JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

EssayFeature

Gullstandarden Falsen

I tidsrommet 1822–1825 var Christian Magnus Falsen generalprokurør. Då førte han eit nær utruleg oppsyn med lov og orden, embetsmannsstaten og pengestellet i riket. Det er alltid gull verdt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Illustrasjon: Björk Bjarkadottir

Illustrasjon: Björk Bjarkadottir

12408
20210618

Christian Magnus Falsen

Er Christian Magnus Falsen interessant eller relevant i andre samanhengar enn 17. mai-talar?

Morten Søberg skriv to essay om dei mindre kjende rollene hans i norsk statsliv – som generalprokurør og høgsterettsjustitiarius.

I dette nummeret: Gullstandarden Falsen.

I neste nummer: Falsens ekko.

Generalprokurøren var landets fremste tilsynsmann med styre og stell. Og Falsen vart den fyrste og siste generalprokurøren i moderne tid, d.e. etter 1814: I 1845 vart generalprokurørembetet stroke frå den statlege gasjelista. Men då hadde det ført eit papirtilvære heilt sidan Falsens avgang 25. mars 1825.

Kvifor skriva om dette embetet no? Jo, av di kontroll med og kritikk av rikets tilstand truleg krev det som særmerkte Falsen i den rolla: kompromisslaust tilsyn på mest prøyssisk vis. Og kritiske argusaugo. Eitt talande døme: På ferdene sine kringom i Noreg førte han òg oppsyn med namnesiffera på vegstolpane langsetter ferdavegane. Der skulle Karl Johans namnesiffer stå, ikkje dei gamle oldenborgske!

Eit visst oppsyn med skysstellet meir ålment byrja Falsen med i april 1823. Han skulle sjå til at dagbøkene på skysstasjonane var i orden i samhøve med skysslova av 6. juni 1816, paragraf 11. Dette var altså bøker som gjestgjevarar, stasjonshaldarar, skysskaffarar, og i kjøpstader med vognmanns- og båtførarlaug, oldermennene, skulle ha hjå seg. Dagbokettersynet til Falsen sveiv om at lov og reglement med omsyn til skyss vart vyrde.

På Riksarkivet ser eg med sjølvsyn korleis Falsen fór fram – over Dovrefjell sommaren 1824. I dei handskrivne møtebøkene over «Undersögelses-Forretninger» skriv Falsen om alt mangelfullt han får augo på. På Hjerkinn er skyssdagboka i «Jammerlig Forfatning»; på Fokstugu har ingen skrive noko «paa lang Tid» om folk på ferd.

I protokollen sin skriv Falsen òg eit NB om gale siffer på vegstolpane på Kongsvoll og Hjerkinn. Og den nye vegen frå Fokstugu og nedetter mot Gudbrandsdalen er «i slet Stand, og tildels farlig, da den ligger i Sandbakken ved Elven, som bestandig skiærer ud.» Lista over lyte og manglar held fram så å seia i endeløysa.

Apropos Dovre: På Eidsvoll i 1814 gjorde nett Falsen framlegg om at Noreg skulle halda seg med ein generalprokurør: ein jarnhard og rettvis og juridisk kunnig ombodsmann for folket på stendige ferder kringom i landet. Og med fast og sjølvskrive sete i Lagtinget på Stortinget.

Framlegget var ikkje teke ut or lause lufta. I Danmark-Noreg skreiv dette embetet seg attende til 1661. Generalprokurøren var eit faktotum, ein altmoglegmann. Han skulle føra tilsyn med embetsverk, rettsstell, statsstyring, med andre ord vera eit slag storinkvisitor for konge, riksstyre og stat. I København hadde han frå 1663 sete i Høgsterett òg. I Danmark varte embetet fram til 1872. I Noreg fall det bort i 1814; Falsen fekk ikkje viljen sin på Eidsvoll i det stykket.

Men så: I statsrådet i Stockholm 4. mai 1822 utnemnde kong Karl Johan ingen ringare enn Falsen, «Amtmand over Nordre Bergenhus Amt, Commandeur af Nordstjerne-Ordenen», til norsk generalprokurør. Leiestjerna for gjerninga hans skulle vera å føra vidt og djupt administrativt tilsyn med embetsmennene og rapportera til kongen. Kvifor? Jo, Karl Johan ville ha «större visse for at embætsverket arbeidde som det skulde. Han trudde at sume embætsmenner misbrukte stoda si – at dei synte seg ubillege mot aalmugen, tok for store sportlar, at rettssaker ikkje jamt vart fremda som dei burde; han var misnögd med den maaten skattar vart innheimta paa.»

Sitatet ovanfor har eg frå siste avsnitt på side 15 i arkivstudien Det norske generalprokurørembættet Chr. M. Falsen 1822–1825 av Gustav Indrebø. Boka kom ut på Olaf Norlis Forlag i Kristiania i 1919. Ho fylte eit tomrom: Før Indrebø granska kjeldene på noggrant og utførleg vis, hadde generalprokurørembetet berre vore «stuttleg umtala» i litteraturen. «Ingen har sett seg til uppgaave aa gjeva ei meir heilsleg utgreiing um det.»

Fyrste kapittelet har tittelen Litteratur. Kjeldor. Der gjer Indrebø presist greie for arkivtilfanget han nytta då han skreiv utgreiinga si. Hovudkjelda er «arkivet aat generalprokurör Chr. M. Falsen, i Riksarkivet. Det inneheld:» Og så fylgjer oversyn over journalar, kopibøker og protokollar; datoar, omfang, noko om tilfang som har gått tapt med tida.

Utgreiinga om generalprokurørembetet tel berre 96 sider. Dette er sakleg sakprosa. Estetisk med. Særleg teiknsetjinga til Indrebø er eit kapittel for seg sjølv. Eit poetisk høgdepunkt, sett med mine augo, er eit semikolon etterfylgt av ein tankestrek i fyrste avsnittet på side 93.

Eg les og lærer at den norske regjeringa meinte generalprokurøren skulle ha rang av generalmajor – på line med amtmenner. Kongen oppgraderte rangen til gene­ralløytnant. Dermed kom han i klasse med justitiarius i Høgsterett. Minst like viktig var det at kongen i 1822 hadde fastsett at Falsen skulle ha 2000 spesidalar i årsløn, 200 til kontorhald og tre spesidalar om dagen i diettpengar.

Rett nok tente statsministeren då 8000 spesidalar og statsrådane om lag 2500. Men dei høgste embetsmennene heva helvta av løna til Falsen, og ein kopist i departementa kan henda 150 spesidalar i året – rundt rekna tre gonger så mykje som ein ålmugemann. Dessutan hadde generalprokurøren uniform til liks med amtmennene. Men i ein kongeleg resolusjon dagsett 14. oktober 1822 stod det òg skrive at «Til særskild utmerkjing skulde han ha gullepaulettar, og paa plata i dei skulde det norske vaapnet staa», skriv Indrebø i ein fotnote på side 30 i arkivstudien sin.

Slik var Falsen venteleg kledd i bryllaupet til kronprins Oscar i Stockholm sommaren 1823. Stortinget hadde avgjort at generalprokurøren skulle leia den offisielle norske delegasjonen dit. Undervegs skreiv Falsen reisedagbok: «General-Procueurens Stockholms-Reise». Eg ser der at nordmennene reiser over Kongsvinger og vert møtte ved riksgrensa av kongens sendemann major Whitelocke – som var pålagd av Karl Johan å dekkja alle kostnader til mat, drykk og losji.

Dagboka fløymer over av notisar om kyrkjer og slott, sladder og tallause møte med svenskar høgt på strå (dagboka, som kom ut fyrst i 1945 i 1000 eksemplar, har eit register med namn på over 170 personar) – og sjukdom: Falsen slit tidvis med både feber, magevondt og diare.

Det er òg interessant å lesa om det unionsvenlege sinnelaget til dei norske sendemennene: 1. juni er det duka for overdådig middag i Västerås. Ein biskop Murray er òg til stades, «en vakker, hederlig Olding». Under måltidet syng dei alle mann ein song om venskapen mellom nordmenn og svenskar, og dei skålar til ære for konge og kronprins.

Skildringane frå Stockholm vekslar òg mellom høgt og lågt. Den 14. juni skriv Falsen at ein i delegasjonen fortalde han «at Lehnsmand Øverland igaar Aftes igjen havde været i den blaa Port og der havde drukket sig placat fuld!» Han konverserer både med «Stuepigen Mamselle Jeanette, en smuk Pige paa omtrent 50 Aar med een Tand» og – ein dag på Slottet – med «den Spanske Minister General Moreno, som roste Nordmændene meget, og forsikrede, at den norske Nation var meget agtet i Udlandet».

Falsen let elles vel om dronninga (som ved eitt høve overraskar han ved å svara på svensk i staden for på fransk); ho «have megen Grace og Værdighet», medan den vordande kronprinsessa har «saavidt jeg saae, en smug Figur». Til kongen og kronprinsen har han med ei noregssoge som han har skrive sjølv, i gåve.

Under middagen etter sjølve bryllaupet vert Falsen sitjande fråskild frå resten av den norske delegasjonen «ved Rigsmarskalkens Taffel, ... , mellem fru Falbe og Grevinde Mørner». Det var like greitt, for resten av nordmennene sat i eit nesten mørkt rom, fekk berre matrestar å eta attåt «6 Flasker Viin, som var suur».

Det går an å leva i kvardagen òg. Og for generalprokurøren handla den mykje om økonomi, om statsfinansar, om pengar. Rettesnora – for ikkje å seia nordstjerna – for embetsgjerninga til Falsen var å slå ned på alskens avvik frå både effektivitet og rettferd, lov og føresegn.

Jamvel mindre saker slo han så å seia prinsipiell mynt på. Til dømes var generalprokurøren oppteken av at pengar var og skulle vera einast statlege pengar: «Lov um pengestellet av 14. juni 1816 § 19 og bankfundasjonen av same datum (§ 7) hadde fastsett, og lov um bank- og pengestell av 13. aug. 1818 hadde teke upp att at setlane aat Noregs Bank skulde vera det einaste pengerepræsentativet som gjekk fraa hand til hand og var tvunge betalingsmiddel», for å sitera frå ein lang merknad på side 61 i Indrebø-studien.

Men i røynda var det mange private som slo små pengesetlar som sirkulerte jamsides med dei offisielle, statlege pengane – noko styresmaktene såg gjennom fingrar med i nokre år. I eit brev til Finansdepartementet 20. januar 1823 kravde generalprokurøren lydnad for lova her med. Han la ved to private pengesetlar som døme på pengar han meinte måtte takast ut or omlaup.

I arkivet til generalprokurøren kjem eg over desse setlane, ein 12-skillingssetel og ein 6-skillingssetel som private har slege. Eg ser at dei vart returnerte frå departementet som vedlegg til eit brev dagsett 29. januar 1823 til Hr. General-Procureur Falsen. Commandeur af Nordstjerne-Ordenen.

I det vart den departementale responsen på initiativet til Falsen gjort kjend til «behagelig Underretning»: Same dagen sende Finansdepartementet nemleg ut eit rundskriv om saka og streka under at straffereglane mot det som vel var falskmyntnarar i samtida, for ettertida skulle brukast.

Flest ankepunkt – og tyngst systemkritikk – retta generalprokurøren mot embetsmenn når det galdt sportlar og emolument, altså ymse avgifter i vid meining som futar, sorenskrivarar, lensmenn, underfutar, overformyndarar og andre offentlege tenestemenn, irekna einskilde militære embetsmenn, kravde inn for mykje av.

Dette økonomiske maktmisbruket var omfemnande, særleg «ved skifteforretningar var ervingane utsette for ymis rangferd. Umkostningane kunne skruvast upp paa ulovleg eller misleg vis, so det er imponerande», oppsummerer Indrebø. Falsen gjorde rette departement vis med ulovlege eller urettferdige framgangsmåtar.

Generalprokurøren medverka til eit meir effektivt skattestell òg, i minsto på marginen: Han var oppteken av betre kontroll med skipsoppmåling, slik at staten ikkje skulle snytast for toll; han fekk forbode praksisen med at lensmenn tok inkassosalær ved auksjonar over lausøyre som var utpanta til skattar; han sende, skriv Indrebø, «fyreteljing til Finansdepartementet um at futane ikkje maatte faa serskilt vederlag for aa heimta inn ein liten skatt som tinghaldspengar».

Stundom kara futane nemleg til seg store delar av innkravde skattesummar. Når alt kom til alt, heile det tre år lange generalprokurørembetet sett under eitt: «Som talsmann for aalmugen verka han for at skattane ikkje skulde verta tyngre aa bera enn det var naud paa.»

Indrebø ser ut til å meina at personen Falsen kan henda ikkje var rett mann som generalprokurør: Falsen var visstnok «ein ovleg braalyndt mann»; han hadde, etter det eg les, verken tilstrekkeleg jamvekt, takt eller tolsemd. Same kva må sjølve generalprokurørembetet ha vore takklaust og vanskeleg i seg sjølv. I botn og grunn var det tufta på uttala mistrunad mot heile embetsstanden.

I tillegg fortel kjeldetilfanget til Indrebø om beint fram overveldande tilsynsoppgåver for ein einskildperson. Eit manneliv som generalprokurør på den tida hadde ikkje rokke til for verken ein Herkules eller ein Stakhanov.

Eg meiner nok at arkivet til den fyrste og siste generalprokurøren handlar om meir enn Falsen. Det vitnar om eit fylgjestrengt kritisk blikk på statsstyring i stort og smått. Det strekar under den tidlause trongen for tilsyn med at gjeldande lover og reglar vert fylgde, og oppsyn med misleg åtferd frå styresmaktene.

Og det minner meg om ein moderne, funksjonalistisk kunstinstallasjon med glas, marmor, stål, vatn; – skir estetikk, meir enn tiltalande, eit syn det skal godt gjerast å gløyma.

Morten Søberg

Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i Sparebank 1 og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

På Hjerkinn er skyssdagboka i «Jammerlig Forfatning».

Generalprokurøren medverka til eit meir effektivt skattestell òg.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis