JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

EssayFeature

Usannsynlege Keynes

Del 1: Framtida er tidvis særmerkt av radikal uvisse, meinte den engelske økonomen
John Maynard Keynes: Vi kan ikkje talfesta odds for framtidige kriser og krakk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Illustrasjon: Björk Bjarkadottir

Illustrasjon: Björk Bjarkadottir

12524
20190614

Bakgrunn

Morten Søberg skriv to essay om framtid.

I dette nummeret: Kva John Maynard Keynes tenkte om sannsyn og uvisse i framtida.

I neste nummer: Om korleis bystaten Singapore tek Keynes på ordet og planlegg for ei usikker framtid.

Kor stort er sannsynet for ei ny, global finanskrise om 10 eller 20 år? Kor høge odds er det for at Oljefondet framleis finst om 100 år? Det opplagde svaret er at du ikkje veit. Eit anna svar er at slike spørsmål lyt eg lesa Keynes for å tenkja gjennom.

John Maynard Keynes? På ein husvegg i området Bloomsbury i London heng eit lite skilt med kvit skrift på blå botn. Det gjer kjent at han levde frå 1883 til 1946 og budde her frå 1916 til han døydde. Det siste er berre delvis sant. I røynda pendla han store delar av vaksenlivet mellom Cambridge og London – på den tida då sola framleis ikkje gjekk ned i det britiske verdsriket. Såleis veksla han mellom universitet og finansdepartement; mellom fag og økonomisk politikk.

Etter døden lever han vidare i språket gjennom nemninga keynesianisme. Ordet er mangfelt. Det vert knytt til dei stabile økonomiske oppgangstidene i Vesten etter andre verdskrigen. Det vert òg nytta om eit intellektuelt omskifte innanfor økonomifaget: Marknaden er ikkje utan vidare sjølvregulerande, etterspurnaden i økonomien kan vera for låg og arbeidsløysa for høg, ergo bør staten stundom medverka til (særleg) auka investeringar. Vi veit at vestlege blandingsøkonomiar slik sett er i samklang med «læra» til Keynes. Den usynlege handa hand i hand med den statlege. Samstundes: Denne kjensla av at framtida truleg verkar mindre føreseieleg enn for nokså kort tid sidan, ikkje minst i Storbritannia og USA, alt dette er ein grunn til å reflektera over Keynes.

Korleis skriva om dette? Du kan sjekka inn på hotellet The Claridge i Atlantic City på den amerikanske austkysten, få eit rom med utsyn mot Atlanterhavet rett utom. Lyd av bylgjer som slår inn mot land. Her budde Keynes eit bel sommaren 1944 – på veg til det historiske Bretton Woods-møtet tidleg på hausten. I Atlantic City hadde den britiske delegasjonen føremøte med amerikanarane, mest av praktiske grunnar: Det nærliggjande alternativet Washington D.C. var visstnok for fuktig og varmt. Diskusjonane og vedtaka i Bretton Woods i New Hampshire kom til å setja stempelet sitt på tiåra etter verdskrigen. Stikkord: skiping av Verdsbanken og Det internasjonale pengefondet (IMF), semje om faste valutakursar mellom industrilanda tufta på ein gullstandard, ansvarleg økonomisk politikk. Dinest ein mannsalder med vekst og velstand, fråvær av finanskriser og massearbeidsløyse.

Då som no er Atlantic City ei øy, eit øysamfunn. Eit sett med lange avenyar går parallelt med stranda og har fått namna sine frå kjende hav: Pacific Avenue, Atlantic Avenue, Baltic Avenue, Mediterranean Avenue og så bortetter. Desse vert kryssa i rette vinklar av gater oppkalla etter dei ulike delstatane i USA. Nærast havet, mellom sandstranda på eine sida og kasino og alskens butikkar på hi, har dei plassert The Boardwalk; den mest vidgjetne gata. Der, rett bortanfor hotellet, finn du Hard Rock Casino. Alt frå a til z er amerikansk kitsch. Før var Donald Trump eigar, no eig seminolstamma i Florida (med hovudkvarter i Hollywood) kasinoet. Desse indianarane er dei einaste som aldri skreiv under nokon fredsavtale med USA. Inne på kasinoet deira er det ein konstant kakofoni av gambling med stor G. Lyden av einarma bandittar, bakgrunnsmusikk, ruletthjul, klirrande glas, kortstokkar, metalliske pling, dollar og cent. Enorme lokale utan vindaugo mot omverda. Dag og natt flyt over i kvarandre.

Ved rulettbordet går tida fort unna. Kvart spel – vi sit eller står rundt bordet, kjøper og/eller plasserer sjetongar, hjulet spinn og stoggar, croupieren gjer opp rekning – er unnagjort på få minutt. Dinest held det fram, i ei rekkje som synest vera uendeleg. Ved enden av bordet, attom ruletthjulet, viser ei lystavle kva tal hjulet har stogga på dei siste gongene. Den nære fortida er kjend, kva med framtida? Jo, kula som spinn rundt på ruletthjulet, stoggar til sist på eit av tala mellom 1 og 36. Eller på 0. Eller på talet 00. Medan russisk rulett er eit livsfarleg spel med revolver, er amerikansk rulett særmerkt av nett 00: Europeisk rulett har berre éin null på ruletthjulet. Huset – kasinoet – vinn når kula ikkje endar opp på noko tal mellom 1 og 36. Dimed vinn spelarane sjeldnare i amerikansk enn i europeisk rulett.

Kva meinte Keynes om slike sjansespel? Det same undra medlemene i The royal commission on lotteries and betting på. Keynes møtte dei 15. desember 1932 i London og sa at pengespel burde folk berre driva med innimellom, i liten skala, utan å leggja for mykje i det. For slike spel er ein skummel og speleg leik: Ein kan verta lokka til finansiell ruin og økonomisk undergang. Samstundes, sa Keynes, er det noko tiltalande ved tanken på hell og lukke og at ein utan noko særleg slit kan slumpa til å vinna ein liten formue – så lenge ein ikkje risikerer å gå frå hus og heim.

Før i tida, særleg siste delen av 1800-talet og nokre tiår inn i det 20. hundreåret, var Atlantic City jamgodt med strandferie, tivoli, sirkus; eit viktoriansk Disneyland for vaksne. Den amerikanske utgåva av brettspelet Monopol brukte avenyane og gatene her nett slik Oslo-adressene tronar hegemonisk som norske Monopol-adresser. Og rett etter andre verdskrigen gjorde Atlantic City ein storpolitisk framstøyt då byen freista verta hovudsete for Dei sameinte nasjonane. Framtida vart annleis. Mindre ærerik og, tja, meir tilfeldig. Frå og med 1978 er byen ei forteljing om einsidig satsing på kasinodrift, høge og låge odds. Skatteinntektene er øyremerkte til reduserte avgifter og skattar for pensjonistar og vanføre i New Jersey. Noko får dei, for vi kan vera visse på at huset vinn til slutt heile tida. Vert du sitjande ved rulettbordet, går du nord og ned.

Eg skriv om rulett av di Keynes nytta spelet som døme på eit fenomen der framtida både er kjend og ukjend. Alle moglege utfall er klårt definerte, og sannsynet for alle hendingar er numeriske, talfesta, tvillause. 3 er like sannsynleg som 13. Men, skreiv Keynes i boka A Treatise on Probability, det er grunn til å tvila på at rulett kan seia oss mykje om korleis universet er konstituert / heng saman. Røyndomen er grunnleggjande meir usikker enn rulett. Og dette – tilhøvet mellom sannsyn og uvisse – var alfa og omega i mange av skriftene som Keynes leivde etter seg. Brorparten av dei finn du i Cambridge, i Keynes-arkivet ved King’s College. Eit rom med utsikt. Berre arkivaren og eg. Kvar mappe med arkivtilfang vert vegen på ei moderne gullvekt både før og etter eg har sett gjennom dei. Det er tale om 143 boksar med skrift; tekstar frå eit heilt liv.

Åtte av dei gjeld A Treatise on Probability av Keynes – avhandlinga hans frå studietida ved Cambridge, ferdig i 1907, utgjeven i bokform fyrste gongen i 1921. Arkivet hyser korrespondanse, ymse notat, fragment, ulike utkast til avhandlinga og innblikk i ei fascinerande borgarleg ålmente: Det opphavlege opplaget til A Treatise on Probability var berre på 2500 eksemplar. Men oppsiktsvekkjande mange aviser og fagtidsskrift – i Storbritannia og USA – melde avhandlinga til Keynes. The Manchester Guardian, The Spectator, The Economic Journal, Glasgow Herald, Sunday Times, Times Literary Supplement, The New Statesman, Journal of the Royal Statistical Society... Lista kan halda fram.

Meldinga til New York Evening Post var mesta lyrisk: Sannsynsteori «ser ut til å liggja mellom eit hav av logikk og matematiske klipper». I The Times stod det at Keynes meinte at «eit sannsyn er kvantitativt sidan det kan vera større eller mindre, men treng ikkje vera talfest», noko Sheffield Weekly News skreiv av ord for ord. Omtalen i tidsskriftene Lancet og Nature koka ned til det same: Medan granskarar før hadde meint at sannsyn kunne uttrykkjast matematisk og skrivast med tal, argumenterte Keynes for at det galdt, gjeld i avgrensa mon. Og i så fall fyrst og fremst i samband med games of chance; ymse kortspel, rulett, terningkast.

Boka til Keynes kom òg ut på tysk – i Leipzig – med tittelen Über Wahrscheinlichkeit i 1926. I Cambridge kan du lesa brevbytet mellom Keynes og den tyskspråklege omsetjaren hans, ein dr. Urban i Austerrike. Arbeidet går over år, dei møtest openbert ein gong undervegs, i Berlin. Heile tida verkar Urban meir driven og fengd enn Keynes. For det fyrste har den engelskspråklege originalen (fem år etter utgjevinga) selt i berre 1958 eksemplar. For det andre har Keynes smått om senn vorte sjølvkritisk. Han skriv sommaren 1925 at han dei siste åra ikkje har tenkt noko særleg på alt som har med sannsyn å gjera, at det er mykje i boka han reknar som mindre fullnøyande – og at det i framtida er særleg trong for å gå djupare inn i «det delvis psykologiske emnet som har med vag kunnskap å gjera».

Eg les dette og tenkjer sjølv at kunnskap om framtida uunngåeleg må vera vag. Og di lenger fram i tid du freistar «sjå», di mindre vil røynsle, avleidde minne og andre kjelder til kunnskap vera til nytte når du skal «spå» om kva som kan koma til å henda. Du kan sjølvsagt seia at framtida har vore uviss gjennom alle tider. Før i tida, då krinsa det mykje om vêr og vind – som påverka avlingar, fangst og fiske. I moderne tid gjev det kapitalistiske systemet opphav til andre former for uvisse. Det handlar om investeringar og vokster i kapital, og framtidige innkomestraumar og avkastning til kapitalen er alltid usikre. I tillegg er åtferda på finansmarknadene særmerkt av flokkmentalitet som er mest uråd å føreseia. Keynes skreiv om «animal spirits» her, om stemningsbylgjer som ebbar og flør på unaturleg vis. I eit kasino veit vi trass alt ein del om framtida. Vi kjenner til moglege utfall, vi kan talfesta sannsynet for dei fleste av dei med. Ein kapitalistisk økonomi – særmerkt av profittjag, gjeld og finansmarknader – er i større grad gjennomstrøymd av radikal usikkerheit.

Keynes skreiv lettfatteleg og klårt om slik uvisse – «bortanfor» både sannsyn og kjende utfallsrom. I eit essay frå 1937 nemnde han ei rekkje døme: utsiktene til ein europeisk storkrig, prisen på kopar og rentenivået 20 år fram i tid, han nytta òg formuefordelinga i det framtidige året 1970 som tenkt eksempel. Og han heldt fram: «Om desse sakene finst det inkje vitskapleg grunnlag for å talfesta sannsyn for forskjellige utfall. Vi veit rett og slett ikkje.»

Framtida er altså ikkje berre vag, tidvis grensar ho til eitkvart blankt, svart eller usynleg. Eg trur at Keynes ville ha sagt det same om sannsynet for ei ny finanskrise om 10 eller 20 år, om stoda til Oljefondet langt fram i tid: Det er heilt i det blå. Likefullt, heldt Keynes fram, må du og eg som «praktiske menn» handla: investera og planleggja; freista sjå framover etter beste evne. Særleg bør den økonomiske politikken ta sikte på å minka eller motverka radikal uvisse, og såleis gjera det enklare å bu seg på framtida. Det er òg ei tolking av omgrepet keynesianisme. Motstykket er den blinde som leier dei blinde.

Spørsmålet no er korleis finansnæringa passar inn i dette biletet. Den klåraste skilnaden mellom den keynesianske gullalderen i etterkrigstida og vår tid er nettopp den sterke veksten i bank og finans, også i Noreg. Finansnæringa kan vera både destruktiv, hasardiøs og ikkje minst kortsiktig. Samstundes kan det vel vera motsett òg? Bankar, fond og forsikringsselskap er etter alle solemerke ei av dei næringane med det klåraste, ibuande framtidsblikket. Av di alt ved bank og finans omhandlar framtid på ymist vis. Forsikring mot framtidige, uynskte hendingar; låneavtalar som strekkjer seg tiår fram i tid. Finansnæringa set ikkje berre framtida under lupa, ho freistar omsetja usikkerheit om framtida til kunnskap om moglege utfall og sannsynet for dei. Nett slike øvingar såg Keynes ålment på som den mest rasjonelle tilnærminga til framtida i samtida. Det er ideelt sett tale om eit meiningsfullt sisyfosarbeid; tidlause forsøk på å omforma radikal usikkerheit til eitkvart forståeleg, handterleg, matematisk. Fasit vil alltid måtta vera noko anna: framtidig historie. Og på lang sikt er vi alle døde, for å seia det med Keynes.

Morten Søberg

Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i Sparebank 1.

Framhald

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Røyndomen er grunn­leggjande meir usikker enn rulett.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis