Reportasje
¿ Fjordane i Valdres
NORAKER: Det er ikkje lett å få auge på landemerke og milepålar etter dei viktige vassvegane.
Aurdalsfjorden med utsyn mot beite på vestsida.
Alle foto: Håvard Rem
Utsynet frå Noraker i Aurdal femnar dalen i sør, fjorden rakt framføre oss i vest, og i nord ein kvitflekka fjellheim. På austsida av Aurdalsfjorden, oppi høgda, har eg møtt Nils Noraker, bonde her i fjortande generasjon.
Garden har røter i vikingtid, truleg før, og er nemnd i skriftlege kjelder frå tidleg 1300-tal, før svartedauden. Slekta kan ein fylgja attende til 1500-talet, då ein brann tok kyrkjebøkene og sletta eldre spor.
I dag heiter verksemda Noraker gard og rakfisk. I år er Rakfiskfestivalen i Valdres avlyst, men garden har fleire gonger vunne fyrsteprisen. Eg dreg herfrå med ostar og spekemat frå geit nytta til nedbeiting.
Valdresbassenget
Med Aurdalsfjorden – utan fartøy og sjømerke å sjå – byrjar det sentrale Valdres, som me av to grunnar kan kalla Valdres-bassenget: Det er eit topografisk basseng, med liten intern høgdeskilnad, eit platå mellom havet og fjellheimen, ein terrasse mellom flatbygdene i sør og Jotunheimen i nord.
Og det har vore eit basseng for ferdsle med båt, slede og kjelke. Heile åtte europavegmil, men berre 150 høgdemeter, skil sørenden av Aurdalsfjorden frå nordvestenden av Vangsmjøse (der er ein berre 60 kilometer frå Sognefjorden). Begnavassdraget, som definerer Valdres, breier seg ut som farbare fjordar det meste av vegen: Etter oppdemming er berre éi av desse åtte mila ufarbar, og på den mila bur ikkje folk. Grendene har lagt seg attmed fjordane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.