FF «Kronprins Haakon»

For to veker sidan vart ishavsskuta «Kronprins Haakon» døypt. Det er 101 år sidan sist eit nytt isgåande forskingsskip var sjøsett i Noreg.

?FF «Kronprins Haakon» sitt fyrste ordinære tokt gjekk til Framstredet mellom Svalbard og Grønland.
?FF «Kronprins Haakon» sitt fyrste ordinære tokt gjekk til Framstredet mellom Svalbard og Grønland.
Publisert

Det var ein sur nordavind med yr i lufta då prinsesse Ingrid Alexandra sleppte ein isklump mot skutesida og ynskte båten som har fått namn etter far hennar, lykke til på alle verdas hav. Og det var inga kvardagsleg hending i polar- og sjøfartsnasjonen Noreg dei frammøtte på kaia i Tromsø tok del i. Faktisk har det berre skjedd to gonger tidlegare at ei polar forskingsskute har vorte døypt her i landet.

Første gong var i Larvik 26. oktober 1892, då Colin Archer sjøsette Fridtjof Nansens «Fram». Då var det kona til Nansen, Eva, som var gudmor. «Fram» fekk, som me veit, eit stolt liv. Med Nansen i Polhavet og med Roald Amundsen mot Sørpolen vart ho den skuta som hadde vore lengst både nord og sør på planeten. I tillegg førte Otto Sverdrup «Fram» til nytt land i Nord-Canada.

Men tre lange polarekspedisjonar hadde tatt på, og då Amundsen skulle nordover i Polhavet i 1918, hadde han bygd ei ny skute, «Maud» – sjøsett og døypt 7. juni 1917 i Asker. Det var Amundsen sjølv som stod for dåpen: «Det er ikke for at håne den ædle druesaft, jeg døber dig med is,», sa Amundsen, «men til isen er du gjort, i isen skal du tilbringe någen af dine bedste aar, i isen skal du udføre din gjerning.» Det fekk han rett i. Etter ein sjuårig ekspedisjon i Polhavet gjekk «Maud» som fraktskute i Nord-Amerika, før ho etter kvart sokk og vart liggjande under isfylt vatn i 85 år. I sumar kom skroget attende til Noreg – etter ein imponerande bergingsaksjon.

Kravet om ein isbrytar

Heilt sidan Polarinstituttets fyrste direktør Adolf Hoel saman med polfarar Otto Sverdrup tok eit initiativ om ein norsk isbrytar i 1922, har det vore eit jamt krav om at Noreg må ta seg råd til å byggje ei skikkeleg polarskute. Lenge var det snakk om ein isbrytar som skulle tene fleire føremål: Han skulle forlenge sesongen på Svalbard og vere eit bergingsfartøy for selfangstflåten. Han skulle nyttast for å bryte opp Oslofjorden – dei gongene det vart naudsynt. I tillegg skulle han frakte forskarar nordover i drivisen og sørover til det norske kravområdet i Antarktis.

I 1948 løyvde stortinget fire millionar til ein slik båt. Året etter kom ein ny million. Men i 1950 vart løyvinga trekt attende for å spare pengar på statsbudsjettet. Og planane kom aldri lenger enn til teiknebordet – til stadig frustrasjon for alle som meinte det var ein skandale at polarnasjonen Noreg ikkje hadde ein isbrytar. Og så flautt, vart det sagt: svenskane, danskane og finlendarane hadde isbrytarar. Og britane – for ikkje å snakke om russarane som hadde pløgd rundt i Polhavet sidan 1920-åra. Frå ishavsbyane Tromsø og Ålesund kunne ein høyre ropa om at landets politikarar ikkje prioriterte tryggleiken til fangstfolka og befolkninga på Svalbard; polarforskarar fortvilte over at dei ikkje kunne følgje med i internasjonaliseringa av Arktis; og polarstrategane var redde Noreg ikkje klarte å handheve suverenitetskrava sine utan ein isbrytar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement