Mat

Festivalmat

I Vadsø fekk festivalmusikarane mat og drykk om bord i eit seglskip.
I Vadsø fekk festivalmusikarane mat og drykk om bord i eit seglskip.
Publisert

I tidlegare tider var dei fleste festivalar til ære for gudar og helgenar. I dag er det eit langt meir mangfaldig omgrep. I Noreg vert det kvart år arrangert om lag tusen festivalar med smått og stort.

Ikkje at eg har vore på Rakfiskfestivalen på Fagernes, men som ihuga fan av halvroten fisk er eg sjølvsagt freista. Eg har høyrt at somme av gjestane der har med seg ein skarp ein på innerlomma for å få spare litt på skillingen, og det må da vere norsk kultur så godt som noko. Lommelerka er fotfolkets beste bolverk mot skyhøge alkoholprisar.

Sjølv er det kjenner eg best musikkfestivalane, som trufast benkeslitar på jazzfestivalar kvart bidige år sidan 1974. I ettertida har eg, i overmoden alder, byrja å fuske i faget med eit jazz-, poesi- og satireorkester, og festivalane er dei sikraste oppdragsgjevarane våre.

Smale ting som jazzpoesi og satire vil nok aldri bli framførte for mange titusen på Øya eller Wembley stadion, men festivalar med litt sponsorstøtte og offentleg velvilje i ryggen finn rett som det er på å sette oss på programmet. Dermed får underteikna og den framifrå pianisten og kontrabassisten min oppleve Noreg på sitt aller beste på høgsommaren, gjerne i juli eller august.

Slik gjekk det til at vi kom til Varangerfestivalen, som blei eit minne for livet. Sjølv har eg høyrt skrekkhistorier frå gamle dagar om musikarar som etter konserten måtte springe gatelangs for å få seg noko søppelmat i kroppen etter klokka elleve om kvelden, men dei fleste proffe arrangørar har det der på stell no, og vel så det: På Lillehammer varta arrangør Frank opp med braisert svinekjake og øl frå eige bryggeri. I Varanger fekk vi artistar til og med eit heilt eige seglskip til disposisjon, der det vanka både vått og tørt av høg kvalitet, og det nesten heile døgnet.

Å få nyte den nordnorske sommaren er eit mirakel i seg sjølv. Opplevinga blei kraftig forsterka av å sitje i et flott seglskip under den nordnorske sola og ete kyllingbryst og drikke vin saman med folk som Halvdan Sivertsen og De Lillos. Eg sat faktisk så nær Halvdan at eg ved sjølvsyn kunne konstatere at han ikkje har ti tusen tommeltottar. Han har berre to.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement