JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

EssayFeature

Streken på kartet

Med eit byråkratisk pennestrok kan eg missa heimen min for ein ny veg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
7794
20230331
7794
20230331

Eg har ein vond klump av uro i magen. Austevoll kommune vil knyta seg til Hordfast, men det er ikkje berre det. Konsulentbyrået Sweco har på oppdrag frå Vestland fylkeskommune teikna inn ein ny fylkesveg rett utanfor stova mi og meiner dette er beste løysinga for ei tilknyting til Hordfast.

Frå stovevindauget ser eg den vesle innmarka der sauane til onkel Kjell beitar, og skogen nedover til Haukanespollen. Sjølve pollen er rundt 150 meter brei. Då bestefar i ungdommen skulle besøkja bestemor, sumde han over med kleda på hovudet, gjekk i land på andre sida, kledde på seg og heldt fram i retning Lundøy.

Når eg ser frå stova og ut, ser eg på det same som slekta mi har gjort i nær 300 år.

Tipptipptipptipptippolderfar min – fem tippar – Iver Nielsen Houchenes (1723-1807) var den fyrste i slekta som busette seg her. Etterkomarane heitte Nils Iversen og Iver Nielsen annankvar gong fram til bestefar min, Nils Sigurd (fødd 1919), som vart heitande Sigurd heile livet, sikkert på grunn av inflasjonen i Nils-namnet. Borna mine, Sigurd og Jon, er tiande generasjon som bur nettopp her, på Haukanes i Austevoll kommune.

Ein kombinasjon av aldrande besteforeldre og eit vikariat i lokalavisa gjorde at eg flytta hit i 2009. Å vera tidleg i 20-åra og bu tett på to 90-åringar døgnet rundt, er det mest sjølvrealiserande eg har gjort. Det burde vore noko rådgjevarar på vidaregåande skular hadde på lista over moglegheiter for vegen vidare. I tillegg til folkehøgskular og ex.phil. på Bali kunne dei føreslått eit år saman med eldre slektningar.

Austevoll hadde inntil dess vore ein stad eg kom til i feriar og helger, eg hadde aldri budd her fast. Av alle dei ti generasjonane er eg den einaste som ikkje er oppvaksen her.

I Norheimsund, der eg er oppvaksen, hadde eg ikkje slektsrøter lenger tilbake enn foreldra mine, og ingen av dei kom frå Norheimsund heller.

Medan dei fleste vennane mine hadde minst eitt sett besteforeldre i bygda, var mine langt vekke. Heilt i Austevoll og på New Zealand. Eg skulle ikkje på sundagsmiddag til bestemor, og eg måtte ikkje koma heim fordi tante snart stakk innom.

Då eg var i slutten av barneskulealder, snakka foreldra mine om å flytta til Auste­voll. Grandtanta mi skulle flytta til noko mindre, og ho selde huset rimeleg.

Eg kunne ikkje tenkja meg noko verre enn å bli flytta vekk frå byggjefeltet og bygda mi, der eg hadde alle dei gode vennane mine, klassen min og kunstskulen.

Og så til Austevoll, då! Der dei sa dåke i staden for deko, dei hadde verken kino eller Cubus, og dei var ikkje eingong festa til fastlandet. Skjedde det noko på kjendisfronten ute i verda, var det så forvridd når det fyrst nådde Haukanes, at det stort sett enda i død.

Best hugsar eg då Rowan Atkinson døydde, midt på 90-talet. Han hadde teke livet sitt fordi han var så lei av å bli kalla Mr. Bean. Dette var kjendisnytt eg berre høyrde frå syskenborna mine på Haukanes, ingen andre stadar, og no snakka foreldra mine om å flytta dit!

Det verkar så lett for vaksne å flytta rundt på born. Eg var berre ein liten løvetann med éi lita rot som gjekk rett ned. Dei kunne enkelt drege meg opp frå jorda og teke meg til ein annan stad, eg hadde ikkje hatt noko att i Norheimsund.

Det vart heldigvis ikkje slik. Eg fekk veksa opp og bu i det same huset og vera ein del av det same gjengen i det same byggjefeltet, heilt til eg sjølv var, ikkje berre klar, men overmogen for å flytta ut. Det vil eg alltid vera takksam for. Så langt det lèt seg gjera, vil eg gje det vidare til borna mine.

Men ein strek på eit kart vil noko anna. Som ein del av prosjektet Hordfast, som er ein del av Ferjefri E39, er det planlagt bruer mellom nabokommunane Stord, Tysnes og Os. I årevis har politikarane i Austevoll diskutert om og korleis me kan koplast på Hordfast, om det skal vera med bru eller nytt ferjesamband, og eventuelt kor brua eller ferjesambandet bør går frå. Sweco AS har utarbeidd ein moglegheitsstudie for nytt ferjesamband, og Hordfast AS har laga ein studie for bru, begge mellom Austevoll og Tysnes.

Kva ein går for, er ikkje vedteke, men på førre møte vedtok kommunestyret at «det må arbeidast hardt for å gjennomføre utbetringar av interne vegar slik at tilkomsten til ferje/bru blir god for alle i kommunen».

I eit av framlegga er det teikna ei bru over Haukanespollen og ein ny 6,5 meter brei fylkesveg med estimert maksfart på 60 kilometer i timen rett framfor stovevindauget mitt.

Brua vil gå i land borte i Klubben og tofeltsvegen gå gjennom lauvskogen der me plukkar ramslauk, vidare langs gjerdet til onkel Norvald, forbi huset mitt og rett gjennom løa til onkel Kjell.

– Eg låsar løa om natta, så då vil vegen vera stengd, seier han om teikninga.

Humor er ei fattig trøyst, for Sweco skriv at «innløsning av boliger/eiendom på vestsiden og kanskje også v/Stovehaugen» vil vera aktuelt.

Me er sju hus med gateadresse Stovehaugen, sjølv bur eg i Stovehaugen 3.

Frå løa går vegen over beitemarka til Inger Johanne, før han knyter seg på den eksisterande fylkesvegen vidare sørover til Sandvikhamn, der det kan koma eit nytt ferjeleie i samband med tilkoplinga på Hordfast.

Vegen og brua, som riv løa og kanskje huset mitt, er kostnadsestimert til 457 millionar kroner.

Sweco har rekna på den såkalla reisetidsgevinsten for ny veg og nytt ferjesamband. Frå kommunesenteret Storebø til Bergen sentrum bruker me med dagens ferje 70 minutt og 25 kilometer køyreveg. Den nye ruta vil ta 55 minutt og ha 52 kilometer køyreveg. Det gjev ei innsparing på 15 minutt, men ei auke på køyreveg på 27 kilometer.

Eg har aldri likt uttrykket, men eg kjenner eg døyr litt av å lesa denne studien.

Det er ikkje alle unt å få sitja ved senga når nokon døyr. Det betyr at du har hatt ein nær relasjon til eit menneske. Besto laga mange sundagsmiddagar, men ho døydde berre éin gong, og eg heldt henne i handa.

Det hende noko med besten i dagane etter. Medan han hugsa godt tilbake i tid, svikta korttidsminnet. Fleire gongar for dagen, og kvar gong som om det var den fyrste, fekk han den knusande beskjeden om at besto var død.

Han leita og leita. Han gjekk nedover lia for å sjå etter henne, den same løypa han gjekk for å koma til henne som ung, men då sumde han over i tillegg. I knappe fem månadar leita besten etter besto, før han sjølv døydde.

I alt eg gjer i og rundt huset her, frå graving i hagen til fargeval på taket, er dei med meg i tankane. Åra med besteforeldra mine lærte meg meir om livet, døden og røtene mine enn noko anna tid har gjort.

Eg har knytt meg til denne staden, dette huset, denne grunnmuren som så mange i slekta er fødde over. Grunnmuren, alt han har halde oppe, og alt eg ser frå stoveglaset, er grunnen til at eg vil bu nettopp her.

Det er ikkje sikkert det vert veg utanfor stova mi. Førebels har ingen av dei som skal vurdera det, vore og sett på staden, heller ikkje konsulentane i Sweco. Dei byggjer kunnskapsgrunnlaget sitt på skriftelege kjelder, mellom andre Google Maps og Gule sider.

Når fylkespolitikarane som ein gong skal ta avgjerda, kjem ut her og ser staden med eigne augo, ser dei kor håplaust framlegget er, håpar eg.

Edellauvskog, regnskog og uthola eiketre vil vega tyngst, håpar eg.

Dei svære lauvtrea som har rota seg på toppen av steingardar nedover lia, og emna frå førreformatoriske båtstamnar som dukka opp under grøftegraving i 1923, like ved onkel Kjell, dei vil vera ein stamn i hjula på heile vegen, håpar eg.

Det er vel slik det er, når du fyrst har funne ro ein stad, så kjem nokon å ristar i deg. Men eg er ikkje lenger ein løvetann med kort rot. Eg er eit tre. Rotlaust tre fell, seier Wadruna.

Eg har røter, og dei er her.

May Linn Clement

May Linn Clement er fast teiknar og skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis