JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

EssayFeature

«Mot all fornuft, ein avleiingsmanøver!»

FAMAGUSTA: Som ein biverknad av krigen i Ukraina blir det rusta opp på Kypros, retorisk og militært, på begge sider av ein urgamal strid.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Høgvatnet kjem inn og tek kadavaret med seg.

Foto: Ida Lødemel Tvedt

21680
20230609
21680
20230609

ida@dagogtid.no

Othello: Kva gjeld saka, trur du?

Cassio: Noko med Kypros, kan eg tenke meg.

Eg sprang langs stranda, med Iliaden i rumpetaska, då eg kom over havskjelpadda. Først såg eg ikkje at ho var død. Ho stod med hovudet heva, stira liksom stoisk og kampklar mot havet, med open munn. Ein sverm av svarte fluger letta frå kroppen hennar då eg nærma meg. Panseret hadde krakelert. Store flak i skalet hadde sklidd frå kvarandre, og no stritta dei i vinden, som venger.

Eg var på joggetur mot ruinane av oldtidsbyen Salamis, langs ei folketom og forsøpla strand nord for Famagusta, i den tyrkiske republikken i Nord-Kypros. Havet låg langgrunt og turkist til venstre for meg. Til høgre luska laushundar mellom tomme campingvogner. Eg sprang i knasande tang og svampete sand mellom bølgjeslaga. Nokre stader kunne eg hoppe utover på klippene og sjå ned i eit skjelpaddeskalmønstra spel av lys og skugge mellom grottene på sandbotnen.

Skjelpadda kunne ha blitt fødd på denne stranda om lag på same tid som øya blei ein britisk koloni for hundre år sidan, etter tre hundre år under ottomansk styre. Ho kunne ha sett geriljakrigen gresk-kypriotane førte mot britane på 1950-talet, frigjeringa i 1960 og borgarkrigen som då braut ut mellom den gresk-kypriotiske majoriteten og den tyrkisk-kypriotiske minoriteten.

Med apolitisk blikk kunne ho ha sett dei fredsbevarande styrkane til FN legge i land i 1964, og kulminasjonen midt på 70-talet, då ein greskstøtta militærjunta mislykkast i eit kuppforsøk, etterfølgt av at Tyrkia, for å forsvare minoriteten mot majoriteten, invaderte den nordlege tredjedelen av øya og etablerte Den tyrkiske republikken i Nord-Kypros, ein de facto stat som berre er anerkjend av Tyrkia.

Kanskje hadde ho svømt der ute i desse farvatna midt mellom Midtausten, Europa og Afrika sidan den gong, sett fregattar, krigsskip og oljeriggar kome og gå, heilt utan å tolke slike storpolitiske hendingar i lys av sitt eige liv.

Då munnen hennar stivna gapande i dødsaugeblikket, tenkte ho nok ikkje at det å døy nett slik, nett her, nett no – same januarveke som leiaren av FN-styrken på Kypros stod framfor Tryggingsrådet i New York og sa han frykta at det siste håpet om gjenforeining av øya, no var i ferd med å renne ut i sanden – var eit passande bilete på stoda i det lågmælte og frosne «Kyprosproblemet».

Så lenge ein har skrive forteljingar i det som skulle bli Europa, har ein skrive om konfliktar i Aust-Middelhavet, mellom det som skulle bli Hellas og det som skulle bli Tyrkia, ofte med Kypros i rolla som ein halvmytologisert trofé. Og så lenge ein har skrive forteljingar, har ein nytta slike politiske konfliktar som metaforar for intime stridar, og omvendt.

«Så mykje av det som skjer på Kypros, har ingenting med Kypros å gjere», sa ein oppgitt diplomat på øya og bad om å få vere anonym. Han sa at han hadde jobba med verdas mest grufulle krigar, mellom anna i Afghanistan og Rwanda, men at ingen stader kjendest så retorisk eksplosive som Kypros. Sa ein den minste ting feil, kunne ein sitte på første fly av øya.

Her er det nesten ingen vilje til forsoning att, sa han, korkje hos gresk-kypriotane eller tyrkisk-kypriotane, endå mindre blant dei unge enn blant dei eldre, for dei unge har blitt systematisk mata med sentimentale og heroiske svartkvittforteljingar om 60- og 70-talet. Fiendebileta deira er karikaturar. Han meinte at utviklinga var skapt med vilje, av ein propagandatroika: media, skulen og gudshusa; kyrkja i sør, moskeen i nord.

«Kjensla av seg sjølv som kypriotar, som øybuarar, er i ferd med å falme, etter kvart som kvar av dei to sidene kjem nærare sine respektive storebrorland.»

«Om ikkje det internasjonale samfunnet tek trugsmåla frå Tyrkia alvorleg, risikerer vi å få ein ny situasjon liknande den vi no ser i Ukraina», sa den greske utanriksministeren i haust. Kanskje overdreiv dei, men Hellas påstod i alle fall at dei frykta at Tyrkia kom til å nytte høvet, medan verdas blikk var retta mot Ukraina, til å snappe til seg omstridde øyer i Egearhavet.

Tyrkia på si side skulda Hellas for å militarisere desse øyane som ligg klistra langs den tyrkiske kystlinja, langt frå det greske fastlandet. Ei slik øy er Kastellorizo, austanfor Rodos, ei idyllisk lita ferieøy der ein no kan sjå greske krigsskip sirkle. Hellas nektar ikkje for at dei sender våpen og styrkar, men påstår at det berre er defensivt.

«Om Athen ikkje vil ha fred, kjem Ankara til å gjere det som blir naudsynt», svara den tyrkiske presidenten, Recep Tayyip Erdogan. Han sa at Tyrkia ikkje kom til å sitte i ro og sjå på medan Hellas sende krigsflåtar deira veg. Nokon påstod til og med at han hinta om at Ankera kunne kome til å gå til åtak på Athen, då han sa: «Kanskje kjem vi brått, midt på natta.»

«Det faktum at der er så mange skip, så mange militære styrkar i eit nokså lite område, det i seg sjølv er grunn nok til å vere bekymra», sa Jens Stoltenberg i 2020, etter eit høgspent møte om konfliktane i Aust-Middelhavet, sist ein frykta at spliden mellom dei to skulle eskalere.

Stemninga var med andre ord alt amper mellom Kypros’ to «storebrorland» då USA i haust valde å oppheve ein våpenembargo som i 35 år har gjort det ulovleg å selje våpen til landet. Ved å fjerne embargoen skulle andre land få sende stridsvogner til gresk-kypriotane, mot at dei sende sine gamle, sovjetproduserte stridsvogner vidare til Ukraina.

Dette var kanskje ikkje den heilt uttalte planen, men då eg spurde ein britisk stridsvognekspert på øya om dette berre var ein konspirasjonsteori, sa han:

«Nei, klart det er difor. Ingen freistar skjule det. Alt handlar alltid om tanks. Dei gamle tanksane til Kypros skal no til Ukraina, og der skal dei kannibaliserast – strippast for delar og resirkulerast inn i det dei alt har av stridsvogner.»

Nøyaktig slik skulle det gå, og med dette slo USA to fluger i éin smekk: USA hjelpte Ukraina med våpen – ein type tanks som ukrainarane alt var kjende med – utan at dei sjølv blei direkte avsendar, og i same slengen trekte dei Kypros nærare «Vesten» og fjernare frå Russland. Det er ikkje rart om Tyrkia opplever det som at Europa og USA rustar opp gresk-kypriotane mot tyrkisk-kypriotane.

Kypros har altså lenge vore ei brikke i eit retorisk spel mellom Ankera og Athen, og no også Washington. Om ting forverrar seg på øya den næraste tida, blir det vanskeleg å tenke at det ikkje delvis er USA sin feil; å løfte embargoen akkurat no var i beste fall uforsiktig timing.

Kypros, ei øy på storleik med Rogaland, er alt ein av dei mest militariserte stadene på jorda. Gresk-kypriotane i sør har sin vesle hær, som no får nye våpen, og tyrkisk-kypriotane har sin eigen og mykje sterkare hær i nord. Nord-Kypros hadde nesten 40.000 soldatar før Tyrkia denne vinteren fylte på med nye styrkar. I tillegg til FNs fredsbevarande styrke har også Storbritannia to militærbasar på øya.

Den krigerske øya, blir Kypros kalla i Othello, eit teaterstykke av William Shakespeare. Othello blir omtala som eit av hans «venetianske» drama, sjølv om det berre er fyrste akta som utspeler seg i Venezia. Resten skjer på Kypros, sannsynlegvis i Famagusta, kanskje i det dei no kallar Othello-tårnet, ikkje langt frå der eg snubla over den døde skjelpadda.

Bakteppet for dramaet er ein påstått trussel om at den tyrkiske skipsflåten er på veg mot Kypros for å legge øya under seg. Men det er som psykodrama Othello med rette blir lest og analysert, ikkje som politisk tidsbilete.

Det handlar om generalen Othello, som blir manipulert av ein kald og sadistisk mann til å drepe kona si og seg sjølv. Stykket er ein bekmørk tragedie om vondskapens natur, om korleis historieforteljing kan bli misbrukt til å manipulere tolking av fakta og plante hat, om fallgruvene i naiv overtru på empiriske framgangsmåtar, om rase og kjærleik, om sjalusi og sjølvsabotasje, om hemn og meiningslaus øydelegging.

Men for publikum i Shakespeares samtid, på byrjinga av 1600-talet, må parallellen mellom det private og det politiske i stykket ha vore openberr. Den fatalistiske frykta for «tyrkarfaren» hadde ridd Europa sidan Konstantinopels fall til det ottomanske riket i 1453, og hysteriet var særleg påtakeleg i Italia. Kypros, øya som alltid hadde stått med éin fot i aust og éin i vest, var ikkje berre ein plass, men også eit symbol på fiksjonens rolle i å dikte opp grenser, for så å lage røynd av dei.

Vinteren 2023 kjendest som eit bra tidspunkt for å nylese tragedien, vandrande gjennom Kypros’ sårbare, diplomatiske stillstand, der ringverknader av små og store konfliktar langt vekke slo inn over strendene.

Trusselen om eit tyrkisk åtak på Kypros er etablert alt før Othello entrar scena, først i eit privat mørke, der ein intim samtale førespeglar det som kjem til å skje, og så i ei slags offentlegheit. Ei gruppe venetianske politikarar, sjøfolk, militære og adelege diskuterer om det er sannsynleg at Tyrkia kjem til å gå til åtak på Kypros.

Empirien sprikar: Ein veit ikkje nøyaktig kor mange skip det er i den tyrkiske flåten, som kan seiast å true øya. Den fyrste senatoren har høyrt 107, hertugen har høyrt 140, ein annan senator har høyrt 200.

Nokre av debattantane meiner at det tvert imot er Rodos, ei mindre øy i Egearhavet, det heile dreier seg om, ikkje Kypros. Dei veg bevis mot kvarandre. Ein klarsynt senator skjer gjennom støyen og seier at Kypros er og alltid har vore kronjuvelen i striden; alt anna er distraksjonar:

Heilt uråd!

Mot all fornuft, ein avleiingsmanøver,

som skal forvirre oss. Når vi held fast på

kor viktig Kypros er for tyrkaren,

og attpå til har full forståing for

at nett som øya vedkjem Tyrkia meir,

Så er ho mykje lettare å ta,

Ho er ikkje så budd på væpna oppgjer,

Og saknar alle utvegar for forsvar

Som Rhodos har

Othello er den erfarne generalen som blir send ut for å beskytte Kypros mot eit eventuelt ottomansk åtak. «Djerve Othello, vi må hyre Dykk mot tyrkarane, erkefienden», seier hertugen.

Othello er på ein og same tid både ein kompleks og ein overflatisk mann. På den eine sida er han høgt respektert, for motet og kløkta han viser som soldat. På den andre sida er han litt sutrete, litt barnsleg for ein som skildrar seg sjølv som ein aldrande mann. Han er sjølvbevisst og passiv-aggressivt sjølvutslettande, seier han er ein enkel mann, ikkje like fjong i språkføringa som dei andre – noko som ikkje heilt stemmer, for han er ein stor orator, berre ikkje like stor som Iago, stykkets skurk og største talar. Kanskje kan ein seie at Othello er råka av det vi i dag kallar «internalisert rasisme».

Othello er nemleg òg ein svart afrikanar, eller kanskje ein arabar eller berbar frå Nord-Afrika, dei lærde stridest. Han har same dag gifta seg med Desdemona, ei kvit jente, dotter til Brabantio, senator i Venezia. Faren er fyrst rasande. Han skuldar Othello for å ha bortført dottera med mørk magi.

Othello insisterer på at den einaste magien i spel er at Desdemona er imponert av alt han har overlevd: «Ho elska meg for farane eg kjende, eg elska henne som fekk medynk med meg.» Han elskar med andre ord slik folk utan talent for kjærleik elskar: for egotrippen og trøysta han får frå den andre. Ikkje den venaste eller klokaste forma for kjærleik, men kjærleik like fullt.

Othello handlar ikkje om rasisme, sa Harold Bloom, litteraturkritikaren som fram til han døydde i 2019 var ein av verdas mest toneangivande lesarar. Bloom overkorrigerte, slik kontrære intellektuelle som meiner dei forsvarer tradisjon og fornuft mot «historielaus» tidsand, ofte gjer. Rasetematikken i Othello er openberr; han er ikkje ein moderne projeksjon på ei fortid som ikkje var medviten slike strukturar. Det visste òg Bloom, eigentleg, det kjem fram andre stader i arbeida hans.

Ein kan hevde at Iago, ikkje Othello, er den eigentlege hovudrolla i tragedien. Iago har blitt forbigått for forfremming, av det han meiner er ein jålete, intellektuell florentinar, ein som er «rein prat og ingen praksis».

Othello har forfremma florentinaren i staden for Iago, sjølv om Iago har rykte på seg for å vere ærleg, lojal og skvær. Othello liker Iago og er som alle andre imponert over talekunsten hans, men han har òg ei kjensle av at Iago ikkje har talent for fredstid, at han ikkje er i stand til å skilje krig frå fred. Han mistenker kanskje at Iago er ein sofist: ein retorikar som ikkje er knytt til verdiar eller meining, berre retorikk for retorikkens skuld.

For å ta hemn plottar Iago mot Othello, medan han samstundes gir seg ut for å vere venen hans. Planen er å føre Othello bak lyset, overtyde han om at kona er utru, og få han til å kvele henne i senga ho skal ha smitta med lausaktig åtferd.

Retorikken til Iago er klassisk «incelsk», spekka av misogyne standardtropar: Kvinnfolk er sutrete løgnarar som fakar krenkingar og speler på offerroller, er «saints in your injuries, devils being offended, players in your housewifery, and housewives in your beds». Sidan det mest monstrøse ved dei er røysta, er halsen rette stad å rette straffa. Slik er det alltid i dei klassiske tragediane. Kvinner må døy der dei søv, elskar og føder. «Sjølv når ei kvinne tek livet av seg som ein mann, døyr ho likevel i si eiga seng, som ei kvinne», seier klassisisten Nicole Loraux, om korleis kvinnfolk blir gjorde til inkjes i det som svermerisk og feilaktig blir kalla sivilisasjonens vogge.

Lagnaden til dei to nyforelska blir forsegla når Othello ser eit lommetørkle han har gitt Desdemona, i hendene til den påståtte elskaren. Lommetørkleet er planta av Iago. Først sådde han berre eit frø av mistanke, og no haustar han.

Othello virvlar seg opp i eit blindt raseri – krenkt, audmjuka, infernalsk sjølvrettferdig. Han kallar Desdemona for ein djevel og slår henne. Ho svarer at det fortente ho ikkje. Men han kan ikkje lenger pratast til fornuft. Han trur verkeleg at han veit det han trur.

Sjalusi er karakterbresten som forårsakar undergangen til Othello. Det er sjalusien, det «grønauga monsteret» som er «avla av seg sjølv, fødd av seg sjølv», som får han til å drepe først det kjæraste han har, og så seg sjølv. I poppsykologisk sjargong kan ein kanskje seie at Othello utviklar ein hyper-vigilant tilknytingsstil som dyttar folk frå seg med mistanke og klandring og slik øydelegg alt.

Othello er ein tragedie som åtvarar om fallgruvene i svartkvite forståingar av konflikt, ein slags kritikk av den reine fornufta, framført som eit skuggespel. Othello er rasjonell i sin irrasjonalitet; han baserer seg på empiri når han konkluderer med at Desdemona er utru, og det er i rettferdas namn han kveler henne.

«Bra, bra! Rettferda i dette tiltalar meg! Veldig bra!», utbryt han, utan at vi trur heilt på han. Tragedien er eit justismord.

Iago er ein personifisering av «vondskap», kan ein seie, om ein ikkje er for danna, moralrelativistisk eller progressiv for eit slikt ord. Iago nyt i alle høve å skape kaos og frykt, og metoden er insinuasjon. Han speler på Othellos veikskap – kjærleiken for Desdemona – og nyttar den til å øydelegge heile mannen gjennom utspekulert hinting.

I am not what I am, seier Iago, slik sofistikerte sadistar gjerne gjer, når dei overtyder seg sjølv om at deira slemmaste impulsar er skjebne, og at å nekte dei hemmeleg utløp ville vere å leve falskt. Det er ein vrenging av Guds ord til Moses, idet han gir han lova: I am that I am.

Iago veit at han er dobbel, eit janusandlet, men det hjelper ikkje: Han bruker berre innsikta til å legitimere sitt eige maskespel. Sjølvinnsikt er altså inga automatisk dygd, skjønner vi. All mogleg sjelegransking kan ikkje gjere Iago mindre grufull.

Han har ikkje anna val enn å ljuge og bedra, seier han til seg sjølv, for om han ein dag skulle vise sitt sanne, nakne andlet offentleg, den dagen blir han fuglemat:

«For om mi handling viser intensjonen som bur i hjartet mitt, med ytre fakter, da er det like før eg går med hjartet på ermet, slik at det kan hakkast på av duene!», seier han i ein manipulerande einetale der han lyg sjølv om ingen andre er til stades.

Lesaren forstår at den dagen aldri kjem til å kome, for Iago er det han er, og han ønsker ikkje vere annleis.

Mot slutten av stykket spør Othello kvifor Iago har gjort det han har gjort mot han:

«Gjer vel og spør han, som halvt er djevel. Kvifor han fanga meg, med sjel og kropp?»

Iago svarer med det siste vi nokon gong skal høyre frå han:

«Spør ikkje meir. Det som de veit, det veit de. Frå no av seier eg ikkje eit ord.»

Det er altså inga meining der, bak handlingane til Iago, berre eit forfengeleg vondskapens teater, med ekte offer, i kjøtt og blod.

I Shakespeare er vondskap nesten alltid kopla til ein slags nihilisme – ei sofistikert og medviten dyrking av det meiningslause, av tomheit. Slik sett deler det vonde her struktur med den paranoide mistanken: Han utagerer frå eit inkje mot eit noko.

Vondskap, slik eg ser det, og slik som eg meiner å sjå det hos Shakespeare, er på individnivå noko som når det ein svært sjeldan gong viser seg, viser seg i handlingane til ein person som kjenner seg tom, og som fordi hen ikkje tolererer at andre ikkje er tomme, utagerer, straffar den andre, den som opplever fylde og meining. Den vonde er den tomme som dyrkar det tomme, og som med sofistikert sofisteri freistar skape den andre i sitt bilete.

I Othello er det eit gap mellom konfliktane slik dei blir skildra av rollefigurane og det som faktisk utspeler seg. Dei forvekslar kjærleik og krig, og medan alle snakkar om sex og slagmarker, er det ingen som puler og ingen som slåst.

Den tyrkiske flåten kjem aldri fram til Kypros – ikkje fordi han blir overvunnen av Othello, send dit på bryllaupsnatta for å forskanse øya, men fordi flåten forliser i ein storm. «Tyrkarflåten har blitt splitta opp. Frå skumsprøyten på stranda ser det ut til at arge bølgjer piskar himmelen». Den politiske krisa vi har blitt førespegla, kjem altså aldri, og det på grunn av naturkrefter utanfor menneskets kontroll.

Medan eg skriv dette, utspeler ein ufatteleg parallell seg i Tyrkia og Syria, der valkampen til Erdogan blir vengeklipt av eit jordskjelv som drep 48.000 menneske. Framleis visste ein ikkje om katastrofen ville gagne Erdogan. I fyrste omgang såg det ikkje slik ut, men alt skulle kome an på korleis han makta å spinne det på sikt. Var han slu nok, ville han snu det til sin fordel. Ein effektiv herskar lar aldri ei krise gå til spille.

I Othello blir vi heile tida peika i feil retning. Her er storpolitisk frykt projeksjonar frå privatlivet og vice versa. Det som ved første augekast dreier seg om internasjonale relasjonar, viser seg å vere eit kammerdrama: ein sjuk elskovstvist der feilinformert hemnlyst kombinert med ei pervertert forståing av rettferd fører til at alle sider taper – kanskje unntatt den mest machiavelliske kynikaren, han som orkestrerer det heile, tilsynelatande frå sidelinja.

Eg gjekk tilbake to dagar seinare for å sjå om eg kunne finne att skjelpadda, men forventa eigentleg at ho var skyld til havs. Ho låg der framleis, i skuggen av det fallerte hotellkomplekset som hadde vist seg å vere restane av prestisjeprosjektet til den mafiose kasinomogulen Halil Fayali, brått avbroten då han blei drepen i eit bilattentat i fjor.

Hotellet rakk aldri å få vindauge eller måling, men dei joniske søylene var på plass, som nikk attende til det gamle Hellas og framover mot ein dekadanse som aldri kom. På taket stod reisverket til ein gigantisk kuppel, forma som eit gamaldags fuglebur, nytta som landingsplass for ein flokk frie fuglar.

Høgvatnet var på veg inn, sola på veg ned. Eg sette meg i sanden attmed skjelpaddeskrotten og tok fram kameraet. I skumringa byrja bølgjene å slikke henne oppetter magen og over skalet, slik at ho ikkje såg porøs ut lenger, men glatt og glinsande og gjenoppstått. Ho tumla i sjøsprøyten, hamna på sida, hamna opp ned, blei tromla tilbake på føtene.

«Dei tiender vi får, heng ikkje saman så vi kan forstå dei», seier den venetianske kultureliten i Othello, når dei les i avisa om Tyrkias og deira eigne interesser på Kypros, og om sjansane for at noko kjem til å skje. «There is no composition in these news that gives them credit», sa eg til dyret, og eg flira for meg sjølv over kor pretensiøse vi kunne tillate oss å vere, her vi sat og var meir og mindre døde på ei strand i eit land der eg ikkje kjende ei sjel. Frå vatn var vi komne, til vatn skulle vi bli, namna vore skrivne i skumsprøyt.

«Kva trur du», spurde eg det besjela kadaveret, «er dette det dei pratar om i Othello, når dei fantaserer om Kyproskrigen som er i emning no, eller er dette, som det heiter i den opphavelege versjonen, a pageant to keep us in false gaze? Mot all fornuft, ein avleiingsmanøver, som skal forvirre oss.»

Framhald i neste avis

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det som ved førsteinntrykk dreier seg om internasjonale relasjonar, viser seg å vere eit kammerdrama.

Kypros, ei øy på storleik med Rogaland, er alt ein av dei mest militariserte stadene på jorda.

Den politiske krisa vi har blitt førespegla, kjem altså aldri, og det på grunn av naturkrefter utanfor menneskets kontroll.

Fleire artiklar

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek  Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

I rykk og napp

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis