Sjakk

Fascinasjonen for juks

Magnus Carlsen tek eit oppgjer med eit eksistensielt trugsmål for sjakkspelet.

Ingen kan som Magnus Carlsen seia at eit trekk eller ein trekkserie ikkje er menneskeleg. Difor er det så risikabelt å juksa mot verdsmeisteren, som unge Hans Niemann har fått røyna.
Ingen kan som Magnus Carlsen seia at eit trekk eller ein trekkserie ikkje er menneskeleg. Difor er det så risikabelt å juksa mot verdsmeisteren, som unge Hans Niemann har fått røyna.
Publisert

Kan det vera for mykje sjakk i norske medium? Eg smilte blygt då nok ein kollega i heisen pensa samtalen over på mediebiletet. «Det skjer jo viktigare ting i verda», kontra eg, før ho byrja åtaket. «Jo, men fascinasjonen for juks er like gamal som mennesket sjølv», sa professoren i fransk barokklitteratur. «Det har du rett i», sa eg nøgd.

Eg har engasjert meg i sjakkjuks i lang tid. Ikkje alle historier kjem fram i ljoset, og fleire skuldige går fri. Samstundes har verdseliten dei siste åra vore fri for juks. Dette kan koma av at sjakkspelarar på høgste nivå har høgre moral og er meir intelligente enn andre sportsstjerner, men like viktig er det nok at det ikkje er altfor mykje pengar i sjakk. Verdseliten, som er ein liten klikk, nyt godt av invitasjonar til dei beste turneringane og trivst med det. Dei har ikkje noko ynske om å endra på status quo.

På nivået under verdseliten er situasjonen heilt annleis. På lægste nivå er det verst. Den leiande sjakkplattforma Chess.com kastar ut opp mot 20.000 spelarar i månaden. For dei aller fleste av desse juksarane er sjakk berre eit brettspel, og dei juksar med lett hand, slik dei også juksar i kortspel på hytta. Den typiske nettjuksaren kjem til sjakken på slump, til dømes frå Queen’s Gambit eller ein annan TV-serie, og kan ikkje stort meir enn reglane.

Den type juks har ikkje noko med sjakk å gjera, men med menneskeleg moral. Det nybyrjaren ikkje veit, er at milliardkonsernet Chess.com har utvikla algoritmar som avslører lange seriar av datatrekk, som når juksaren spelar på PC-en, men samstundes får hjelp frå eit analyseprogram på mobiltelefonen.

Jukseskandalane

Dei siste åra har vi hatt eit dusin spektakulære juksehistorier. Eg rapporterte den blinde vektlyftaren Stein Bjørnsen til sjakkforbundet same dag som han vann ei turnering på Fagernes med perfekte datatrekk. Sjølv kunne han knapt spela sjakk, men han fekk mykje sympati frå det norske folk den fyrste tida av di vi menneske likar å tru på gode historier. Vi vil gjerne tru det beste om amatøren som over natta vert eit geni. For Bjørnsen kom sigrane på sjakkbrettet frå kommunikasjon med ein «hjelpar» (maskin og/eller menneske) via ein øyreplugg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement