JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

EssayFeature

Ord mot ord

Fjellbygda Røldal er mest kjend for religiøse mirakel og vekkingar. Lokalpolitikken har òg vore underfull: totalt særmerkt av intens språkstrid.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Illustrasjon: Björk Bjarkadottir

Illustrasjon: Björk Bjarkadottir

12749
20201127

Røldal

Tettstad og kyrkjesokn i Ullensvang herad i Vestland fylke (frå i år). Tidlegare eigen kommune, men vart i 1964 slegen i hop med Odda.

Ligg ved nordenden av Røldalsvatnet (380 moh.), nær skiljet mellom Vest- og Austlandet, og grensar til Suldal i Rogaland og Vinje i Telemark.

Kjend for stavkyrkja frå 1200-talet og krusifikset som sveitta undergjerande dropar, særleg natt til jonsok.

Kjelde: Wikipedia

Lytt til artikkelen:

Heilt inn på 1800-talet valfarta ovtrune pilegrimar til Røldal for å sjå krusifikset i stavkyrkja. Dei søkte både frelse og helse. På jonsokaftan sveitta krusifikset sæle dropar som kunne gjera sjuke folk friske. Kyrkja i Røldal var ein valfartsstad på høgd med Nidarosdomen. No er stavkyrkja ein turistattraksjon. Det kostar pengar å koma inn, som om kyrkja var eit museum.

Kyrkjerommet er rosemåla. Nokså høgt over kyrkjegolvet heng figuren som framstiller Kristus på krossen. Eg ser at augo til den blonde og langhåra Jesus er attlatne. Kroppen hans verkar avmagra, med synlege ribbein. Rundt livet er der eit lendeklede i gull. Føtene hans synest eg er unormalt lange, med lett sprikjande tær. Krusifikset er eit fysisk minne om ei sensasjonell historie frå Midtausten. Soga om dei lækjande sveittedropane er sant å seia eit eventyrleg framhald av denne.

Før i tida, i tidsrommet 1838–1964, var Røldal eit eige herad på 718,53 kvadratkilometer i det søraustlege hjørnet i Søndre Bergenshus amt, seinare Hordaland fylke. Alltid har mest alt folket i Røldal butt kring kyrkja, i Kyrkjekrinsen, rundt nordsida av Røldalsvatnet og oppetter dalen mot nordaust frå vatnet. Røldalsvatnet har osen sin i sør, der det no er demt opp. Frå osen renn elva Brattlandsåna, som til slutt fell ut i Suldalsvatnet i Ryfylke. Difor meiner somme at Røldal topografisk høyrer heime i Rogaland.

Og hit vart den einvise og samansette setesdølen Thorleif Homme kalla til prest i 1908. I stavkyrkja preika han på landsmål, han vart fyrste og sjølvskriven formann i Røldal mållag, han sådde vind og hausta storm. Meiningsmotstandarane hans hevda at han frå preikestolen skal ha sagt at «djevelen brukte rigsmaalet for at hindre at kristendommen skulde komme inn i hjertene». Homme skal ha meint at det einast var barnlause og gamlingar i Røldal som motarbeidde han og målstrevet hans, medrekna ein pensjonert lærar som «skræmde i riksrettstidi med avkristning, um inkje kongen fekk absolut veto».

Homme må ha vore litt av ein hombre. Han emigrerte til USA i 1873. Etter fjorten år gjorde han vendereis, og han tok teologisk eksamen i Kristiania i 1890. Dinest skreiv han ei rad bøker, mellom anna Kunsti, kva og kvi i 1902 – prenta med lovtale frå Arne Garborg. Han heldt fram med å skriva medan han hadde prestekallet i Røldal. Til dømes gav han i 1912 ut Dr. Martin Luthers litle kakisma. Umskipa og umsett fraa tysk og latin. Tre år seinare søkte han styresmaktene om vartpengar. Så forlét han både prestegjerninga og Røldal. Men kringom krusifikset var då eit politisk «mirakel» for lengst i full gang.

I lang tid frå og med lokalvalet i 1910 handla tilsynelatande all politikk i Røldal om språk; om korleis Ordet skulle skrivast i dette samfunnet. Berre språklege parti stilte til val til heradsstyret: «Målfolket si vallista» og «Riksmaalspartiets liste». Éi sak, to alternativ. Bokstaveleg tala eitkvart eineståande.

Det byrja dårleg for vallista til målfolket. I 1910 gjorde riksmålsmennene reint bord ved valet og fekk alle dei tolv seta i heradsstyret. I 1913 fekk partia seks plassar kvar, men riksmålsmannen Helje N. Prestegaard vart ordførar etter loddtrekning med sersjanten og målmannen Usmund Seim.

Rigsmaalspartiet vart valvinnar i 1916 med sju mandat, medan lista til Målfolket fekk fleirtal ved heradsstyrevala i 1919 og 1922 (med i same fylgd åtte og sju mandat). Etter det kvarv nynorskpartiet bort. Tidleg i 1920-åra byrja Vinstre og Bondepartiet å koma med lister, Arbeidarpartiet òg i 1928. Riksmålslista heldt det likevel gåande til ho slo seg saman med Bondepartiet i 1932. Då stod Røldal for lengst samla med nynorsk i styre og stell, skule og kyrkje – punktum var sett.

Desse faktaopplysningane skriv seg frå ei grisgrendt randsone i norsk ålmente. (Eit samtidsdøme: I 1910 budde det berre om lag 750 menneske i heradet.) Dei er for det meste òg ein offentleg løyndom: Eg har henta både desse tala og ymist om Thorleif Homme frå privatarkivet etter den sørtrønderske systematikaren Peder Hovdan (f. 1874, d. 1965). Han leivde etter seg to tettskrivne sider med fakta frå Røldal. Tidvis er arkivtilfanget overflatisk. Eg får til dømes ikkje vita noko om dei to språkpolitiske partia var opptekne av andre saker enn ordtilfang og grammatikk.

Ærleg talt kan det òg stillast mildt kjetterske spørjeteikn ved kor tidsrett og sømeleg det politiske livet i Røldal arta seg for over 100 år sidan. Medan røldølane var engasjerte i ein inderleg kappestrid mellom «eg» og «jeg», «me» og «vi», rasa heimskrigen på det europeiske kontinentet. Etterpå kom spanskesjuka og tok endå fleire liv. Slik sett kan det språkpolitiske dramaet i denne norske dødvinkelen seiast å likna på eit absurd teater. Alternativt er det tale om ei demokratisk handtering av trass alt røynlege konfliktar på fredsælt vis.

I Røldal er det ingen synlege spor i landskapet som vitnar om tida då politikk og språk så å seia rådde grunnen og på same tid gjekk opp i ei høgare eining. Jamvel religiøse minnesmerke avmerkte på kartet viser seg krevjande å finna: Grenda ved sørenden av Røldalsvatnet heiter Botnen – ein brattlendt periferi i periferien: tynt folkesett, å sjå til mest folketomt òg. Der går eg som ein sann essayist i kross og krok og leitar etter noko eg ikkje veit korleis ser ut. Med tid og stunder kjem eg attom ein forlaten og nedfallen gard over eit avsidesliggjande kvekarminne: ei tavle med kart, bilete og tekst på nynorsk og engelsk under eit lite tak som vern mot tida.

Kvekarminnet sviv om ei særs lokal religiøs vekking midt på 1800-talet. Over natta hadde ein bonde sett lyset. Han melde seg ut or statskyrkja og tok til å lesa Den heilaga skrifta stilt på eiga hand. Seinare fylgde grannar og slektningar etter og gjorde like eins. I tiåra etter den amerikanske borgarkrigen drog 53 personar herifrå til Iowa for å leva vidare som kvekarar der. Meir enn helvta av dei var born då dei drog. Namna på alle utvandrarane er fint og tydeleg sette opp. Men inga skrift fortel noko om at her, i den gamle skulekrinsen Lono, vart landsmålet teke i bruk i skulen etter ei folkerøysting 29. mai 1916. Då røysta 41 personar for og seks mot.

Folkerøystingar om språk har frå gamalt av vore eit moderne særtrekk ved folkestyret på landet, i periferien. Det var i slike val at kvinner alt i 1892 fekk røysterett i Noreg. Då vart lova om folkeskulen på landet endra på eit vis som opna for lokale folkerøystingar om opplæringsmålet i skulekrinsar. Og mødrer skulle altså ha lov til å påverka morsmålet til skuleborna.

Resultat frå slike folkerøystingar vart ikkje ein del av den offisielle norske valstatistikken til Statistisk sentralbyrå før i 2009 – etter at ein sørtrøndersk namnlausing på Stortinget (han som no skriv denne setninga) gjorde opptak til dette fem år tidlegare. Framleis teier denne statistikken om alt som hende før 1970. I alle høve vart den fyrste språklege folkerøystinga i Røldal halden i Kyrkjekrinsen i romjula 1894, seier den røldalske bygdesoga. Berre fire personar tok til ords for landsmålet, medan 43 ville halda på «det almindelige bokmål».

Seinare folkerøystingar vart ein avgjerande del av den språklege reformasjonen i Røldal. Minst éi folkerøysting – i skulekrinsen Horda på vestsida av Røldalsvatnet i 1910 – vart diverre som ein polsk riksdag, eit spetakkelmøte. Men verket vart til sist fullenda i 1929. Då vart dei siste folkerøystingane i heradet haldne. 25. mai ville 101 veljarar ha nynorsk i Kyrkjekrisen, medan 74 ynskte å halda på bokmålet. 2. juni røysta 32 på bokmål og 25 på nynorsk i Horda-krinsen. Folket talar sjeldan med éi røyst, kunne det vera freistande å leggja til. Då som no var folkerøystingane rådgjevande. Og 5. oktober den same hausten gjorde skulestyret vedtak om at all opplæring i heradet skulle gå føre seg på nynorsk. Folk gjev råd, folkevalde avgjer (slike saker).

Ein skriftleg avstikkar: Korleis har det seg at pilegrimar fann det for godt å fara til Røldal, kyrkja og krusifikset i tider som var meir rettruande, for alt eg veit? Det er ikkje godt å seia, eg skriv at dei må ha høyrt nyss om noko uforklarleg; dei må ha plukka opp uvande signal om eitkvart fabelaktig. Sameleis, men annleis, med meg. Ein sein kveld på Litteraturhuset i Bergen spissa eg øyro då ein lagmann frå Hardanger fortalde levande og lyrisk om ein mystisk dokter og usannsynlege politiske ovringar kring Røldalsvatnet. Seinare fór eg dit og fann fram til skriftlege kjelder – for til sist å skriva ned det som var der på førehand.

Ender og gong kjem det sanne diktarar dit, hit. Husmannsplassen Kalvatræet definerer seg sjølv som «verdas minste litteraturhus». Av og til er det plutseleg ope. Inne sel dei brukte bøker og heimelaga postkort med sitat av typen «Røldal, bygda der sjølv hundane gøyr på nynorsk». På ein av veggene ser eg fotografi av utanbygdes forfattarar som for det meste skriv nynorsk. Dei har vore innom, lese høgt og samtala.

Gud veit om ikkje kyrkjegarden rett attmed Kalvatræet òg er for ein litterær stad å rekna. Der skriv røldølar sjølve – i stein. Somtid er det såkalla høgstil som gjeld. På ein bauta frå 1914 er det lista opp namn på lokale hærmenn som var med i krigen mot Sverige hundre år tidlegare, og minner om striden deira «ved norskegrensa for fridomsverket som førde til 1905». Men meir utbreidd er openbert inderlege einstaka sentensar om liv og død. Somme av gravskriftene skil seg ut. Éin stad står det skrive «Me saknar dykk». På ein annan gravstein takkar borna mor si «for alt godt som du gjorde for oss». Eit barn kalla Vesle Bror vart født og døydde same dagen: «Sårt å skiljast. Sælt å møtast.» Eg les at storebror hans døydde i ei «militær trafikkulykke i Tyskland» etter andre verdskrigen.

Kva så med dr.med. Heinrich F.T. Lang, f. 1883, d. 1947? Han var opphavleg frå Hannover og gjorde lækjarteneste på tysk side ved fronten i fyrste verdskrigen. Etterpå søkte han fred og ro og vart kommunedokter i Røldal. Med seg i bagasjen hadde Lang eit ekte skjelett og kirurgisk utstyr meint for skadar etter bomber og granatar. I 1940 kom det endå fleire tyskarar til Røldal, men Lang må ha skikka seg vel i okkupasjonstida: Gravsteinen hans har bygdefolket halde i hevd til denne dag. Her og kvar elles viskar vêr og vind med kvart vekk minne om fortida. Somme gravskrifter er nær usynlege. Dei vitnar stendig svakare om lagnader og røynsler som går i gløymeboka. På kyrkjegarden kjem eg forresten over grava til «riksmålsordføraren» Helje N. Prestegaard. Eit handskrive skilt framføre gravsteinen fortel at det er like før han skal slettast.

Liket av Olav Olavsson Edland vart vel aldri funne eingong. Det vert einast sagt at han døydde rundt 1790, berre kring 25 år gamal, etter alt å døma skoten inne på fjellet. Men han er skriven ned, skriven ut som litterær figur i diktsyklusen om Storegut av A.O. Vinje. Han skriv at Storegut òg var med til messe i Røldal, og at «I Kyrkja laag hundrade Hestelass med Krykkjor, som burt var slengde, og ingen Haltemenn trengde». Ja, Storegut hjelpte jamvel til med å rydja Kyrkjevegen austfrå – over Haukelifjell og vestetter til Røldal. Dikt og sanning om einannan. Same kva er det kunst.

Dei språkpolitiske tala frå Røldal – fleirtal, mindretal, røystetal, årstal – er noko anna. Dei kan summerast opp til ei sakleg forteljing om korleis folkestyret i periferien tidvis har vore rikare enn i sentrum, med direkte og indirekte demokrati om einannan; folkerøystingar om einskildsaker jamsides val av folkevalde med faste mellomrom. Det i sanning underfulle er korleis all politikk i Røldal eit langt bel handla om språk. Som om språk er alfa og omega; alt som er og som var og som kjem. Må tru om krusifikset har hatt ein finger med i spelet? Det er i alle høve ei utruleg historie – om språkleg medvit og overtyding; om korleis både politikk og samfunn djupast sett er språklege ovringar. Gårsdagens valstatistikk frå Røldal er i klårtekst: sakprosa for morgondagen òg.

Morten Søberg

Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i Sparebank1 og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«I lang tid frå og med lokalvalet i 1910 handla tilsynelatande all politikk i Røldal om språk; om korleis Ordet skulle skrivast i dette samfunnet.»

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis