Fanga i Barentsburg

BARENTSBURG: Krigen i Ukraina endrar tilværet også på Svalbard, der ukrainarar og russarar jobbar saman i kolgruva.

Hovudgata i Barentsburg. Hotellet i bakgrunnen, administrasjonsbygningen til Trust Arktikugol til høgre.
Hovudgata i Barentsburg. Hotellet i bakgrunnen, administrasjonsbygningen til Trust Arktikugol til høgre.
Publisert

Det kviler eit vemod over gruvebyen. Ein ser det i augo på folk. Sjølv om ingen vil snakke om krigen, har han sett sine spor. Mange har reist, og fleire vil følgje etter. For få år sidan budde nærare 600 menneske i Barentsburg. I dag er talet 340.

– Du you hate me, seier ho med sitt blåaste blikk.

Eg møter ho ved kulturhuset, i sentrum av den russiske kolbyen på Svalbard. Det var noko med skikkelsen der ho kom gåande. Sola strålar frå skyfri himmel, det er skarp kulde og bitande kald austleg vind. Eit lite nikk og eit stillferdig «hello» hadde fått oss til å stogge. Ho snakkar haltande engelsk og fortel at ho er russisk. Det var etter at eg hadde presentert meg og sagt kor eg kom frå, at ho spurde, og eg utbraut «what?».

– Do you hate me, gjentek ho.

– No, I don’t hate you. Why should I?

Ho har trekt hetta på jakka over hovudet og snørt til. Det gjer ansiktet mindre og augo større.

Allereie abonnent?
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.
Lydavis
Nettartiklar
Digital utgåve
Arkiv
Spel