Sport

Få auditionar

Oslo Danse Ensemble, avbilda i 2000, var lenge eit av dei leiande dansekompania i landet.
Oslo Danse Ensemble, avbilda i 2000, var lenge eit av dei leiande dansekompania i landet.
Publisert

Kan ein leve av å danse? Eit spørsmål dansarar, og andre kunstnarar, må svare på både titt og ofte – motvillig eller ei. Ein dansekarriere krev sitt, både før og no.

Idrettsutøvar eller kunstnar? Dansaren er ofte begge delar. Det spenner frå dei meir kommersielle dansarane, som er med i musikalar og TV-show, til dei som driv med konseptuell kunstnarisk dans. Hard trening er det uansett.

Dansarane som før vart oppdaga på audition, kan no bli plukka opp på Instagram og andre sosiale medium. Med eit YouTube fullt av dansevi­deoar ligg det til rette for at fleire kan bli gode. Ein er ikkje lenger nøydd til reise til Los Angeles for å treffe den rette danselæraren. Men at kunnskapen blir spreidd, inneber også at konkurransen om å slå igjennom no er enorm.

Dansekunstnaren Emilie Marie Karlsen fortel om trendar og fasar. Mens vektlegginga før var meir teknisk, jobbar dansarane i nordisk kontekst no meir konseptuelt. Bodskapen og tanken bak framsyninga er essensiell.

Før var det også vanlegare å høyre til eit dansekompani, slik dreiv ein ikkje heilt på eiga hand. Skal ein i dag få dei prosjekta ein ønskjer som dansar, må ein i tillegg til det fysiske og kunstnariske også vere sin eigen sjef. Ein må vere god til å skrive søknader, ha eit visst nettverk og hugse å føre rekneskap i mai.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement