Reportasje
Fjorden er den norske elva
EIDSFJORDEN: Etter harde kampar vart eidarane ein del av Noreg, men ikkje heilt – sjukehus, opera og vikingskipmuseum har dei bygd utan statleg innblanding.
Ferja er snart klar til å kryssa over frå Lote nord i fjorden til Anda på sørsida.
Alle foto: Håvard Rem
Midtveges i fjorden, på nordsida, har eg busett meg, på Nordfjordeid, med berre fem mil til Måløy ytst i vest og fem mil til Stryn ytst i aust. Men skal ein over til sørsida, tek ting tid. Å kryssa fjorden er ikkje gjort i ein fei. Ei ferje lyt venda, bakka og leggja til før ho kan sleppa sjukebilar av og på, og slikt vil ikkje alltid Ferjemann tid venta på.
Blåljosferja
Inga bru kryssar fjorden, men det vert arbeidd for å få den planlagde Nordfjordbrua inn i Nasjonal transportplan, ei bru nesten heilt aust i fjorden, slik Måløybrua ligg nesten heilt vest.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.