JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

EssayFeature

Rapport frå eit maktlandskap h.v.

DDR-eliten heldt hus i Waldsiedlung Wandlitz, eit klårt avgrensa område tre–fire mil nordom Aust-Berlin. Dit fór eg ein mannsalder etter – og priste meg lukkeleg over å vera norsk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Illustrasjon: Björk Bjarkadottir

Illustrasjon: Björk Bjarkadottir

13210
20201218
13210
20201218

Det tyske stadnamnet seier det meste. Busetjinga Waldsiedlung låg i eit skoglandskap i kommunen Wandlitz. Hit flytte dei austtyske partitoppane med huslydane sine alt i 1960. Her levde dei i løynd for folk flest fram til Berlinmurens fall i 1989. Rett etterpå vart området overført til helsestellet. Alt i februar 1990 opna ein rehabiliteringsklinikk på dei gamle tuftene til den utdaterte eliten.

Over tretti år seinare ser eg ei og anna kvitkledd sjukesyster i lag med tilårskomne pasientar som er ute og luftar seg. Somme sit i rullestol, andre går med stokk. Før var dette eit «maktlandskap». Nedst på alle dei utplasserte informasjonstavlene i Waldsiedlung Wandlitz står det skrive eine Landschaft der Macht med store bokstavar. No er det tale om ein geografisk parentes der eg går fritt ikring og synfer plent som eg vil.

Eg orienterer meg ved hjelp av eit digert utstilt kart over det samanbrotne maktsentrumet. Det ser handteikna ut og viser eit todelt terreng innanfor ei brei og tjukk yttergrense mot omverda. Innanfor i Aussenring var det garasjar, gartneri, lager, vaskeri, verkstad og ei rad tenestebustader for livvakter frå den såkalla Hauptabteilung Personenschutz i Ministeriet for statstryggleik – Stasi. Alt i alt talde livvaktene 650 mann, dei arbeidde skift og hadde etter måten fine arbeidstilhøve: På kartet ser eg teikna inn både butikk, idrettshall og -plass og jamvel barnehage.

Vegg i vegg med Aussenring låg den inste sirkelen: Innenring. Der budde partitoppane i lag tett i tett. Her var òg det meste på stell reint praktisk. Gangavstand til eit kjøpesenter med rikhaldig sortiment av vesttyske varer pluss frisørsalong og skreddar, ei lokal sjukestove, eit sportssenter og det som på kartet står omtala som «Funktionärs-Club».

Heilt til venstre på kartet er namna til partitoppane lista opp attmed nummera på husa dei budde i. Eg tel til saman tjuetre bustader, men det var ikkje alltid lys i alle husa. Eg legg merke til at hus nr. 16 og 17 vart ståande tomme etter 1985, då kadrane Konrad Naumann og Herbert Häger fall i unåde og vart utstøytte frå busetjinga. Frå 1986 stod også hus nr. 13 tomt etter eit dødsfall på høgt nivå.

Nokre på lista er meir namngjetne på tvers av landegrenser enn andre. Günter Schabowski (hus nr. 19) var mannen som seint på ettermiddagen 9. november 1989 kunngjorde at grenseovergangane mellom aust og vest skulle opnast same kvelden. Og rett bortanfor – i hus nr. 14 – budde den omsynslause Erich Mielke. Han var frå 1957 sjef for Stasi. Men til sist var vegen frå Kapitol til Den tarpeiske berghamaren kort for han med. I 1993 vart han dømd til fengselsstraff for både mord og drapsforsøk. Brotsmannen Mielke døydde så seint som i 2000, dement. Grava hans einkvan stad i Berlin er umerkt.

Vegnettet i Waldsiedlung Wandlitz var bokstaveleg tala eit kapittel for seg. Både gatene og vegane var namngjevne med tal; gatene vart skrivne med romartal, medan arabiske tal vart nytta på vegane. På kartet ser eg konturane av eit anna system òg: I Innenring gjekk det vegar tilnærma parallelt med gater. Vegane var stort sett huslause; husa låg ved gater og var altså nummererte på same vis som vegane.

Eg spaserer nedetter Strasse IV. Inn til venstre går fyrst Weg 15, så Strasse VIII, dinest Weg 14 før kjem eg fram til siktemålet mitt: Strasse IX. I hus nr. 11 i denne gata budde Erich Honecker i lag med kona Margot (frå 1963 austtysk utdanningsminister) og dottera Sonja. Sett med norske augo ser den forlatne murbygningen i dag, vel, ordinær ut. Lys farge, to høgder, luftige gråkvite gardiner. Og til venstre for inngangen til bustadtomta er der eit fargebilete av ekteparet. Dei smiler og er pent kledde, båe vinkar. Håret til frua er svakt fiolett (?), hatten til husbonden kvit og sommarleg.

Under fotografiet står det skrive nokre stutthogne leksikalske opplysningar: Honecker tok over som fyrstesekretær i sosialistpartiet i 1971 og «steig så til toppen»: Formelt sett var han òg statsoverhovud frå 1976. Alt i 1958 kom han med i sentralkomiteen i partiet og var der «ansvarleg for bygginga av muren i 1961».

Eg har berre vage minne av Honecker (f. 1912, d. 1994). Eg minnest han frå ungdomstida mi som ein gråhærd sovjetisk vasall. Eg trur eg las eit og anna i sanntid om vanlagnaden hans: lokal husarrest, rømming til Russland, tysk fengsel, chilensk utlegd. Eg veit at eg til denne dag har assosiert Honecker, «kameratane» hans og den nokså kortvarige statsskipnaden deira med betong, grensevakter, piggtråd, schæferhundar, skyteordre og tragiske nyansar i grått.

Fedreland er ein tilfeldig «storleik» på line med morsmål; lagnaden grensar stort sett til rein tombola. Slike tankar er det i alle fall lett å tenkja som nordmann når ein sit på ein benk framføre Honecker-heimen og tenkjer seg om.

Der og då er eg sikker i mi sak: Eg kjenner på ein indre jubel over å koma frå ein heilt annan stad – der eg til all lukke vart oppflaska med andre grunnsetningar enn dei som rådde grunnen i Waldsiedlung Wandlitz: Djup semje om at skilde meiningar er avgjerande, men grensa går ved dei grunnlovfeste føresegnene om opphavet til statsmakta, utdeling av makta og korleis ho skal kontrollerast. Vi er alle eidsvollsmenn.

Honecker var ein annan, kan henda mest ein grensefetisjist? Rett før han døydde, gav han ut den sjangerblanda minneboka Moabiter Notizen på forlaget «edition ost». Mange av notisane – mellom anna om året 1989 – skreiv han då han sat 169 dagar i Moabit-fengselet i Berlin fram til 13. januar 1993. Biletspråket i boka er det mest talande: På side 20 står der eit svartkvittbilete av eit austtysk vakttårn ved byen Dömitz attmed elva Elben.

Den tidlegare tysk-tyske statsgrensa var på austleg side særskilt nidkjært vakta nett der; elva som renn rett attmed, kunne byborgarane tiår etter tiår berre skimta attom gjerde og sperringar. Denne nitriste konteksten er utanfor fotografiet i Moabiter Notizen. I fokus der er underskrifta «E. Honecker». Signaturen er dagsett òg: 7. oktober 1992, på dagen 43 år etter skipinga av DDR. Elles ser eg litt til venstre for midten av biletet ei sol i synsranda, anten ei solrenning eller eit soleglad. Det spelar inga rolle. Trass i sollyset synest eg motivet er bekmørkt.

Somme av dei norsk-norske grensene er uendeleg mykje vakrare enn dei hjartelause og kunstige som Honecker stod attom. I ei særstode står grensene mellom statleg og privat grunn – både bygdeålmenningar og heimraster (utmark; fjellsider som vender mot gardar) – i det norske høgfjellet i Sør-Noreg. Høgfjellskommisjonen (oppnemnd i 1908 og avskipa i 1953) var det som gjekk opp desse grensene og fastsette grenseskil.

Kommisjonen var heimla i høgfjellslova, som slo fast at kommisjonen skulle ha fem medlemer. To av dei måtte vera lovmenn; dei skulle stetta vilkåra for å vera fagdomarar. To andre laut ha praktiske røynsler med høgfjellet. Og femtemann var meint å vera lokalkjend i dei ymse fjellområda der eigedomsgrenser skulle fastsetjast på kart og i terreng.

Kommisjonen tok til med den vestlege luten av Hardangervidda, den såkalla Røldals-forretninga. I 1935 var turen komen til den høgstliggjande delen av Noreg: Midt-Jotunheimen, for det meste i Lom herad. Alt tidleg i 1920-åra hadde Høgfjellskommisjonen vore på grannsame synfaringar der. Både då og seinare kom bønder og husmenn, fjellstyre og heradsstyre og la fram sine krav og ynske om kvar grensene skulle gå. I tillegg saumfór kommisjonsmedlemene arkivtilfang: eldgamle avtalar og tinglysingar, pantebrev og rettsdokument. I utsegna til kommisjonen (som etter lova kunne ankast til Høgsterett) vart det vist til både teori og praksis: lover og sedvanleg åtferd «i all kjent tid» / «ved alders tids bruk». Stort sett galdt det å dra opp grenser i «goldfjellpartier» – ovanfor skog- og korngrensene.

Og på eit «Utsnitt av kart yver Midt-Jotunheimen» med både Galdhøpiggen og Glittertind ruvande i landskapet ser eg kva Høgfjellskommisjonen endeleg kom fram til i møte på Røysheim i Bøverdalen 3. september 1935: I fyrste rekkje rette, raude liner teikna mellom fastsette punkt i terrenget: jordfaste merkesteinar, kollar, kronrøysar og vardar (som kommisjonsmedlemene sjølve reiste i høgfjellet). Slik er det enno. Ekte, folkestyrte og ikkje minst fredsæle grenser. Så nær som usynlege i terrenget, men samstundes klåre som blekk.

Eg freistar skriva like eins, eg skriv at det verkar som om høgdepunktet til Honecker var den offisielle statsvitjinga hans til Vest-Tyskland ei veke i september 1987. Meir enn helvta av innhaldet i Moabiter Notizen er nær stenografiske opprit frå samrøder som den austtyske parti- og statssjefen førte med framskotne vesttyske politikarar i mellom anna Bonn, München og «heimlandet» hans, Saarland, sørvest i sambandsrepublikken.

Heile den politiske spennvidda ovra seg for Honecker då. Både mektige konservative og marginale kommunistar pluss grøne og liberale partitoppar. Og sosialdemokratar på høgt nivå: både dei tidlegare kanslarane Willy Brandt og Helmut Schmidt og den komande Gerhard Schröder.

Særleg den politiske isbrytaren Brandt verka varm andsynes Honecker. Å lesa desse referata er som å vera fluge på veggen på ei tidsreise. På same tid er det tale om klasseskilnad i politisk innhald og kvalitet. Samrødene er meir kjenneteikna av vesttysk vilje til samarbeid og samkvem enn omsnutt. Vesttyskarane ynskjer seg fleire venskapsbyar i aust, lette i ferdsel på grenseelvar, meir handel, elevutveksling mellom skular, mellom anna spør Helmut Kohl detaljert om ikkje 10–15 jødiske elevar frå DDR kan få løyve til å ha eit opphald på ein ny jødisk høgskule i Heidelberg. Til det siste var Honecker i og for seg positiv, men det slår meg at mange av desse tyskspråklege samtalane gjekk føre seg på nær sagt ulike språk.

Bortanfor dei offisielle møta nytta Honecker òg høvet til å sjå seg ikring vestanfor grensevakter og vakttårn. Han var mellom anna innom den illgjetne konsentrasjonsleiren Dachau, og han drog på synfaring til barndomsheimen åt Karl Marx i Trier. Så, den 11. september, returnerte den austtyske parti- og statssjefen Honecker til «maktlandskapet» Waldsiedlung Wandlitz. Tenk at det solide berre to års tid seinare skulle løysa seg opp i luft! At muren sakte, så brått gjekk ut på dato.

I Moabiter Notizen kallar Honecker den lagnadstunge hausten 1989 for ei språklaus tid, eine Zeit der Sprachlosigkeit. Det læt nokså poetisk. Det handlar nok mest om tap av munn og mæle i møte med sunn fornuft, jamfør folkelege krav om reisefridom, menneskeleg lengt etter olbogerom med stor O og så frametter.

Attende til samtida no. I Waldsiedlung Wandlitz har gatene og vegane for lengst fått nye namn og nummer. Til dømes er den nye adressa til det gamle huset til Honecker i dag Habichtweg 5. Forvandlinga minner meg om det skriftkulturelle fenomenet palimpsest: Den opphavlege skrifta vert fjerna og skift ut med ny skrift. Men kringom i landskapet er det nett nye setningar og avsnitt som set nøkterne ord på kva dette austtyske maktsentrumet i røynda var for noko.

Eksempelvis fester eg meg ved eit isolert sett ganske stilig fotografi som er stilt ut. Det viser tre lange, svarte Volvo-limousinar av typen 264 TE på ein folketom aveny i Aust-Berlin. (DDR-eliten hadde ein godhug for bilar frå Folkhemmet.) I bakgrunnen av motivet: ein bygning med ei læresetning skriven kvitt på grått med store bokstavar: ES LEBE DER MARXISMUS-LENINISMUS. Den grammatikalske forma her er tysk konjunktiv 1, må vita.

Valordet målbar såleis ei skriftleg oppmoding, eit ynske med tanke på den einaste sanne og rette lære. Som viste seg å vera ynsketenking når mannen i gata fekk røysta i frie og løynlege val på vestleg vis. Biletteksten under fotografiet seier noko av det same: «For folkesetnaden var luksusbilane til dei forbipasserande partitoppane eit symbol på avstanden deira til kvardagsproblema i samfunnet. Gjennom bilvindaugo såg dei blankpussa fasadar. Forfalne hus og tilstanden til landet ansa dei knapt lenger.» Eit hakk meir lyrisk kunne ein seia at ruinane i Aust-Berlin var dekte med raude flagg.

Sluttnotis. Eg må nemna at det var justisminister Johan Castberg – arbeidardemokraten – som i 1908 la fram for Stortinget odelstingsproposisjonen om høgfjellslov og -kommisjon. Framstegsmannen Castberg opererte òg i eit maktlandskap, eit norsk eit.

Mange av dei politiske synsmåtane sine fekk han omskrive til varige fleirtalsmeiningar. Einskilde av dei er verdskjende: «Dei Castbergske barnelovene» frå 1915 er i dag dokument som vert rekna som del av sjølve den immaterielle verdsarven vår. Mest av alt vitnar dei om meininga med (politisk) makt: å nytta tilmålt tid vel, overtyda meir enn overtala, freista auka talet på fridomsgrader for store og små med «samfunnets sterke arm». Eg kjem ikkje på betre tankar.

Morten Søberg

Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i Sparebank1 Gruppen og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Vi er alle eidsvollsmenn.

Vegg i vegg med Aussenring låg den inste sirkelen: Innenring. Der budde partitoppane i lag tett i tett.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis