Filmskapar fanga i mytar

Federico Fellini var ein folkeleg filmskapar som ikkje gjekk av vegen for å drite ut autoritetane.

Federico Fellini poserer saman med skodespelarane Hiram Keller (t.v.), Max Born og Martin Potter i samband med innspelinga av Satyricon i Roma 26. mars 1969.
Federico Fellini poserer saman med skodespelarane Hiram Keller (t.v.), Max Born og Martin Potter i samband med innspelinga av Satyricon i Roma 26. mars 1969.
Publisert

Den 20. januar ville Federico Fellini fylt 100 år. Då han døydde 31. oktober 1993, var han kan hende, ved sida av Ingmar Bergman, den fremste av alle internasjonale filmregissørar. Han fekk fem Oscar-statuettar, ein av dei var for «a life time achievement». Det blir sagt at då han fekk den siste statuetten, var han ikkje glad. Han trudde det ville innebere at han ikkje kunne lage film meir.

Fellini høyrer til den store gruppa framifrå filmskaparar som voks fram i Italia etter andre verdskrigen. Men kan hende er han blant namn som Roberto Rossellini, Luchino Visconti, Vittorio de Sica, Michelangelo Antonioni og Pier Paolo Pasolino den fremste av dei alle.

Karrieren til Fellini byrja i krigsåra. Han var karikaturteiknar. Han skreiv manus for seriehøyrespel for radio, der han mellom anna arbeidde saman med skodespelaren Giulietta Masina, som han gifte seg med i 1943. Ho var stjerna i mange av dei seinare filmane hans.

I 1944 kom han inn eit miljø av unge filmskaparar som ville leggje grunnen for ein ny italiensk film som skulle bryte med den røyndomsfjerne filmen frå fascismen. Ein av dei var Roberto Rossellini, som regisserte meisterverket Rom – åpen by (Roma, città aperta) (1945), som Fellini var med på skrive manus til. Dette gjorde at han snøgt blei ein av dei fremste nye manusskriptforfattarane i vågen av filmar som innleidde ei ny retning i italiensk og internasjonal film: neorealismen.

Blant dei mest kjende neorealistiske filmane er Sykkeltyvene (Ladri di biciclette) (1948) av De Sica, Skopusserne (Sciuscià) (1946) av Visconti og Bitter ris (Riso Amaro) (1949) av Giuseppe di Santis. Gategutter av Arne Skouen frå 1949 er eit norsk døme.

25 filmar på 40 år

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement