Kunnskap
Feitt nok
Ein overvektig hund har ikkje eit godt hundeliv.
Foto: Pixabay
Hundar er opphaveleg åtseletarar som et alt dei kjem over, men der dei ville hundedyra lever på ei blanding av byttedyr, sjølvdaude dyr, bær, frukt og insekt, har dei tamme hundane tilpassa seg den karbohydratrike kosten dei finn i nærleiken av menneskebustadene. Likevel har hundar vi held som kjæledyr, framleis den same trongen til å ete kjøt som dei ville slektningane.
Godt rotna
Hundedyra har tilpassa seg eit liv der dei et sjeldan og mykje. Det kan vere mykje mat i eit daudt byttedyr, men i naturen er konkurransen stor, og ingen kan vite sikkert når måltidet er over, eller når det blir mat neste gong.
Difor har hundane evne til å overfylle magesekken og ta med maten for seinare å kaste han opp. På det viset kan dei dele overskotet med kvalpane, drektige tisper eller andre i flokken som ikkje kunne vere med på sjølve måltidet. Både ulvar, revar og villhundar deler mat på dette viset, noko som er ein viktig del av oppfostringa av kvalpane, og som òg styrker dei sosiale banda mellom dei vaksne individa.
Hundar skil ut 100 gonger meir magesyre enn menneske, og det gjer det mogleg å bryte ned og fordøye rått kjøt og beinrestar. Men er det overskot av mat, vil hundane prioritere lettfordøyeleg mat som feitt og innvolar og leggje bein og det seige kjøtet til modning.
Hundar har truleg ei god evne til kjenne att lukta av «godt rotna mat», som ein parallell til gleda folk kan ha over å ete gamalost eller rakefisk, og dei kan lett finne att nedgravne matrestar for å halde fram med festen. Den sterke magesyra gjev òg hundane eit godt vern mot matforgiftning.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.