JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmFeature

– Hatet gjev meg kraft

Utan hatmeldingar og drapstrugsmål frå nynazistar ville
Deeyah Khan truleg ikkje laga filmen I møte med fienden.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
8037
20180518

Bakgrunn

Deeyah Khan (41)

Aktivist, filmskapar, musikar og produsent

Grunnleggjar av produksjonsselskapet Fuuse

Vinnar av høgthengande prisar, som Emmy og BAFTA

Fire favorittar

Bok: For tida les eg Madeleine Albrights Facism: A Warning. Farane rundt populisme er meir levande for meg etter å ha filma i USA.

Film: Black Panther. Dette er kanskje eit openbert val, men det er så forfriskande å sjå eit fleirtal farga rolleinnehavarar i ein vanleg og suksessfull film, at eg må velja han.

Album: For augneblinken høyrer eg på Mahsa Vahdats album Endless Path.

Reisemål: New York. Der har eg mange nære vennar.

Film

maylinnclement@hotmail.com

I dokumentarfilmen I møte med fienden, som ligg på nettsidene til NRK, marsjerer Deeyah Khan saman med høgreekstreme i den amerikanske byen Charlottesville. Ho skil seg ut. Ikkje berre er ho kvinne, ho er òg brun i huda.

– Eg var livredd, og eg visste eg ville vera eit klart byte om ting kom ut av kontroll, seier ho.

Ho vert ikkje skada av nynazistane. Men når Antifa-rørsla bruker tåregass mot dei marsjerande, vert Deeyah òg råka.

– Ytterleggåande grupper radikaliserer kvarandre. Å møta vald med meir vald hjelper ikkje. Ekstremistar er alt paranoide. Vald vil berre styrkja offerolla som eggjar dei.

Truga frå landet

– Eg kunna ha plukka opp eit våpen. I staden plukka eg opp eit filmkamera, sa Deeyah i ei tale i 2016.

I 1990-åra toppa ho hitlistene i Noreg med låta «Get Off My Back». Populariteten auka i takt med hetsen og trugsmåla mot den unge artisten. 17 år gamal såg ikkje foreldra anna råd. Dottera måtte reisa frå landet. I trygge Noreg var ho ikkje trygg.

Media skreiv om Deepika, som ho då heitte, som vart truga ut av landet. Likevel var det ingen som hjelpte henne, ingen som henta henne heim. Sjølv har Deeyah samanlikna seg med den siste kofferten som ligg att på bagasjebandet på flyplassen, han som ingen gjer krav på.

Denne kjensla av å vera etterlaten og åleine seier Deeyah ho kjenner att frå intervju ho har gjort med høgreekstreme og jihadistar.

– I båe grupper finn du menneske som føler seg urettferdig handsama og skuldar alt på «dei andre», anten det er dei svarte, dei fråfalne eller jødane.

Giftig maskulinitet

Det er flest menn som vert ekstremistar, med ærekjensla som ei drivkraft. Deeyah fortel at det i enkelte muslimske familiar er ei førestilling om at gruppa er éi eining. Kvart familiemedlem er ansvarlege for omdømet deira. Unge menn er knebla av forventingar. Somme er styrte mot karrierar som handlar meir om statusen til familien enn eigne interesser. Dette kan gje ei kjensle av å vera ufullkomen.

– Mykje dysfunksjonalitet i muslimske heimar vert dekt til for å halda på æra. Det gjev øydelagde menneske som ikkje vil søkja hjelp, då det er skammeleg. På toppen av det heile er opplevinga av rasisme audmjukande. Dette gjer unge menn sårbare for forkynningar frå ekstremistar, seier ho.

Deeyah meiner me må utfordra det ho kallar den giftige maskuliniteten.

– Det er ikkje tilfeldig at hatefulle organisasjonar som er dominerte av menn, òg har ekstremt sexistiske ideal. Me bør heidra mannlege sider som ikkje byggjer på dominans og status, som ikkje er valdelege eller undertrykkjande mot andre. Det er ikkje berre viktig med tanke på ekstremisme: Menn står bak brorparten av all valdeleg kriminalitet.

Jenter vert overvakTe

I 2012 laga Deeyah Banaz: A Love Story, ein dokumentarfilm som fortel om eit varsla mord. Den 21 år gamal jenta Banaz vart drepen av den næraste familien sin etter at ho skilde seg frå ein valdeleg mann. Fem gongar gjekk ho til politiet med trugsmåla, men ingenting vart gjort for å stoppa det. Ho enda opp i ein koffert seks fot under jorda i hagen til foreldra sine. Det er skakande å sjå korleis eit heilt samfunn i dagens England meir eller mindre er involverte i det såkalla æresdrapet.

– I somme muslimske miljø kontrollerer alle kvarandre. Gjer du noko skamfullt, råkar det ikkje berre deg; det gjeld bror din, far din og syskenbarnet ditt. Dette er ein kvelande atmosfære for unge menneske.

I motsetnad til gutar og menn vert jenter konstant overvakte for å sikra at dei er ærbare – ei jente som kan giftast bort.

– Kvinneleg seksuell framferd får ei vanvitug merksemd og vert rekna som viktig for heile slekta og samfunnet. Heile miljø tek oppgåva med å føra tilsyn over unge jenter for å hindra dei i å gjere noko ærelaust.

Deler humanitet

I dokumentarfilmane Jihad: Hellige krigere (2015) og I møte med fienden (2017) møter Deeyah menneska ho frykta mest: Mørkhuda menn med skjegg og kvite, aggressive rasistar. Som tilskodar slår det meg kor venleg Deeyah er. Ho møter desse mennene som menneske. Ein godt vaksen nynazist, Brian Culpepper, forlét NSM (National Socialist Movement) etter å ha blitt kjend med Deeyah gjennom filminga.

– Er det dialog som er krafta bak dette?

– Det er menneskeleg kommunikasjon som er krafta. Ofte fungerer ikkje dialog på grunn av at partane er påståelege. Då forsterkar han berre standpunkta til den andre sida.

Deeyah seier ekstremistar ofte sit på store mengder falsk informasjon frå partiske kjelder. Tidlegare nynazist Frank Meeing fortalde henne om korleis han i timevis kunne søkja på nettet etter informasjon som styrkte synet han hadde, og byggja opp ein database med kjappe argument klare til ordskifte.

– Det er mykje enklare for ein nynazist å fornekta fakta knytte til rasisme, enn å sjå meg inn i augo og kalla meg skitfarga. Brian Culpepper skifta syn etter å ha sett korleis eg, ei brunhuda muslimsk kvinne, og han sjølv deler humanitet. Me skulle vore fiendar, men me vart vennar.

Feministisk brodd

Etter at ho flytta frå Noreg som 17-åring, har Deeyah budd i England og i USA. No er ho i London, men har framleis tette band til Noreg.

Frå i år av er Deeyah eit av dei ti faste medlemane i Norsk kulturråd. Rådet forvaltar Norsk kulturfond og skal dela ut 950 millionar til kunst- og kulturprosjekt berre i 2018.

– Eg brenn for prosjekt som bidreg til meir fellesskap mellom kulturar. Kunst som stimulerer til vanskeleg dialog, interesserer meg.

Deeyah seier ho ynskjer å at fleire kvinner og minoritetar skal få høve til å uttykkja seg. Sjølv står ho bak nettmagasinet sister-hood.com, ei plattform der kvinner med muslimsk opphav skriv.

– Det viktigaste målet mitt med dette var å utfordra stereotypien som omringa muslimske kvinner. Eg ville samla alle nyansane, frå fromme kvinner som aktar hijaben, til eksmuslimar som fortel om kvifor dei forlét trua. Mangfaldet av røyster har verkeleg vist kor avgrensa dekkinga av muslimske kvinner er i etablerte medium, og det store potensialet desse kvinnene har til å skapa positive endringar.

Innanfor norsk aktivisme vyrdar ho skamløs-rørsla og Født Fri-stiftinga. Begge kjempar mot negativ sosial kontroll og æreskultur.

– Det er nett dette Noreg treng.

Trugsmål

At Deeyah kommenterer ømme og mørke tema offentleg, gjev henne tilbakeslag i form av hatmeldingar og trugsmål.

– Dette fortel meg at det eg gjer, er rett. Eg har opplevd så mykje hat gjennom heile karrieren min at det ikkje sjokkerer meg lenger. No er eg verken redd eller sint – eg vil berre finna ut kor dette hatet kjem frå.

Tema som ser mørke ut, er ikkje berre det. Folk som er ekstremistar, er ikkje berre vonde.

– Ved å eta dessert med ein som var med i Ku Klux Klan, og drikka te med tilhengjarar av heilag krig, ser eg dei skjulte menneskelege sidene deira. I stunder kan eg nesten gløyma at dei eg knyter band med, har slike usle standpunkt, men så seier dei brått noko støytande. Det er ein slags emosjonell berg-og-dalbane.

Når ho er ferdig med ein film, er det familien og vennene som hjelper henne med å koma attende til seg sjølv.

– Berre det å vera rundt omsynsfulle og kjærlege folk minner meg på at det er meir til menneska enn fordommar og hat. Det gjev meg styrke til å halde fram med nye prosjekt.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det er menneskeleg kommunikasjon som er krafta.

Deeyah Khan

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis