp både høy og vatn til hesten, men merra nekta å eta. Det var så vondt å sjå på at han tok hestehovudet i fanget og strauk det varsamt. Så sa han til hesten at viss du et og får smilet tilbake, skal eg ikkje selja deg.
Sånn vart det. Og då hesten kom heim, rulla han seg i graset av yr glede.
Anders var sikker på at han kunne sjå både glede og sorg i hestane sine.
Inne på Tveit, hos besteforeldra mine, var der ingen premiedyr, berre slitarar i skog og mark og åker. Men morfar min var hestehandlar og fekk alvor i røysta når han fortalde om møta med karane på hestemarknaden.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.