JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Fjellføraren

Trond Berg Eriksen skulle verte teolog, men vart i staden ein stødig vegvisar for norske lesarar i den tankevrimmelen vi kallar europeisk idéhistorie.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
13531
20190412

Trond Berg Eriksen

Fødd 3. oktober 1945

Idéhistorikar, forskar, forfattar og føredragshaldar

Dr.philos. i 1975 på ei avhandling om morallæra til Aristoteles

Vann Brageprisen i 1993 for Reisen gjennom helvete. Dantes Inferno

Har omsett fleire enn 40 bøker og har vore redaktør for Samtiden og fleire større bokprosjekt

eskskje@online.no

– Eg har ikkje identiteten min knytt til at eg er ein intellektuell, ein som les og skriv bøker. Og når du grev etter kven eg er som person i møte med alle desse tenkjarane, leiter du etter identiteten min. Men for meg er det slik at når eg får spørsmål om identiteten min, då tenkjer eg mest på fjellet. Eg har ein stor del av identiteten min som fjellvandrar og fjellførar. Identiteten min er meir knytt til knea og ryggen enn til det eg har lese og skrive.

Fyrst og fremst fjellførar, altså. Men òg idéhistorikar, førelesar, sakprosaforfattar og omsetjar med vel 60 bøker på samvitet. Vi er i Drammen, heime hjå professoren. Han har vore eit prisme, og har ikkje berre tala om gamle filosofiske problem, men òg omsett desse tankane slik at dei kan nyttast til aktuelle problemstillingar i samfunnet. Eg hadde vona å finne personen bak interessa for dei vestlege filosofiske problema, for Dante, Machiavelli, Nietzsche, Freud, Kierkegaard og Augustin – om ikkje den djupe venskapen med desse gamle tenkjarane kunne fortelje oss noko om personlegdomen hans.

Men nei. Det var altså fjellførar, klatrar og vandrar han var mest.

– Det var rein slump som gjorde at eg hamna hjå desse tenkjarane. Og det er vel vanskeleg å sjå ein raud tråd gjennom tenkjarane eg har arbeidd med. Kanskje er det inderleggjeringa, individualiseringa av det vestlege mennesket som har vore det mest forunderlege å dissekere. Eg har alltid lurt på korleis og kvifor vi vert den vi er.

Han hentar ei bok, Examined lives: From Socrates to Nietzsche, og seier han er interessert i korleis ideen om det personlege og det individuelle dukkar opp i historia i ulike versjonar. I form av ei gransking av det botnlause sjølvet.

Eg freistar på nytt. Eg spør om ikkje den tidlege interessa for idéhistorie kanskje òg var ei undersøking av han sjølv i verda, som ung mann.

– Nei, ikkje akkurat. Eg vart fascinert av at Nietzsche skreiv så godt, men eg tykte filosofien hans var vanskeleg å like. Han er heftig, fokusert på problem, held ikkje noko tilbake. Det var lett å verte fanga av stemninga i tekstane hans då eg var ung.

– Så når eg grev for å få tak i deg oppi alt det du har halde på med, vil du ikkje vere med på det?

–?Nei. Du må òg hugse at mange av interessene mine var styrde av det eg måtte førelese om. Studentane lét seg begeistre av ei ny bok, av ein ny tenkjar, og då fekk eg eit påskot til å lese tekstane om att, tenkje gjennom problema på nytt.

Men Augustin står altså fast. Eriksen har skrive at Augustin var den fyrste som skildra uroa som menneskets lodd og grunnvilkår.

– Kjenner du deg att i gudslengten hans?

– Ja, vilkårslaust. Eg las Augustin som 16-åring, og det var i høgste grad ein gudslengt i meg frå puberteten av. Eg sat og las i ein eigen bås på Drammen bibliotek, like ved hyllene der all filosofien og teologien stod samla. Det var teolog eg skulle verte, men så vart eg filolog, filosof og folkeopplysar i staden.

Augustin er framleis den som står hjartet hans nærast. Han fortel at Augustin talar til han, og at han ovundrar Augustin:

–?Han tek heile historia innover seg, han ordnar, finn liner og kontroversar som han er den einaste til å peike på. Han har òg ein måte å vere aktuell på som talar til meg.

– Aktuell?

– Ja, han skriv for meg. Eg kjenner det òg slik med Dante, Kierkegaard og Nietzsche. Det handlar om råskapen deira. Eg er svak for desse råtassane i idéhistoria, av di dei seier ting så tydeleg. Dei er meir opptekne av saka enn av kva dei kan tene på det personleg, ved å tematisere det eine eller det andre.

Ved fyrste augnekast er det lite ved Trond Berg Eriksen som minner om ein råtass. Han har eit mildt og venleg vesen og verkar meir interessert i journalisten enn i å tale om seg sjølv.

Så var det dette fjellet, då. Eriksen har vore ein stødig vegvisar for norske lesarar i den vrimmelen av idear og tankar som vi kallar europeisk idéhistorie. Men så har han i tillegg hatt endå meir konkrete losoppgåver. Han vender stadig tilbake til eit krypinn ved St. Moritz i Sveits, med ein luftig veranda som han har nytta i 56 år. Herifrå har han ført folk rundt om i Alpane. Fyrst for den sveitsiske Alpeklubben, seinare på vegner av seg sjølv.

Eg vil ta opp meir aktuelle tema som surrogati og abort av tvillingfoster. Desse nye fenomena knytte til reproduksjon er fulle av etiske dilemma. Eriksen har hatt eiga etikkspalte i Morgenbladet og kan kanskje vurdere tilstanden til den etiske diskusjonen i det offentlege ordskiftet?

– Eg har mista trua på at vi kan føre gode etiske diskusjonar i det som ein gong var den borgarlege ålmenta. Det er som om kvar og ein lever i si eiga verd. Ikkje berre har vi ulike meiningar, men desse meiningane er òg knytte til ulike verder. Etisk diskusjon føreset at vi deler verda, og at vi er viljuge til å endre meining. Å gå i protesttog og vifte med plakatar er ikkje ein filosofisk måte å argumentere på. Det finst ikkje moralske autoritetar lenger, og vi har gjeve opp å verte samde om felles utgangspunkt. Eg les ei mengd aviser og tenkjer: Kor mange ulike standpunkt er det mogleg å presse inn i eitt trongt rom som teknokratar, profitørar, journalistar og reklamebransjen har definert?

Han ser inga løysing, men har diagnosen klar: Vi har vanskar med å tale saman om det normative, det som er rettleiande i etikken.

– Det gjeld berre å hyle høgast og finne på noko lurt for å fange merksemda til publikum. Det kunne ha vore mogeleg med gode etiske diskusjonar om aktuelle tema dersom vi hadde felles syn på kva eit menneske er. Men ein slik diskusjon om mennesket er det ikkje mogleg å få til lenger. Det grenselause i tenkinga om kva som er rett og gale, finst sjølv i mindre grupperingar som tidlegare var samde om det meste, som dei kristne i Noreg, til dømes. Men sjølv her er det ikkje eit felles utgangspunkt: Sjå berre på debattsidene i Vårt Land. Alle kontroversielle tema vert no for tida løyste på same måte, med demonstrasjonar, opprop, private innfall og brøling.

Eit langt liv saman med eldgamle tankar og førestillingar har gjort Trond Berg Eriksen til ein populær førelesar og turleiar. I dag lever vi i eit Europa der fleire av dei gamle førestillingane pregar liva til både muslimar og kristne. Ord og ritar vert gjorde heilage, i ulike religionar, men same kva vi trur på, må vi leve saman. Men korleis?

– Eg synest ofte at skilnadene er større internt i kvar religion enn mellom dei ulike tanketradisjonane. Pavekyrkja er for tida oppteken av islam. Katolikkane og muslimane finn saman, for dei har eit felles ynske om å få den gamle ordenen tilbake, det dei er samde om på tvers av trua. Eg trur dette er eit uttrykk for at mange er skeptiske til den moderne verda. Det er ikkje noko nytt at vi blandar truande eller menneske frå ulike nasjonar i Europa. Vanskane ligg i korleis dei religiøse kan halde rekneskap med det moderne, useriøse og uforpliktande som stormar fram på alle frontar.

Eriksen talar ikkje positivt om det moderne, som handlar om at økonomien og stemmevolumet skal vinne.

– Kva som er mest lønsamt, er det viktigaste argumentet. Eg tolkar dei religiøse i dag, kristne og muslimar, som søkjande etter ein felles måte å tenkje på som kan gjere greie for seg. Fronten mot det moderne sameinar dei. Den einaste måten det moderne kan gjere greie for seg på, er pengar. Argumentet er alltid det same: Alternativet vil gje oss større utgifter. Og dei økonomiske reknestykka endar opp i dilemma som vi likevel ikkje får til å diskutere.

Eriksen har skrive at «kultur er noko ein er, tankar er noko ein tenkjer». Kultur er altså praksis.

– Kva tenkjer du om at den norske kulturen skulle vere kristen?

– Eg er ikkje samd. Det er for mange haldningar og praksisformer i Noreg som bryt med dei kristne læresetningane. Eg har sete i kyrkjelydsråd i ulike kyrkjelydar i mange år. Der går det meir eller mindre føre seg ei kontinuerleg gravferd.

– Korleis?

– Det går eit resignert sukk gjennom det kristne Noreg. At den norske kulturen skulle vere kristen, ser eg i praksis ikkje noko til på grasrota i kyrkja. Når somme seier at den norske kulturen er kristen, seier dei det fordi dei kan vinne noko på det. Men berre menneske er kristne, kulturar kan ikkje vere truande eller vantruande.

Diskusjonen i Noreg handlar òg om «nasjonal identitet», nytta som ein identitetsmarkør mot det som er framandt: Vi talar om brunost, griseeting og utilslørte kvinner. Men Eriksen er ikkje overtydd:

– Omgrepet «nasjonal identitet» er eit retorisk triks.

Han fortel at han vert «bestefarsgripen» av å sjå 17. mai-feiringa i hovudstaden.

– Det er eit av dei få tilfella der vi nordmenn er både nasjonale og samstundes integrerer framande. Vi ser menneske i sine eigne kulturplagg vifte med sine eigne nasjonalflagg, men òg det norske flagget. Ein nasjonal identitet kan sjølvsagd vere mangfaldig. Det er meiningslaust å krevje, på Listhaug-maner, at ein skal leggje av seg dei somaliske klesplagga i Svinesund. Nasjonal identitet er å ha ei felles historie. Idretten kan samle oss, til dømes. Sjå berre kor barnsleg stolte vi var av alle medaljane i VM i langrenn i Seefeld.

– Trur du Mohammed frå Somalia som bur i Tønsberg, var stolt?

– Eg trur han er på veg dit. Vi må ikkje verte fastlåste til éin bruk av bestemte symbol knytte til det nasjonale, som mat eller klede. I den grad det nasjonale er ein opplevd identitet hjå folk, kan det finne uttrykk i andre nasjonale symbol enn brunost, altså mat, eller slør eller ikkje slør på hovudet, altså klede.

– Vi høyrer politiske diskusjonar om «kristne verdiar», oftast knytte til diskusjonen om det norske, som ein identitetsmarkør mot islam. Kva er «kristne verdiar»?

– Nestekjærleik kan vere ein slik verdi, men dette er òg ein sentral verdi i islamsk tradisjon. Moralsk alvor er ein kristen verdi, men denne verdien kan òg vere representert utan dei kristne forteljingane. Dei kristne verdiane kan vere representerte vel så godt hjå dei førmoderne muslimske innvandrarane som i dei kristne krinsane.

Eg vil tale meir om islam, for vi ser stadig konfliktar i heile Europa om islamsk tru og praksis.

– Kva gjer vi no når vi ser at høgrepopulismen veks, eller når europearar er redde for at islam skal verte dominerande i Europa?

– Å leve i ein multikulturell kontekst har alltid vore krevjande, men samstundes lærerikt: Det er lett å spå at den moderne likesæla, som kler seg ut som toleranse, òg vil innhente dei som framleis lever i tradisjonskulturar. Religionane treng ikkje å frykte kvarandre. Dei vil snart verte slukte av den ustoppelege og innhaldslause velviljen til blide teknokratar.

– Så du er altså på den lina at det vil gå seg til, at muslimane i Europa vil verte gradvis meir sekulariserte?

– Ja, det trur eg vi må rekne med. Det vil ikkje vere verdiar som integrerer oss og dei i heilskapen, men teknikkar, overvaking og styrande regler som gir seg ut for å vere sjølvsagde.

– Skal vi ta omsyn til at truande kjenner seg krenkte av kritikk av trua deira?

– Nei, krenking er ein del av reknestykket. Det er berre personar heilt utan innhald som kan unngå å verte krenkte. Krenking kan òg vere uttrykk for respekt. Dei vi ikkje tiltrur mogelegheita for å verte krenkte, har vi ingen respekt for.

Arnulf Øverland køyrde kristendomen hardt. Eg undrar om Eriksen trur vi kunne sett ein slik kritikk av islam i dag, av ein norsk forfattar.

– Nei, men det er fordi eg trur at kristendommen alt har tatt noko av støyten. Krafta i kritikken er ikkje like sterk lenger. Øverland vart oppfatta som ein rabulist, då, men tretti år seinare vart det han sa, oppfatta som sjølvsagt. Eg oppfattar min eigen kristendom som noko kontrafaktisk, som ei alternativ haldning. Eg er ikkje kristen fordi denne trua er ein norsk statsreligion, men fordi det å leve som ein truande i våre dagar er å inspirere til ein motkultur så godt ein kan. For meg er religionen nært knytt til kulturkritikk.

– Trur du på den kristne Gud?

– Ja. Vilkårslaust.

– Og på Jesus som din frelsar?

– Det vert motsetningsfullt for meg å svare på dette, for då får eg ei rekke meiningsfellar som eg ikkje vil ha. Eg vil ikkje svare på det, for eg vil ikkje bli identifisert med plumpe og direkte løysingar. Tilhøvet mitt til Gud er eit problem som eg tenkjer over utan pausar. Finst det ei meining i tilværet eller ikkje? Trua mi kan ikkje målast med spørjeskjema der eg skal krysse av for «ja» eller «nei» på ulike påstandar. Og ein må passe seg for at trua berre vert noko ein kjempar for eller mot.

Eriksen seier at han elskar å gå i gudstenester og å sitje i eit alvorsfylt rom med verkelege mottakingar av nyfødde barn til fellesskapet og farvel til dei som har levt livet til endes:

– Eg må i kyrkja sundagar klokka elleve. Og i Italia er eg katolikk.

Men konvertere vil han ikkje.

– Det vert for konkret. Då vert det ein demonstrasjon, eit prangande standpunkt.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Alle kontroversielle tema vert no for tida løyste på same måte, med demonstrasjonar, opprop, private innfall og brøling.

– Berre menneske er kristne, kulturar kan ikkje vere truande eller vantruande.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek  Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

I rykk og napp

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis