JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

EssayFeature

I Roma

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Hadrians gravmæle i Roma.

Hadrians gravmæle i Roma.

Foto: Alessandra Tarantino / AP / NTB

Hadrians gravmæle i Roma.

Hadrians gravmæle i Roma.

Foto: Alessandra Tarantino / AP / NTB

7744
20201113
7744
20201113

Eg var i Roma for å jobbe – eg skulle skrive ferdig eit essay og vekselvis jobbe med eit romanmanus. Dette var nokre månader før pandemien, men det kjendest som om det var i førre hundreår. Eg budde på eit hotell eit stykke frå Engleborga, eller Hadrians gravmæle, som ho også blir kalla. Eg budde heller ikkje så langt frå Tiberen. Idet eg gjekk ut for å ta mælet i augesyn, også for å finne ut kor eg budde, tok det til å regne, og eg hadde gløymt paraplyen, og eg gjekk ut i eit slags eige tilsidesett sentrum, om eg kan seie det slik: Roma er full av små plassar, med restaurantar, barar og kafear, og alltid gammal marmor og brusteinar, og ein infernalsk støy frå trafikken, og allstads platantre, og eit evig mas av sirener utan at eg veit om det er politi, sjukebil eller brannbil, for ikkje å gløyme ei og anna nonne, fleire munkar, prestar og mange Asia-amerikanske turistar.

MEN DET ER SJØLVSAGT mykje meir med Roma; ikkje berre det som er rett gammalt og vidgjete, sjølv om det er så gammalt at det er ingen som veit om det som har blitt fortalt, er sant eller berre reint sludder, som den gongen det var kongar i Roma, før Roma blei Roma, for å seie det slik, og dei som var republikanarar under denne mytiske tida, ville bli kvitt typar som Junius Brutus Tarquinius, og så han med det utrulege flotte namnet Tarquinius Superbus; desse tidlege kongane, og vi snakkar om 300 år føre Kristus, blei kalla tarquinarane.

Men etter ei valdtekt, står det skrive, men igjen med påhalden penn, all den stund det er ingen som veit kva som er sant eller oppspinn på denne tida, blei tarquinarane hivne ut, og folkestyret oppstod med senatet og ein tidleg opptakt til demokrati, som Mary Beard skriv i SPQR – det gamle Romas historie, omsett til norsk av Eve-Marie Lund; for då hadde Roma blitt ein republikk. Beard skriv også om dei uvisse kjeldene så langt tilbake; for så tidleg i Romas historie er alt kaosmos, slik den irske forfattaren Joyce skildrar det som berre er uoversiktleg villskap. Som dei to brørne som blei amma av ein ulv, den eine forsvann, mens Romulus, den av tvillingane som overlevde, blei sett på som Romas grunnleggar, men kven var han, og Mary Beard skriv: «Det finnes noen få, flyktige glimt av Romulus-fortellingen som går tilbake til det 4. århundre f.Kr., men så forsvinner sporet, med mindre vi henter brosjeulven inn i bildet igjen.»

EG GJEKK OVER TIBEREN, på ein av dei mange og overdådige bruene; brua nærast gravmælet var full av storlåtne og samtidig ofselege skulpturar; det såg ut som om det skulle vere eit slagsmål på berre tørre nevar, men eg tenkte at eg måtte tilbake når det blei ljost; det hadde slutta å regne, og det var mildt, og eg gjekk bort til kanten av brua, som skulle stogge born frå å falle og andre frå å kaste seg ut; eg glana og såg mykje kvist og kvast som sat fast i botnslammet. Eg gjekk mot ein bygning som eg såg frå hotellverandaen; bygningen hadde ein kuppel som minte om Peterskyrkja, men eg ante ikkje kva det var, og då eg kom dit, etter å ha kome meg over brua, og over den breie, trafikkerte gata, og igjen høyrde eg mange sirener, så var eg like langt, og ante ikkje kva det var slags bygning, anna enn at han minte om ei kyrkje, og då visste eg litt.

Altså endå ein tur i morgon, når det blir ljosare, tenkte eg og gjekk inn fleire tverrgater, for på ein måte går eg meg liksom bort; eg har elendig stadsans, men eg visste kor Tiberen låg, så då kunne eg ikkje gå meg bort på ordentleg, som det heiter, så eg gjekk meg bort på liksom, for å føle at eg ikkje ante kor eg var, som for å vere heilt framand som eg jo var, medan eg etter mange tverrgater såg Engleborga frå ein litt annan stad, så då visste eg kor eg var, og så gjekk eg over to bruer, og eg var på veg heim, til mi lune hole.

ETTER KONGEDØMMET, skriv Mary Beard, blei republikken fødd, og den som strevde etter kongedømme, blei så å seie utsett for noko som sette ein stoppar for den politiske karrieren hans, det står ikkje kva som skjedde, om det var ei grov ugjerning, vulgær hets, eller om den kommande monarkisten rett og slett blei utsett for det grekarane kallar ostrakisme, ein slags felles dom om å bli kasta eller landsforvist via potteskår; det var ikkje mange potteskår der eg rusla rundt sentralt i Roma, for nå hadde eg oppdaga at Peterskyrkja og Vatikanmuseet var i ei forlenging av Engleborga, og eg rusla fyrst opp til bygningen eg i fleire dagar hadde glant på, og som siterte, berre i eit mindre format, kuppelen på Peterskyrkja, men det var ei kyrke som var tileigna døyparen Johannes, og ikkje han som skreiv evangeliet etter Johannes eller apokalypsen.

PÅ VEG TIL PETERSKYRKJA måtte eg vente lenge for å krysse ei gate, trafikkljosa var nede og ein politimann og ei politikvinne blåste i kvar si fløyte for å overdøyve trafikken; ettersom han var svært bråkete, og bilane og scooterane køyrde fort, for ikkje å gløyme den konstante tutinga frå dei bilane som ikkje kom fram i trafikken, dei stod og stanga og prøvde å snike seg fram; ein scooterførar tok ein røyk, avslappa sitjande på scooteren sin, liksom han sat på ein liten ponni, medan han venta på at politiet skulle sleppe han fram, saman med resten av dei bilane som rusa motoren og venta utolmodig; det var jo merkeleg at det var så mykje trafikk akkurat her, ettersom Roma for ei god stund sidan hadde innført forbod mot buss i sentrum av Roma, så turistane må gå til Colosseum, Peterskyrkja og Vatikanmuseet; i mine auge var jo dette også sentrum i Roma, og frå der eg stod, var det berre eit langt steinkast til Peterskyrkja; her kunne Miljøpartiet Dei Grøne verkeleg ha boltra seg.

Eg har aldri venta så lenge på å krysse ei gate, til og med der trafikklysa verkar; det var biltrafikken som bestemte farten til fotgjengarane i Roma, og det var ufatteleg at ikkje alle platantrea var sjuke av eksos; kastanjetrea i Bygdøy allé er ikkje i nærleiken av å bli utsette for så mykje støy og eksos.

FALLET TIL TARQUINARANE, som ifølgje romarane – om enn med mykje uvisse – var mot slutten av det 6. hundreåret f.Kr., blei ein ny start for romarane, står det i boka til Beard og i andre referanseverk, som i verdshistoriene; alle dei historiske verka er jo om Roma; det er ikkje mogleg å rusle i denne byen utan å få eit vinddrag frå eldgammal historie; alt er oldtida i Roma, og berre det å lage og grave fram ein veg for ei T-banestrekning er fullstendig umogleg, og det er det same i Egypt, bakken er full av gamle ruinar, som er mange tusen år gamle, og alt er under leiing av ein riksantikvar, og han eller ho må vere eineveldig i Roma og i Egypt, liksom dei dreg vekslar på ei heilt anna tid for å passe på restane av antikken.

Det var fleire bygningar frå 1800-talet, og mange frå 1500-talet, då dei store signalbygningane som Peterskyrkja, Vatikanmuseet, kyrkja tileigna døyparen Johannes og mange andre blei til, i tillegg kjem alle dei antikke bygningane som stadig vekk står, som Hadrians gravmæle, Pantheon, Caracallas termar og Colosseum.

TEMPERATUREN I ROMA var som ein mild september i kongeriket, og eg sakna å vere heime, og eg sakna snø og at det var kaldt, eller som venninna mi, kantinna, skriv til meg no og då – ettersom vi diskuterer verda og tilværet, og Kant, som eg er dårleg på, og som ho fortel meg om – at ho tenkjer betre når det er kaldt, det er eit godt argument for snø. Kunne det ha vore det Descartes tenkte på då han sa ja til å kome til Stockholm, invitert av svenske dronning Christina, som ville gjere Stockholm om til eit Nordens Athen, for å tenkje klårare? Dessverre fraus han i hel på eit av dei iskalde slotta til den svenske dronninga.

Ole Robert Sunde

Ole Robert Sunde er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eg har aldri venta så lenge på å krysse ei gate.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis