JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

EssayFeature

To geni og mønstera dei oppdaga

Dei to store språkvitarane i vår tid ignorerte kvarandre. Russaren Zaliznjak og amerikanaren Chomsky har likevel noko sams: Dei fann mønster og gjorde språk til vitskap.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Zaliznjak fortel interesserte forskarar og studentar i Moskva om dei siste neverbreva funne i Novgorod.

Foto: histrf.ru

13241
20201224
13241
20201224

Språk

atle.gronn@ilos.uio.no

Noam Chomsky er ein intellektuell superkjendis, rett nok på utsida av mainstream amerikansk presse. Universitetet hans, Massa­chusetts Institute of Technology (MIT), publiserte i 1992, før internett, ei toppliste over vitskapelege siteringar. Chomsky var i godt selskap på åttande plass etter Marx, Lenin, Shakespeare, Aristoteles, Bibelen, Platon og Freud. 92 år gamle Chomsky er framleis, 28 år seinare, den einaste på lista som er aktiv. I fjor debuterte han på det nye universitetet sitt i Arizona med den fyrste PowerPoint-førelesinga si.

Til samanlikning er Andrej Zaliznjak ein smågut, nærast ukjend utanfor den slaviske verda. Men eg ber likevel lesaren gje russaren ein sjanse. Ei unison genihyllest frå den russiske intelligentsiaen må vel gjera inntrykk? «No miste vi den siste store russiske vitskapsmannen», sa matematikaren Vladimir Uspenskij då Zaliznjak døydde, 82 år gamal, på julekvelden for tre år sidan, i 2017.

Så kva skil og sameinar dei to gigantane, amerikanaren og russaren?

Ikkje same språk

Chomsky og Zaliznjak talte ikkje same språk. Det er i seg sjølv overraskande ettersom far til Noam emigrerte frå Ukraina og mor hans frå Kviterussland, i båe høve frå Tsar-Russland. Men Noam hadde inga interesse av å læra seg russisk. Det fekk halda at han var god i hebraisk grammatikk, der far hans var ein stor autoritet i det jødiske samfunnet.

Chomsky er ikkje eit språkgeni i den folkelege tydinga av ordet. Han held seg stort sett berre til engelsk. Ein gong han skulle gje eit døme frå tysk under ei førelesing, var han så langt inne i si eiga tankeverd – den språklege djupstrukturen – at han ikkje oppdaga at den «tyske» setninga var reinspikka engelsk. Då han i 1971, før ein legendarisk TV-debatt i Nederland, gjekk ein lang spasertur med sin intellektuelle motpol, den franske filosofen Michel Foucault, talte Chomsky engelsk og Foucault fransk. Det var best slik.

Zaliznjak kunne lesa om lag tretti språk etter studium i samanliknande indoeuropeisk språkvitskap – den store oppdaginga på byrjinga av 1800-talet som syner at russisk (slavisk) og norsk (germansk) høyrer til ulike greiner av den same språkfamilien. Som professor underviste han i arabisk og ungarsk, og han laga ordbøker for fransk og italiensk. Men russaren brydde seg ikkje om å publisera på engelsk.

Strukturalistane

Trass i den kalde krigen vart 22 år gamle Zaliznjak i 1957 send til Paris for å studera sanskrit og andre gamle språk. Han skulle finna samanhengar, oppdaga strukturar. Som student ved prestisjetunge École normale supérieure fekk han møta den siste store generasjonen av europeiske strukturalistar, mellom anna Émile Benveniste. Strukturalismen, som voks fram gjennom ei innføringsbok i språkvitskap frå 1916 av sveitsaren Ferdinand de Saussure, analyserte alle byggjeklossane – til dømes ljodar og ord i språket – i høve til andre byggjeklossar i systemet.

Unge Chomsky var òg omgjeven av strukturalistar på den amerikanske austkysten. Som Chomsky var dei av jødisk, austeuropeisk slekt. Chomsky og Morris Halle skreiv boka The Sound Pattern of English, som dei dediserte til Roman Jakobson, medan Zaliznjak – inspirert av den framifrå norske slavisten Christian Schweigaard Stang (1900–1977) – arbeidde med russisk ljodlære. Målet i båe høve var å skipa ein teori som forklarer og føreseier mellom anna kva stavingar som får trykk i engelsk og russisk. Chomsky og Halle formulerte reglane som gjer at trykket i ordet cértain må vera på den fyrste vokalen, medan trykket i absúrd er på den siste.

Boka til Chomsky og Halle frå 1968 revolusjonerte ljodlæra (fonologien), men er likevel ikkje sitert av Zaliznjak, kan henda av di Chomsky, som alltid har vore vanvyrd som «kommunist» i amerikanske medium, var – ironisk nok – politisk unemneleg i Sovjetunionen. Den antiautoritære venstreradikalismen hans var farleg for sentralstyrt sovjetisk kommunisme. Chomsky var alltid kritisk til Sovjetunionen, som han meinte tidleg utvikla seg til eit imperialistisk og udemokratisk prosjekt.

Kolmogorov-Protesten

Dei beste strukturalistane har eit matematisk talent: Matematikk i rein form er jo kunsten å oppdaga mønster. Det fyrste epokegjerande arbeidet til Zaliznjak vart utført i Paris då han vart beden om å gje eit russiskkurs for franske medstudentar. Zaliznjak funderte over grammatikken i morsmålet sitt. Resultatet vart ei uttømmande klassifisering av alle bøyingsparadigma i russisk.

Då Zaliznjak i 1965 i Moskva leverte inn dette arbeidet til magistergraden, protesterte matematikarane. Den verdskjende matematikaren Andrej Kolmogorov (1903–1987) meinte at avhandlinga måtte kvalifisera direkte som ein doktorgrad. Noko slikt hadde ein ikkje sett før. Ikkje sidan diktaren Pusjkin hadde russisk språk fått ei slik kraft i sine rekkjer.

Zaliznjak indekserte 100.000 russiske ord for hand og presenterte ein algoritme for trykkplassering. Trykk er særs vanskeleg i russisk og engelsk til skilnad frå norsk, der vi har trykk på fyrste staving. I russisk kan dessutan trykket hoppa frå ei staving til ei anna når ein bøyer ordet i til dømes kjønn, tal eller kasus. Korleis dette skjer, skjøna ein ikkje før Zaliznjak knekte koden.

Då Leningrad-professoren Valerij Berkov (1929–2010) fleire tiår seinare laga dei store russisk-norske ordbøkene sine, med ein unik detaljrikdom, nytta han sjølvsagt systemet til Zaliznjak. Men mykje viktigare: Dei russiske søkemotorane på internett er òg tufta på arbeidet unge Zaliznjak gjorde med penn og papir på hybelen sin i Paris. Den moderne datavitskapen gjev Kolmogorov rett: Klassifiseringa til Zaliznjak er matematisk perfekt.

Livredd for filosofi

Stjerneskotet Zaliznjak samarbeidde på 1960-talet med Uspenskij og andre elevar av Kolmogorov om å skipa eit lingvistisk-matematisk institutt i Moskva. Bak denne ideen låg ei forståing av at språkstrukturar er matematikk, men eit like viktig poeng var å koma seg unna ideologiseringa av humaniora under kommunismen. Sensuren kunne ikkje argumentera mot matematikk.

Eit av dei fyrste arbeida til Chomsky hadde òg ein klar matematisk profil: I 1956 formulerte han syntaksen (oppbygginga) til abstrakte, formelle språk av ulik kompleksitet. Det øvste nivået i det såkalla Chomsky-hierarkiet kan ein kopla til eit pionerarbeid frå 1936 av Alan Turing, «datamaskinens far», som gav ein matematisk definisjon av korleis ein datamaskin fungerer.

Zaliznjak kunne nok ha hatt sansen for den matematiske presisjonen til den unge Chomsky, men i motsetnad til Chomsky var Zaliznjak livredd filosofi. Det gav ikkje meining å tenkja høgtsvevande i eit totalitært regime. Chomsky, derimot, plasserer seg i ein vestleg tradisjon som går attende til matematikaren og filosofen René Descartes (1596–1650).

Som språkvitar skulle Chomsky snart gå bort frå matematikk og sjå mot psykologi og biologi. Den vesle boka Syntactic structures, som han gav ut i 1957, var eit vendepunkt. Dei neste tiåra utvikla Chomsky teorien om at alle menneskespråk har noko sams – ein universell grammatikk. Slik tok han ideen frå Descartes om ei medfødd, logisk fornuft (Cogito, ergo sum) til eit nytt nivå.

Konkrete setningar i ulike språk vert danna («genererte») etter universelle prinsipp. Såleis er Chomskys «generative grammatikk» det største paradigmeskiftet i språkvitskapen dei siste 2500 åra. I ytste konsekvens fell lingvistikk inn under fagfeltet biologi, sidan språkevna, ifølgje Chomsky, er medfødd, akkurat som evna til å gå eller å høyra.

Eposet og bjørkebarken

Zaliznjak grov seg heller ned i tekstane. På byrjinga av tusenåret tok han fatt på helteeposet Igorkvadet, som ein av gamal vane hadde datert til 1187 av di prosadiktet krinsar rundt felttoget til fyrst Igor av Novgorod mot heidenske nomadestammar i 1185. Men jamvel om russiske skuleborn lærte seg kvadet, hadde forskarane vore i uvisse: Er nasjonalheilagdomen ei forfalsking frå 1700-talet?

Den store brubyggjaren mellom språk og litteratur var Roman Jakobson (1896–1982). Han forlét Moskva for Praha etter revolusjonen og flykta vidare til Norden (København–Oslo–Stockholm) då tyskarane kom. Jakobson hadde noko djupt og interessant å seia om alt. Saman med den norske lingvistikknestoren Alf Sommerfelt (1892–1965) skreiv han om tonem i norske versemål (Lingua, 1962). Som Harvard-professor etter krigen var Jakobson ein inspirasjon for Chomsky. Men han var òg ein inspirasjon for Zaliznjak då han på 1950-talet publiserte ein lingvistisk analyse som forsvarte den opphavlege dateringa av Igorkvadet.

Det endelege provet kom 50 år seinare med Zaliznjak, då han systematisk synte at ein på 1700-talet ikkje hadde lingvistisk kunnskap til å skriva eit epos i gamalrussisk stil. Faktisk var det berre Zaliznjak som hadde denne kunnskapen. Ergo måtte teksten vera ekte. Inga anna vitskapeleg oppdaging utanfor romforskinga har vel vore like viktig for den russiske nasjonalkjensla.

Zaliznjak, som truskuldig berre søkte sanninga, vart ein russisk helt. I røynda gjekk vegen til ei løysing av Igor-gåta gjennom bjørkebarken, den mest spektakulære delen av forskarlivet til Zaliznjak. I 1951 byrja russiske arkeologar å grava fram såkalla neverbrev, dokument skrivne på bjørkebark i mellomalderen (1000–1400). Dokumenta kunne gje ei ny forståing av gamalrussisk kultur, særleg Novgorod-dialekten i Nordvest-Russland, viss ein berre kunne skjøna språket.

Det var fyrst då Zaliznjak vart sett på saka i 1982, at brikkene kom på plass. Kvart år finn ein ei handfull nye neverbrev, og kvart år fram til han døydde i 2017, heldt Zaliznjak ei offentleg førelesing der han presenterte fasiten for årets fangst. Slik rekonstruerte han russisk språkhistorie.

Disiplane

Chomsky tenkte stort, med nye teoriar og skular. Zaliznjak var ein konkret, tekstorientert problemløysar, uinteressert i teoribygging. Chomsky er nesten like kjend som politisk tenkjar. Zaliznjak heldt seg alltid unna politikk.

Chomsky finn på mirakuløst vis òg tid til nære relasjonar med disiplane sine. Då Terje Lohndal (35), i dag professor ved NTNU, var endå yngre, hadde han private møte med Chomsky på amerikanske flyplassar når den gamle professoren hadde ein time ledig før neste fly.

Zaliznjak ville ikkje ha disiplar og doktorandar. Han ville sysla uforstyrra med dei grammatiske problema sine. Men han tok ansvar for populariseringa av språkvitskapen då han fekk på plass eit årleg lingvistikk-OL for sovjetiske (i dag russiske) gymnasiastar. Og då sjarlatanane dukka opp på internett på 2000-talet, vart han provosert og heldt ei rad offentlege førelesningar mot pseudovitskap. For Zaliznjak var berre sanninga godt nok.

Veninnene

Eg kjende kona til Zaliznjak. Boka eg fann på ein loppemarknad i St. Petersburg i 1997, endra livet mitt. Eg har aldri lese ei bok så mange gonger. Eg ville forska på semantikken til russiske verbaspekt, temaet til forfattaren, Jelena Padutsjeva (1935–2019). Dei neste 20 åra hadde vi mykje kontakt. Men eg møtte aldri mannen hennar. Han hadde vel ikkje tid. Padutsjeva er etter mi meining den fremste semantikaren Russland har hatt, men korkje Chomsky eller ektemannen Zaliznjak var interesserte i semantikk (berre i fonologi, morfologi og syntaks, altså form, ikkje innhald). Padutsjeva, som Roman Jakobson, fann system i korleis grammatiske kategoriar får ulike tydingar (semantikk) i ulike kontekstar.

Ei veninne av Padutsjeva, amerikanske Barbara Partee (f. 1940), har fått ei rolle i lingvistikken som «semantikkens mor». Partee studerte russisk og matematikk og var ein av dei fyrste studentane til Chomsky på MIT. På Sagene lunsjbar i Oslo i 2009, under fire augo, fortalde ho meg historia si. På ein konferanse i 1967, midt under den kalde krigen, møtte Barbara ein kjekk, ung matematikar, Vladimir Borsjtsjov, frå det matematisk-lingvistiske instituttet i Moskva. Den siste konferansedagen, rundt midnatt, forlét Barbara rommet sitt og banka på døra til russaren. Men han torde ikkje opna. Det kunne vera angjevarar overalt.

Ei livsoppgåve

Neste gong Barbara og Vladimir møttest, var over 20 år seinare, mot slutten av Gorbatsjovs perestrojka. Dei gifte seg, og professor Partee byrja undervisa i skiftevis Massachusetts og Moskva. Partee såg det som livsoppgåva si å føra verdene til slike som Chomsky og Zaliznjak nærare kvarandre.

Lingvistikken, som all moderne vitskap, er fragmentert, og Chomsky og Zaliznjak var likesæle til kvarandre. For Zaliznjak var kampen mellom chomskyanarar og antichomskyanarar i Vesten heilt uinteressant. For Chomsky, vil eg tru, var Zaliznjak ein partikulær grammatikar utan universell interesse. Kor som er, trass alle skilnadene, gjorde både Chomsky og Zaliznjak språkstudium til «hard vitskap» med mønster som ein skal openberra, der det ikkje er rom for synsing.

Takk til Dag Haug og Kjell Johan Sæbø for 20 år med lunsjsamtalar som direkte og indirekte har forma denne artikkelen.

Atle Grønn er professor i russisk språkvitskap ved Universitetet i Oslo og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eg kjende kona til Zaliznjak. Boka eg fann på ein loppemarknad i St. Petersburg i 1997, endra livet mitt.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis