JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

EssayFeature

Reine ord for pengane

I ei rad mannsaldrar ferda norske og utanlandske gruveselskap på Svalbard ut eigne pengesetlar. Svalbard-pengane var eintydig knytte til arbeid – til verdiskaping.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
13213
20200214

Bakgrunn

Svalbard-traktaten 100 år

9. februar 2020 er det 100 år sidan Svalbard-traktaten vart signert i Versailles. Traktaten gav Noreg herredøme over Svalbard, og han er den einaste av avtalane frå fredskonferansen etter fyrste verdskrigen som framleis gjeld.

Morten Søberg skriv to essay om Svalbard.

I førre utgåve: ein rapport frå Barentsburg.

No: om Svalbard-pengar.

Lytt til artikkelen:

Ordet pengesetel står så å seia aldri uttrykkjeleg skrive på pengesetlar, berre mellom linene. Det held med ei mengd kjennemerke: Vi kjenner att pengesetlar på det rektangulære formatet, namn på utferdar (for det meste sentralbankar), vassmerke, «handskrivne» underskrifter og sjølvsagt tal som syner kva setlane er meinte å vera verde. Men eitt unnatak som stadfester regelen, er ein femkroners setel frå 1920–21, frå Grumantbyen på Svalbard. På denne setelen, med lilla skrift på lysebrun bakgrunn, står ordet pengeseddel skrive i ein slags boge øvst på papiret, lik ei overskrift. Setelen er òg underskriven av ein person med eit namn som sluttar på s, ein bokstav som til alt overmål er skriven som ei understreking av underskrifta.

Grumantbyen er ikkje barnelærdom, men denne nedlagde gruvebyen på sørsida av Isfjorden, mellom Barentsburg og Longyearbyen, var den folkerikaste busetjinga på Svalbard i to knappe tiår etter andre verdskrigen. Det sovjetiske gruveselskapet Trust Arktikugol byrja drift i Grumantbyen hausten 1931, og på det meste arbeidde og levde drygt tusen vaksne og born frå Sovjetunionen der. Heldigvis hadde gruvebyen vorte evakuert før dei to tyske slagskipa «Tirpitz» og «Scharnhorst» og ti jagarar skaut alle husa i brann 8.–­9. september 1941.

Sovjetrussarane atterreiste byen då freden kom. Hamnetilhøva var det uråd å gjera noko med. Den dag i dag kjem du ikkje i land der frå store båtar; i fyrstninga vart kolet ført med ein beltetransportør om bord i prammar som vart slepte ut til koldamparar ute på fjorden. Frå 1951 frakta dei kol med ei overbygd smalspora elektrisk jarnbane til utskiping frå Colesbukta sju–åtte kilometer sørvest for Grumantbyen.

Det står Coal Bay på den nemnde pengesetelen frå dette området. Og rett over ser vi påskrifta Grumant Co. Nemninga viser til gruveselskapet Anglo-Russian Grumant Company, skipa i London 1919. Dei heldt det gåande med gruvedrift i Grumantbyen ut 1926 og skipa alt i alt meir enn 62.000 tonn kol til Nord-Russland.

Eg noterer meg at all tekst på setelen er skriven med latinske bokstavar og på norsk (riksmål). Det er ikkje så rart. Etter det eg har lese meg til, var dei fleste arbeidarane i Grumantbyen tidleg i 1920-åra nordmenn. Difor er det rett og rimeleg at kroner vart nytta som pengeeining der: Pengeverdien «FEM – 5 – Kroner» er skriven på setelen med svart handskrift.

Kven kunne bruka denne pengesetelen, og på kva? Jo, gruvearbeidarar, til å kjøpa varer i gruveselskapsbutikken i Grumantbyen. Kvifor ferda Anglo-Russian Grumant Company ut eigne pengesetlar? Etter alt å døma av praktiske årsaker: Frakt av nærliggjande alternativ som britiske, norske eller sovjetiske setlar opp til Svalbard var venteleg heft og plunder; då var det meir hendig med lokale pengar.

Gjorde andre gruveselskap like eins? Det skal vera visst. Alt i 1906 tok det amerikanske selskapet The Arctic Coal Company i bruk eigne pengar på staden som no heiter Longyearbyen. Det same gjorde mellom anna Green Harbour Coal Company, Svenska Stenkolsaktiebolaget Spetsbergen, Store Norske Spitsbergen Kulkompani (Store Norske, på folkemunne) og ikkje minst Trust Arktikugol, statsselskapet for utvinning og sal av kol på øya Spitsbergen. Var det alltid tale om setlar? Nei, Trust Arktikugol nytta òg eigne myntar, slegne på myntverket i Leningrad i 1946. Kings Bay Kull Company søkte ti år seinare norske styresmakter om løyve til å slå skiljemynt (med valørane 10, 25 og 50 øre og 1 krone). Noregs Bank var positivt innstilt, men Finansdepartementet sette foten ned: Det fekk halda med lokale setlar i Ny-Ålesund.

I dag kan du sjå eit utal Svalbard-setlar hjå Galleri Svalbard i Longyearbyen. Eg synest dei sovjetiske setlane er dei vakraste. Dei er fargerike, forseggjorde og tilsynelatande dei mest «ekte». Dei var på sett og vis offisielle òg. I tillegg til selskapsnamnet Trust Arktikugol stod det fram til 1961 skrive «Ministeriet for kolindustri i dei vestlege områda av Sovjetunionen» på dei; i åra etterpå stod det «Ministeriet for den havgåande flåten». Samstundes skil dei seg ut numerisk med pengeverdiane 3 rubel og 3 kopek. Tretalet er av ein eller annan grunn sjeldsynt kost i monetære krinsar.

Det normale på tvers av landegrenser har vore og er bruk av tala 1, 2, 5, 10 og så frametter på velkjent vis. Men dei sovjetiske pengevalørane på Svalbard var henta frå Sovjetunionen. Der var tretalet numismatisk kvardagskost, i Russland også føre revolusjonen. Eg har lært at synet på talet 3 i den russiske kulturkrinsen er eitkvart djupt religiøst, for å ikkje seia ortodokst. Det kjem mellom anna til uttrykk i seiemåten bog ljubit troitsu – «Gud elskar treeininga». Alle gode ting er tre, inkludert openberringsformene Faderen, Sonen og Den heilage ande.

Alt er tal, lærte pytagorearane. Og i Longyearbyen har alle gatene og vegane nummernamn. Galleri Svalbard ligg på Veg 100. Hilmar Rekstens veg (eigenleg Veg 200) er den einaste som ikkje er skilta med vegnummer. Det har sine grunnar: Rett føre andre verdskrigen vart skipsreiaren Reksten ein storeigar og styreformann i Store Norske. Etter krigen er underskrifta hans å sjå på setlane som Store Norske utferda frå 1946–47 og fram til 1959. Omfram namnetrekket til styreformannen var signaturane til skiftande kontorsjefar synlege på desse setlane. Dei var forresten prenta av Emil Moestue AS i Oslo på papir frå Alvøens papirfabrikk i gamle Laksevåg kommune, no Bergen.

Alvøens papirfabrikk leverte også papiret til dei offisielle norske pengesetlane som var i bruk i tidsrommet 1901–1945. Alle setlane i den serien hadde eit portrett av stortingspresident Wilhelm Frimann Koren Christie på framsida pluss signaturen til hovudkasseraren i Noregs Bank. Det sentrale var ein lovnad om at setlane kunne vekslast inn i edelt metall.

På kvar setel stod det skrive at «NORGES BANK betaler mod denne Seddel til Ihændehaveren X KRONER GULD», der X var anten 5, 10, 50, 100, 500 eller 1000. Faktisk innveksling skjedde rett nok i liten grad. Viktigare er det at gullinnløysinga var suspendert under den såkalla paripolitikken (1920–1928) og i praksis vart avskipa hausten 1931. Etter andre verdskrigen forsvann også den skriftlege lovnaden som var påskriven pengesetlane, om høvet til å veksla pengar om til gull. Korleis gje ålmenta tillit til at norske pengesetlar trass alt er verde meir enn papiret dei er prenta på? Jo, frå og med 1948 dukka underskrifta til sentralbanksjefen (direksjonsformannen) opp på setlane jamsides underskrifta til hovudkasseraren. Tanken var truleg at det gode namnet og ryktet hans bokstaveleg tala skulle vera tillitvekkjande.

Frå 1970 til 1985 lydde sentralbanksjefen namnet Knut Getz Wold. Han signerte dimed setlar som vart prenta i det tidsrommet. Det er tale om konvensjonelle signaturar. Namnetrekket hans på offisielle brev frå Noregs Bank såg meir påfallande ut. Det var nemleg tredelt. Øvst: namnet hans i form av eit stempelmerke. Nedst: ei maskinskriven form av namnet. Mellom desse stod initialane K.G.W. i kursivert handskrift. Slik står det i alle fall skrive lengst nede på eit brev, dagsett 28. juni 1979, som kunngjorde at ordninga med (norske) Svalbard-pengar vart avvikla frå og med 1. januar 1980.

Noregs Bank hadde byrja sjå nærare på fenomenet Svalbard-pengar i 1977. Då sirkulerte setlar med ein samla verdi på 5,5 millionar Svalbard-kroner i Longyearbyen. Og desse setlane kunne heile tida vekslast inn mot norske kroner til pari kurs.

Spørsmålet med stor S nede i Oslo var om Noregs Banks setelmonopol galdt på Svalbard òg. Tja. Juridisk kontor i sentralbanken skreiv 18. april 1977 eit notat om saka. På den tida var det ikkje fastsett at lov om Noregs Bank og pengevesen med vidare skulle gjelda på Svalbard. Samstundes slår paragraf 3 i Svalbardlova fast at (dei norske) «Lovene (...) om mynt, mål og vekt (…) skal gjelde for Svalbard». Og dei lovkunnige i Noregs Bank meinte at ein kunne nytta «en analogisk fortolkning av ’mynt’» til å meina at «Regelen om Norges Banks seddelmonopol gjelder derfor på Svalbard». På same tid «er det likevel kanskje den beste løsning at Norges Bank aksepterer denne langvarige praksis. Innenfor de rammer denne særlige seddelutstedelse foregår kan det neppe sies at vektige interesser utsettes for fare.»

Likevel var leiinga i Noregs Bank negativt innstilt til ordninga med lokale pengar på Svalbard. Dei to neste åra gjekk med til byråkrati og demokrati, møte og høyringar – ei utviding av avgjerdsgrunnlaget. Frå Svalbard uttala Svalbardrådet at det såg «ingen grunn til å fravike bruk av Svalbardpenger» og peika på «de eventuelle problemer innføring av norske penger vil medføre for utenlandske bosetninger».

I Utanriksdepartementet var dei opptekne av at «den rettslige situasjon» ikkje måtte endrast med omsyn til Sovjetunionen og med tanke på dei sovjetiske Svalbard-setlane. Når alt kom til alt, sette altså K.G.W. punktum for i alle fall det norske pengepolitiske kapittelet på Svalbard.

Du kan spørja om dei lokale setlane og myntane på Svalbard var reie pengar. Eg meiner ja: Dei var ålment aksepterte som det i dei ulike gruvesamfunna der. Pengar er det pengar gjer, og Svalbard-pengane kunne nyttast til å kjøpa einskilde forbruksvarer, lagra verdiar og betala gjeld. Til liks med kontantar utferda av sentralbankar var dei heller ikkje renteberande. Korleis skilde papirpengane på Svalbard seg mest frå gjengse sentralbanksetlar? Stikkordet her er formgjeving. Offisielle pengesetlar er ei form for identitetsskapande kunst. Setlar er spegelbilete av idealbilete representerte ved bilete av namngjetne individ, grafiske tilvisingar til folklore, mytologi, landskap og så bortetter.

Svalbard-setlane var fyrst og fremst bokstavar og tal. I tillegg vanta Svalbard-setlane vanlege vassmerke: kvalitetsmerket du får auga på om du held ein offisiell setel opp mot lyset. Meininga med det er i fremste rekkje å motverka falskmynting. Vassmerket medverkar til tillit til at pengesetlar er autentiske. Likevel: Kanskje var Svalbard-setlane pålitande og heilt ut ekte på eit anna vis?

Den industrielle ruinen Grumantbyen ligg i røynda langsetter allfarvegen på Svalbard. På båten frå Barentsburg til Longyearbyen spør eg kapteinen om han ikkje kan gå inn mot land når vi seglar framom den nedlagde gruvebyen på styrbord side. Eg får sitja på brua i ein godstol, låner ein kikkert og ser ei handfull falleferdige bygningar – industrikulturelle etterleiver.

Så seint som i 1959 vart det bygt ei heller stor bustadbrakke her, og eit råbygg til nytt bad og vaskeri vart reist. Det vart drift i ei ny gruve aust for Grumant med produksjon frå strossene 60, 61 og 62, melde bergmeisteren på Svalbard. «I forbindelsessjakten mellom den nye gruve og atkomsten gjennom de eldre drifter ble det utbygd heiseinnretning for såvel person- som godstransport.» Pilarfjellet austanfor gruvebyen går rett ned i fjorden, men her og der ser eg menneskelaga hòl – konturar av gruvegangar som kverv innetter i mørker og ei anna tid.

Det ligg ope i dagen: Det abstrakte vassmerket til Svalbard-setlane var gruvearbeid: samarbeid, skiftarbeid og ikkje minst slitsamt arbeid. Alskens pengar – og tilgjenge og tillit til dei – reflekterer etter alle solemerke ymse former for arbeid over ulike tidsrom. Svalbard-pengane er slik sett nyttig pengepolitisk klårtekst – dei hadde eit krystallklårt samband med industrielt lønsarbeid. (Og relativt låge skatteprosentar: Etter at Svalbardtraktaten tok til å gjelda i 1925, og Stortinget fekk mynde til å skriva ut og krevja inn skatt frå gruvearbeidarar på Svalbard, var maksimal inntektsskatt lik 3 prosent. Framleis er Svalbard eit norsk skatteparadis på jord.)

Det er hjarteskjerande å lesa om kor livsfarleg arbeidet i gruvene kunne vera. I 1953 la regjeringa fram ei eiga stortingsmelding (nr. 72) om gruveulukkene på Svalbard. Ho inneheldt ein medisinsk rapport om dødsfall etter ein gasseksplosjon i Kings Bay 19. mars same året. I alt miste 18 gruvearbeidarar livet då.

Verkslækjaren skriv om ein mann «smadret og mutilert til ugjenkjennelighet», om eit lik der han fann «3 spiseskjeer lyserødt blod i munnhulen», om dødsstillingar «som hos sovende personer». Eg les òg at gruvene i Kings Bay hadde kvinnelege namn: Ester og Sofie. Dei to var dødelegare enn gruvene i Longyearbyen, som elles har namn etter tal. Der er det framleis drift i Gruve 7, som produserer både kol og pengar. Dei sistnemnde er no om dagen i liten grad fysiske, materielle. Meir og meir ovrar også pengar på Svalbard seg som talteikn på display.

Morten Søberg

Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 Gruppen og medlem i Noregs Banks representantskap.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis