Reportasje
Fjellveggen reiser seg
LÆRDAL: Sett frå fjorden står fjella som ein tusen meter høg vegg. Korleis kom ein seg over vinterstid? Vanlege folk kom seg ikkje over. Og kva tid reiste veggen seg?
Fylgjer ein Lærdalselva, opnar det seg dalar, men sett frå fjorden står fjella som ein vegg.
Alle foto: Håvard Rem
Bygdebokforfattaren og lokalpolitikaren Kåre Hovland (78) opnar panseret og ser med kjærleik på den blanke og 105 år gamle V8-motoren. Den blå Cadillacen med fem sete, 1917-modell, har han køyrt frå garden sin i Borgund til veteranbiltreffet på Lærdalsmarknaden – nemnd alt på 1700-talet som ein viktig møtestad nær både fjord og fjell. No står gliset i vasskanten og speglar seg i Sognefjorden.
Etter at eg i fyrste og andre episode reka kring nord i Langfjella, har eg no fare sørover til Nordfjella, området mellom Jotunheimen og Hardangervidda.
Cadillac og propellslede
Amerikanaren var nær ny då han vart sett inn i ei rute over Hemsedalsfjellet, frå Lærdal til Gol, der folk kunne dra vidare med den då ti år gamle Bergensbanen. Maristubilane, heitte skysselskapet. Seinare vart ruta utvida til Førde i vest og Oslo i aust, då som Sogn og Fjordane-ekspressen. Førde–Oslo-bussen går framleis som dagleg direkterute.
Vinterstid gjekk ikkje Cadillacen. Fjellet kunne vera stengt til 17. mai. Hovland fortel:
– I mellomkrigstida køyrde far min beltebil over Hemsedalsfjellet om vinteren. Posten var det viktigast å få fram, og så var det plass til elleve passasjerar. Men det gjekk i traktorfart.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.