Festar Stavanger til lerretetSidan gjennombrotet med i 2001 har Silje Salomonsen vore ein gjengangar i filmar frå Stavanger. I desse dagar, eller rettare sagt netter, vert den siste i rekkja,
Sidan gjennombrotet med Mongoland i 2001 har Silje Salomonsen vore ein gjengangar i filmar frå Stavanger. I desse dagar, eller rettare sagt netter, vert den siste i rekkja, Now It’s Dark, spela inn.
– Det verka som ein god idé i byrjinga, seier Silje og ler.
Å filma utandørs på nattetid har dei siste vekene vore ein temmeleg kjølig business.
Eg møter henne på ein ny, fresh restaurant på austsida i Stavanger. Silje bestiller mat utan å lesa menyen fyrst, ho er for svolten til det. Det har gått i eitt dei siste timane. Yngstejenta Billie (3) har vore i fødselsdagsselskap, og Silje har nett levert henne på kontoret i enden av Pedersgata, der Arild og eldstedottera Vega (7) heng. Ektemannen Arild Østin Ommundsen er regissøren bak dei fleste av filmane ein assosierer med omgrepet «Stavanger-bølgen», som mellom anna Monstertorsdag, Rottenetter og Eventyrland.
– Tidlegare hadde me kontor heime. Det vil seia, alt av filmutstyr, kostymer og andre rekvisita var lagra heime hos oss. I tillegg hadde Arild klipperom i kjellaren.
Silje rynkar panna og ristar raskt på krøllene. Det gjorde seg å få jobben ut av huset, i alle høve før arbeidet med filmen Now It’s Dark tok til. Dette er den største filmen duoen har vore saman om på lang tid, og etter planen er han klar for publikum tidleg i 2018. I hovudrolla finn vi Silje.
– Me fylgjer karakteren Lene gjennom ei temmeleg snodig natt. Kvelden byrjar på Stokka, vest i byen, og historia endar opp i aust i byen. Dette er den mest «Stavanger-Stavangerfilmen» Arild har laga, konkluderer ho.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.